FRA FORSKNING

Billegare laksevaksinar kan gje mindre antibiotikabruk

Bruk av antibiotika til oppdrettslaks vert kraftig redusert når fisken er vaksinert, men vaksinen kan vera kostbar. No arbeider forskarane for å finna ein billegare vaksine mot nokre sjukdomar.

Piscirickettsia er ein type bakterie som gøymer seg inne i sjølve immuncellene til fisken. Det gjer det vanskelegare å utvikla vaksinar mot dei.
Piscirickettsia er ein type bakterie som gøymer seg inne i sjølve immuncellene til fisken. Det gjer det vanskelegare å utvikla vaksinar mot dei. Foto: Peter Whyte, CSIRO/Wikimedia Commons
Torstein Helleve, Titan.uio.no
20. des. 2019 - 17:00

Om ikkje fisk i oppdrettsanlegg står fullt så tett som sild i tønne, er dei like fullt samla i store mengder på ein avgrensa plass. Det skapar gode tilhøve for smittsame sjukdomar.

— Både samfunnet og oppdrettarane ynskjer å halda fisken så frisk som råd. Både av omsyn til velferda til fisken og fordi det er dårleg butikk med for stort svinn i produksjonen, seier professor Hanne C. Winther-Larsen ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo.

Seniorforsker Petter Arnesen i Sintef ser frem til pilotforsøket med veiprising i Oslo og Trondheim til våren.
Les også

Undersøkelse: Teknologiorienterte bilister aksepterer veiprising

Gøymer seg i immuncellene

På 1990-talet kom det gode vaksinar mot ei rekkje sjukdomar hjå oppdrettslaks, noko som førte til ein kraftig og positiv reduksjon av bruken av antibiotika i oppdrettsnæringa. Men det var i Noreg.

— I Chile, som er den nest største lakseprodusenten i verda etter Noreg, går utviklinga i motsett retning. Her aukar bruken for nesten kvart år som går, forklarar Winther-Larsen.

Mykje av årsaka er infeksjonar av bakterien Piscirickettsia salmonis. I Noreg er han nesten ukjend, men i Chile er han utbreidd. Det finst 34 ulike vaksinar mot han på marknaden, men ingen av dei er fullgode.

Piscirickettsia er ein type bakterie som gøymer seg inne i sjølve immuncellene. Det gjer det vanskelegare å utvikla vaksinar mot dei.

Til venstre ser vi at medan antibiotikabruken i Noreg har vore låg heilt frå starten av 90-talet, går utviklinga i Chile i ei anna og uynskt retning. Kjelder: NORM/NORM-VET 2013 og Chilean National Fisheries and Aquaculture Service. <i>Foto: Titan.uio.no</i>
Til venstre ser vi at medan antibiotikabruken i Noreg har vore låg heilt frå starten av 90-talet, går utviklinga i Chile i ei anna og uynskt retning. Kjelder: NORM/NORM-VET 2013 og Chilean National Fisheries and Aquaculture Service. Foto: Titan.uio.no

Uoverkomeleg pris

— Eit norsk selskap har utvikla ein vaksine som fungerer ganske godt, men som må ut til feltet lagra veldig kaldt. Det er tungvint, sjølvsagt, og ikkje minst kostbart.

Pris er nemleg ein vesentleg faktor når nye vaksinar skal utarbeidast. Vi menneske kan punga ut 700 kroner for ein vaksinedose, men oppdrettarar betalar helst ikkje meir enn ei krone per dose til éin fisk — og det er for høgkvalitetsfisk som laks.

For produsentar andre stader på kloden er til og med ein slik pris uoverkomeleg. For fisk som er billegare i produksjon, kan det vera nødvendig med endå lågare doseprisar om oppdrettarane i det heile tatt skal kosta på fisken ein vaksine.

Tidligere statsminister i Italia Enrico Letta og Rådets president Charles Michel presenterte indre marked-rapporten onsdag. Letta tror EU nå er klar for reformer av det indre marked, fordi dette bidrar til å svare på utfordringene fra blant annet USA.
Les også

EU-rapport: Mer energi må flyte over grensene

Pakkepost i bobleplast

Derfor jaktar forskargruppa til Winther-Larsen på billegare og betre vaksinemetodar. Dei fann ein mogleg innfallsvinkel då ein av stipendiatane deira fant nokre rare utvekstar og små posar på utsida av bakterien.

Når dei søkte i tidlegare forsking, fann dei at slike utposingar, kalla vesiklar, blir brukt i ein vaksine mot hjernehinnebetennelse hjå menneske.

— Nesten alle celler sender ut slike vesiklar, små delar av seg sjølv som er bodberarar til andre celler av same type. Eit slags pakkepostsystem til, i dette tilfellet, andre Piscirickettsia-celler. Bakteriane har andre kommunikasjonsformer òg, men vesiklane beskyttar pakken betre. Nærmast som eit lag med bobleplast, seier Winther-Larsen.

Gruppa hennar gav fiskar ein vaksine som bestod av desse vesiklane. Dei testa fyrst på sebrafisk i laboratoriet, med gode resultat.

— Det er mykje billegare, og mindre plasskrevjande, å bruka sebrafisk i eksperimenta. Men det liknar på mange måtar på å forska på medisin for menneske. Sjølv om det fungerer på mus i laboratoriet, er det ikkje sikkert ein får same effekten når ein byter organisme, seier Winther-Larsen.

Ideell dosering

Og det var akkurat det som skjedde med Piscirickettsia-vaksinen. Då gruppa testa vaksinen på laks, var det langt vanskelegare å tolka resultata.

— Fyrst var det jo på eitt vis litt nedstemmande at vaksinen vår ikkje gav positiv effekt med ein gong. Denne teknologien verkar jo på mus, menneske og sebrafisk.

— Men for oss vitskapsfolk er det kjempespennande å jobba vidare med. Kvifor er resultata annleis hjå laks enn hjå sebrafisk? Ligg årsaka i sjølve sjukdommen? Er det sider ved immunforsvaret til laksen som er grunnen? For oss er det spørsmåla som vi ikkje har svar på enno, som er det spennande.

— Men vi har òg funne at verken låge eller høge dosar har særleg effekt, den ideelle doseringa ser ut til å vera ein stad i midten. Det gjev oss eit utgangspunkt som vi går vidare med. Den riktige løysinga ligg nok ikkje så veldig langt borte, seier Winther-Larsen.

Denne artikkelen ble først publisert på Titan.uio.no.

Advokat i Abelia, Tore Frellumstad
Les også

Du og jeg bruker 130.000 årlig på offentlige anskaffelser – konkurransen fungerer ikke

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.