ENERGI

Bølgjekraft er «elefanten i energimiksen»

Noreg bør satse på bølgjekraft. Eg har fem gode grunnar.

Noreg søv søtt i timen medan Europa allereie har sett mål om 10 prosent bølgjekraft inn i energimiksen innan 2050, skriv innleggsforfattaren. Biletet er av eit offshore bølgjekraftverk, Havkraft O-klasse.
Noreg søv søtt i timen medan Europa allereie har sett mål om 10 prosent bølgjekraft inn i energimiksen innan 2050, skriv innleggsforfattaren. Biletet er av eit offshore bølgjekraftverk, Havkraft O-klasse. Foto: Havkraft.no

I debatten om framtidas energimiks klarer debattantane det kunststykket å oversjå den største utappa energikjelda vi har: energien frå havbølgjene.

Med dagens utviklingstakt i bølgjekraftbransjen er denne energikjelda det neste store i energibransjen. Bølgjekraft kan ein litt humoristisk seie er den utegløymde «elefanten i rommet» når debatten går om løysingar på ei lang rekke av Europas utfordringar knytt til energitilgang og energikostnader. Ordet «elefant» seier elles noko om at bølgjekraft har ein industriell storleik som det er uheldig ikkje å ta med i planlegginga av framtidas europeiske energisystem.

Noreg søv søtt i timen medan Europa allereie har sett mål om 10 prosent bølgjekraft inn i energimiksen innan 2050. Med tanke på at Noreg ligg langt framme i det teknologiske utviklingsløpet på bølgjekraft, og samstundes har eit stort potensial både på energiutvinning og ikkje minst eksport av norsk bølgjekraftteknologi, er det kanskje på tide å vakne for norske politikarar, norske investorar og norsk industri.

Gamle mytar

Geir Arne Solheim er dagleg leiar i Havkraft AS.
Kva skal til for at Noreg byrjar snakke om «elefanten», spør Geir Arne Solheim, som er dagleg leiar i Havkraft AS. Foto: Frequency.no

«Bølgjekraft vart prøvd på 70- og 80-talet og det gjekk ikkje», høyrer ein stadig frå «ekspertisen» i kommentarfelta på sosiale medium. Diverre har dette inntrykket sett seg fast heilt opp i dei høgste krinsane i politikken og energiselskapa.

Men om ein realitetsorienterer seg litt i bransjen, ser ein at fleire bølgjekraftselskap no går på børs. På den same måten som mobiltelefonar, PC-ar og TV-apparat har utvikla seg sidan det glade 80-talet, har offshorebransjen generelt og bølgjekraftbransjen spesielt gjort det same. No kjem kommersielle bølgjekraftverk på løpande band dei neste åra, og konkurransen mellom selskap, nasjonar og kontinent om å «eige» denne løysinga, er knallhard. USA vil bli best. Kina vil bli best. Europa vil bli best. Og Noreg søv søtt, sjølv om ein per dags dato faktisk er i tet i bransjen.

Les også

Fem gode grunnar

Kva skal så til for at Noreg byrjar snakke om «elefanten»? Jo, når bølgjekraftmaskinene no kjem på plass, må ein forstå «kvifor» Noreg bør satse på bølgjekraft. Eg vil her gje fem gode grunnar:

  1. Bølgjekraft har stor kapasitet: Bølgjekraft har eit globalt potensial på 29.000 TWh, langt meir enn det samla forbruket globalt. I Noreg er det teoretiske potensialet på 600 TWh, medan det mest fornuftige vil vere å installere mellom 50 TWh og 200 TWh. Bølgjekraft løyser altså behovet for ny, naturvennleg og fornybar energi i ein berekraftig energimiks.
  2. Bølgjekraft kompletterer offshore vind: Offshore vind er ei storsatsing i Europa for å sikre uavhengigheit frå fossilt brennstoff. Eit einsidig fokus på vindkraft har vist seg å skape eit energisystem med store svingingar i energiproduksjonen. Ved å samlokalisere meir stabil bølgjekraft med vindkraft, sikrar ein ei betre grunnlast og minskar behovet for bruk av gass og kol.
  3. Bølgjekraft er eit energibatteri: Bølgjekraft er eit arealeffektivt og naturleg batteri med høgkonsentrert sol- og vindenergi. Dette betyr at ein kan redusere behovet for dyr mellomlagring av energi i form av store installasjonar med hydrogen og batteri. I staden kan ein sikre at mellomlagringa av energien blir meir effektiv med ein jamnare produksjon slik at kombinasjonen vind, hydrogen, batteri og bølgjer samla sett utgjer eit ideelt energisystem for Europa.
  4. Bølgjekraft er berekraftig: Bølgjekraft er ikkje berre ein energiteknologi som gjev mykje rein energi, men det har òg ein høg verdi for naturmangfaldet. I framtida må vi bruke minst mogleg naturressursar for å drifte velferda vår, og vi må sikre at dei uttaka vi gjer av naturressursar til energiteknologi blir minst mogleg gjennom at teknologien både varer lenger og kan reparerast og resirkulerast. Bølgjekraft er designa frå botnen av etter «neste praksis»; vi bør lage energisystem i dag som er like aktuelle om 30 år.
  5. Bølgjekraft er ein ny eksportteknologi: Alle nasjonar ønskjer å sikre seg nasjonal industri basert på idear og satsingar innanfor landegrensene. Ein sunn nasjon vil prøve å ha eit eksportoverskot til den store verda utanfor landegrensene, og bølgjekraftverk vil kunne bli ein av dei store eksportprodukta for Noreg i framtida, slik danskane har lukkast med vindmøller, USA med elektronikk og japanarane med bilar.

For mykje om enkeltløysingar

Det som er synd i energidebatten, er at ein fokuserer for mykje på enkeltløysingar, altså silotenking, og ikkje fokuserer nok på systemet. Bølgjekraft inn i systemet er «elefanten» ein ikkje tek opp. Det vil koste mange milliardar kroner for mykje å løyse energisystemet med dagens tenking, og forbrukarane vil sitte att med rekninga. Skal vi ha håp om eit energisystem som både er berekraftig, stabilt og med ein fornuftig kraftpris, må vi tenke nytt med bølgjekraftbatteriet inn i systemet.

Bølgjekraftselskap som Havkraft AS vil bli viktige for Noreg si framtid som energinasjon og industrinasjon. Lat oss snakke om potensialet til «elefanten», og lat oss sikre at «Made in Norway» er noko som betyr noko heilt spesielt i framtida òg. Vi er ikkje ein leiande havnasjon fordi vi har vore pyser!

Les også

Kommentarer:

Vi har byttet system for artikkelkommentarer. For å opprette brukerkonto, registrerer du deg med BankID.