MARITIM

Cruiseindustrien vil ikkje utvikla null­utslepps­teknologi berre for 2-3 hamner i verdsarv­fjordane

Aurland kommune oppmodar Stortinget om å følgja tilrådinga frå Sjøfartsdirektoratet.

Queen Victoria på veg til kai i Flåm. Ein kan ikkje forventa at cruiseindustrien vil utvikla nullutsleppsteknologi dersom det kravet berre vert fastsett for 2-3 hamner i verdsarvfjordane, skriv ordføraren i Aurland.
Queen Victoria på veg til kai i Flåm. Ein kan ikkje forventa at cruiseindustrien vil utvikla nullutsleppsteknologi dersom det kravet berre vert fastsett for 2-3 hamner i verdsarvfjordane, skriv ordføraren i Aurland. Foto: Tore Stensvold
Trygve Skjerdal, ordførar i Aurland kommune
5. mai 2020 - 15:00

Næringslivet i Aurland omset årleg for over 300 millionar kroner direkte knytt til sjøtransport. Det tilsvarar eit kommunalt årsbudsjett. Det er difor ein trafikk me treng også i framtida, men med mindre utslepp. Aurland kommune vil ha landstraumsanlegg for cruise på plass i 2022. Det føreset sjølvsagt at skipa framleis får høve til å gå inn til Flåm. Vår visjon er nullutslepp både i hamna og for skipa på veg til og frå. Men cruiseindustrien og leverandørindustrien treng tid til å få den nye teknologien på plass. Trafikken må ikkje avviklast sjølv om nullutslepp ikkje fullt ut er på plass i 2026. Aurland kommune ønskjer tett samarbeid mellom styresmaktene, cruiseindustrien og leverandørindustrien for å få fram berekraftige løysingar.

Tilrår å utsette nullutslepp

Stortinget vedtok i 2018 nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026. Sjøfartsdirektoratet har på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet sett på kravet om nullutslepp og på at andre fjordar skal få dei same strenge krava som alt no gjeld for verdsarvfjordane. Direktoratet tilrår no, på basis av grundige utgreiingar, at nullutslepp i verdsarvfjordane vert utsett frå 2026 til 2030, fordi teknologien enno ikkje er klar for store fartøy. Dei tilrår vidare at ein først ser på innføring av strengare krav for alle fjordar.

Ei næringsklynge for miljøvenlege løysingar på Stord, NCE Maritime Cleantech, meiner utsetjing inneber at utvikling av ny teknologi vert sett på vent. Aurland kommune vil at både cruiseindustrien, lokale fartøy og leverandørindustrien skal lukkast med det grøne skiftet. Det krev nært samarbeid og ei realistisk tilnærming til kva ein kan oppnå. Tilrådinga frå Sjøfartsdirektoratet er ein god plattform.

Kan stille strengare krav til mindre fartøy

I mellomtida kan myndigheitene i fellesskap finne løysingar som vil gje miljøeffekt med ein gong. Det teknologiske utgangspunktet syner at det er mogeleg å stille strengare krav til mindre fartøy, medan ein for større fartøy kjem langt ved å krevje landstraumstilkopling. Vidare utvikling for både store og små fartøy fordrar straumtilførsel til Flåm. Ein betydeleg kostnad for eit lite samfunn, men ikkje utanfor rekkevidde. Då er ein heilt avhengig av ein viss tryggleik kring trafikkgrunnlaget framover til å betene den grøne satsinga. Det vil dessutan vere eit godt utgangspunkt for miljøsatsingar også på land i verdsarvdestinasjonen. Ved god dialog mellom lokale og nasjonale myndigheiter kan sentralt regelverk og lokal prisdifferensiering legge til rette for denne utviklinga.

Aurland kommune har heile vegen sagt ja til strengare miljøkrav. Me har, saman med 13 andre cruisekommunar, sagt at dei strenge krava som gjeld for verdsarvfjordane må gjelda for alle. Det vil gje ein langt større miljøeffekt og sikra lik konkurranse. Aurland kommune har planlagt og søkt om støtte til å etablera landstraum, forsynt med klimavennleg elektrisk kraft.

Et nullutslippskrav i verdensarvfjordene i 2026 vil mest sannsynligvis føre til at de største og mest forurensende skipene reiser til andre fjorder eller land, skriver innsender. Illustrasjonsfoto fra Nordfjord.
Les også

– Nullutslippskrav i verdensarvfjordene forutsetter ny teknologi

Krav må vere til fleire enn 2–3 hamner i verdsarvfjordane 

Strengare nasjonale, og gjerne internasjonale, krav er nødvendig for å få rask framdrift i å utvikla ein meir miljøvennleg cruiseindustri. Ein kan ikkje forventa at cruiseindustrien vil utvikla nullutsleppsteknologi dersom det kravet berre vert fastsett for 2-3 hamner i verdsarvfjordane. Aurland kommune ønskjer at ein no set seg høgare mål for klima og miljø. Verdsarvfjordane bidreg gjerne, men den store vinsten kjem når alle blir med.

Aurland har knekt bygdekoden

Aurland kommune er og tydeleg på at me ikkje har råd til store tap i omsetnad og arbeidsplassar. Ifølgje Telemarksforsking har Aurland lukkast med å skapa arbeidsplassar i privat sektor og styrkja attraktiviteten som besøkskommune. Aurland har knekt bygdekoden. Det er me stolte av, og me vil gjerne heva vekstkrafta endå eit hakk. Me er avhengige av fjorden, ikkje minst for logistikkbalanse mellom sjø, bane og veg. Me riggar eit reiseliv etter korona, attraktivt for kundane, bedriftene og lokalsamfunna. I dette biletet høyrer sjøtransporten med, berekraftig både med omsyn til miljø, økonomi og gode bygdesamfunn.

Aurland kommune oppmodar Stortinget om å følgja tilrådinga frå Sjøfartsdirektoratet. Då held ein fast på målet om nullutslepp, at dette vert gjennomført når det er mogleg. Samtidig hevar ein ambisjonsnivået ved å arbeida for strengare nasjonale krav. I mellomtida må me justere allereie innførte krav for å leggje til rette for grøne investeringar for verdsarven allereie no.

Ei bredere bru med økt bæreevne og god tilrettelegging for gående og syklende skal gi bedre fremkommelighet og trafikksikkerhet over Reisaelva i Nordreisa kommune i Troms
Les også

Storslett bru i Troms skal bygges på en fotballbane

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.