MINERALER

Driv litiumjakt frå himmelen

Verda har ikkje vunne ut nok litium til det grøne skiftet. Eit prosjekt leia frå UiO har utvikla nye leitemetodar for gruveindustrien.

Måleinstrumentet på nasen av helikopteret er det fyrste slike magnetometeret i Europa og er utvikla av Greenpeg-prosjektet.
Måleinstrumentet på nasen av helikopteret er det fyrste slike magnetometeret i Europa og er utvikla av Greenpeg-prosjektet. Foto: Terratec Geophysical Services
Torstein Helleve, Titan.uio.no
30. mars 2024 - 16:00

Europeisk gruvedrift har vore ein bransje i tilbakegang dei siste tiåra. Opparbeida ekspertise har forvitra og blitt borte, og Europa er ikkje lenger leiande i å finna og utvikla nye funn.

No har ein innsett at det er risikabelt å basera seg på mineral som vert frakta lange avstandar frå gruver andre stader i verda. I det siste har derfor EU satsa mykje på forsking og innovasjon som skal gjera Europa meir sjølvforsynt med viktige materialar som litium. Litium er viktig både i produksjon av batteri og solceller.

Greenpeg er eit slikt innovasjonsprosjekt. Professor Axel Müller ved Naturhistorisk museum på Universitetet i Oslo (UiO) har leia det fireårige prosjektet. Forskarane har utvikla ei verktøykasse for leiting etter pegmatittar som kan innehalda verdifulle metall og mineral.

Fangar opp mange fargar

– Pegmatittar er magmatiske bergartstypar som det finst mykje av i Europa, men som ikkje er nok utforska. Målet vårt er å gjera denne utforskinga enklare for gruveindustrien, seier Müller.

– Verktøykassa vår kombinerer eksisterande leiteteknikkar med tre nye, eigenutvikla instrument.

Drona har påmontert eit kamera som fangar opp fargar menneskeauga ikkje kan sjå. <i>Foto:  Axel Müller</i>
Drona har påmontert eit kamera som fangar opp fargar menneskeauga ikkje kan sjå. Foto:  Axel Müller

Eit instrument dei har utvikla sjølve, er det som heiter ein piezoelektrisk seismograf, som vert brukt for å påvisa pegmatittar i bakken raskt og effektivt. Eit anna er det fyrste europeiske magnetometeret som er utvikla for å monterast på nasen av eit helikopter.

– Det tredje er eit hyperspektralt kamera montert på ei drone. Auga vårt, og tradisjonelle kamera, fangar berre opp primærfargane raudt, gult og grønt og kombinasjonar av desse. Hyperspektrale kamera fangar opp mange fleire fargar, forklarar Müller.

Testa i Irland, Alpane og Tysfjord

– Vårt kamera fangar opp ultrafiolett og infraraudt lys i tillegg til synlege fargar. Bileta gjer oss betre i stand til å studera samansetjinga av bakken. Vi kombinerer våre nye teknikkar med konvensjonelle geofysiske og geokjemiske leitemetodar.

Han forklarar at dei startar på det dei kallar provinsskala, der dei utfører spektralanalyse av satellittbilete. Så zoomar dei inn til distriktsskala og det Müller omtalar som helikoptergeofysikk. Den finaste skalaen kallar dei prospektskala, der utforskinga skjer på bakken og med drone.

– Vi har testa metodane våre i to område som er kjende for å vera rike på litium, det sørlege Leinster i Irland og Wolfsberg i dei austerrikske Alpane. Vi har òg vore i Tysfjord i Nordland og undersøkt for silisium, eit anna viktig materiale i det grøne skiftet, fortel Müller.

Norge er i ferd med å inngå et partnerskap med EU om kritiske råvarer og mineraler. Men avtalen gjelder kun mineraler fra land.
Les også

EU og Norge: Inngår partnerskap om mineraler – men ikke fra havbunnen

Har funne litium i Sverige

– Målet med prosjektet vårt har ikkje vore å finna mineralførekomstar sjølve, men å utvikla metodar som set andre i stand til å gjera slike funn. Derfor var det berre ein morosam bonus at vi i Tysfjord faktisk påviste ein ny førekomst av svært rein kvarts, som inneheld silisium.

Feltarbeid i Tysfjord. Müller i midten i raud bukse. <i>Foto:  Wolfgang Reimer, GKZ Freiberg e.V.</i>
Feltarbeid i Tysfjord. Müller i midten i raud bukse. Foto:  Wolfgang Reimer, GKZ Freiberg e.V.

Prosjektet har vore støtta med 100 millionar kroner i Horizon 2020-midlar frå EU og er no inne i sitt siste år. Müller seier det har vore svært morosamt å leia det som har vore eit av dei største prosjekta ved UiO.

– Det har vore eit innovasjonsprosjekt meir enn eit forskingsprosjekt. Vi har vore 13 partnarar i prosjektet, der ein tredjedel kjem frå akademia, ein tredjedel frå industrien og ein tredjedel frå non-profit-institutt som NGU (Norges geologiske undersøkelse), fortel han.

– Verktøykassa vår er alt teken i bruk. Eit amerikansk selskap som leitar etter litium, har funne ein ny førekomst i Bergby-området i Sverige. Om ikkje lenge vert alt publisert over 400 sider i det vitskaplege tidsskriftet Economic Geology, og kan takast i bruk av den som måtte ynskja det.

Artikkelen ble først publisert på Titan.uio.no

Mona Chanche, driftsdirektør i Kuniko, vil ha statlig mineralselskap etter modell fra Finland.
Les også

Mener statlig selskap kan få fart på utvinning av kritiske mineraler

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.