MARITIM

Dei vil hoppe over hybridbåten: Skal segle 3,5 timar berre med batteri

Konkurrerer om tre hurtigbåtruter som skal på anbod i 2020.

Frå venstre teknisk sjef i Fosen Namsos Sjø Joachim Ofstad Ness, ingeniør Håvard Midtgård i Stadt Towing Tank, dagleg leiar i Transportutvikling og prosjektleiar Stig Nerdal, skrogdesigner og sivilingeniør Ola Lilloe-Olsen og dagleg leiar i Stadt Towing Tank Vegard Å. Larssen.
Frå venstre teknisk sjef i Fosen Namsos Sjø Joachim Ofstad Ness, ingeniør Håvard Midtgård i Stadt Towing Tank, dagleg leiar i Transportutvikling og prosjektleiar Stig Nerdal, skrogdesigner og sivilingeniør Ola Lilloe-Olsen og dagleg leiar i Stadt Towing Tank Vegard Å. Larssen. Foto: Jørn-Arne Tomasgard
Jørn-Arne Tomasgard
12. aug. 2019 - 19:01

Narvik-selskapet Transportutvikling har prosjektleiinga for konsortiet som jobbar på oppdrag for Trøndelag fylkeskommune i samband med at dei skal lyse ut tre hurtigbåtruter på anbod i 2020.

Båtane skal inn i rutenettet i 2022. Verksemdene som er med i denne arbeidsgruppa er elles den leiande batteriprodusenten Siemens, Fosen Namsos Sjø som har kontrakt på rutene i dag, det svenske hydrodynamikk-selskapet Profjord, samt lokale Stadt Towing Tank og sivilingeniør Ola Lilloe-Olsen.

Han har base i Hyen, men har jobba med design av skrog i tett samarbeid med Stadt Towing Tank ei årrekke. Lilloe-Olsen har designa fartøyet og utvikla skroget, Stadt Towing Tank gjer testar og verifisering samt utrekningar av modelldata som blir rekna om til full skala.

Ole Arthur Vaage i Ragn Sells og Jarle Ragnhildstveit i Lift Up, Teknisk sett 11. desember 2023.
Les også

Gjør fiskeoppdrett renere – avfall blir til biogass og gjødsel

3,5 times rute

Medan to av rutene er kortare ruter i nærleiken av Trondheim, er den siste ruta Trondheim-Kristiansund. Dette er ei rute på 3,5 time, og det er denne som er den store utfordringa i samband med prosjektet.

Gruppa konkurrerer med fire andre konsortium om å utvikle det beste forslaget.

– Det som er spesielt med vårt forslag, er at vi er det einaste fullelektriske. Medan vi jobbar med batteri, baserer dei andre seg slik vi forstår det på hydrogen, seier Lilloe-Olsen.

Han seier fartøyet dei jobbar med er noko heilt anna enn dei elektriske fartøya som er utvikla for å drive turistskyss i Sogn.

– Dette er «cutting edge» på skrogdesign, utan tvil.

Slik ser ein for seg den elektriske hurtigbåten. <i>Illustrasjon: Konsortiet Transportutvikling</i>
Slik ser ein for seg den elektriske hurtigbåten. Illustrasjon: Konsortiet Transportutvikling

Katamaran

Prosjektet starta i 2017 og dei skal levere inn ein endeleg rapport 1. september. Transportutvikling-konsortiet meiner dei allereie no kan konkludere med at dei har utvikla ein hurtiggåande katamaran som kan gå over lange distansar på batteri.

Visjonen til utviklingsprosjektet er å «initiere utviklinga av ein teknologi som ikkje eksisterer og som industrien ikkje veit om dei får til å levere». Trøndelag fylkeskommune har fått stønad til prosjektet frå Klima- og miljødepartementet.

Ifølgje prosjektleiar Stig Nerdal i Transportutvikling er den samla summen for dei fem prosjekta om lag 10 millionar kroner.

Den elektriske hurtigbåten skal ikkje ladast medan passasjerar må vente, derimot legg ein opp til å skifte batteri ved behov i samband med stopp for å sleppe av og på passasjerar.

– Hurtigbåtar er spesielt energikrevjande sidan dei skal kunne ha med mange passasjerar og i tillegg gå fort. Det er utfordrande å finne nullutsleppsløysingar for ein båt som er så tung, 40 meter lang, går i 32,5 knop med 275 passasjerar. Og på toppen skal han kunne gå lange strekningar, seier dagleg leiar Vegard Å. Larssen i Stadt Towing Tank.

32,5 knop utan bølgjer

Ifølgje gruppa er dette banebrytande arbeid med brei kompetanse samla.

– Modellen er bygd av Easy Form. Vi ser for oss at materialet på skroget skal byggast i avansert kompositt.

Vi får bli med på ein testtur for å sjå skroget bryte gjennom vatnet i 32,5 knop, og vi kan konstatere at påstanden om at det ikkje skaper bølgjer, er sann.

– Også propellsystemet er nyutvikla. Det er eit firemotors anlegg med redundans spesielt tilpassa fartøyet.

Drona har påmontert eit kamera som fangar opp fargar menneskeauga ikkje kan sjå.
Les også

Driv litiumjakt frå himmelen

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.