DEBATT: Vindkraft

Vindkraft senkar kraftprisen

Rask utbygging av vindkraft, har redusert kraftprisen i det såkalte NO3-området, som strekker seg fra Sognefjorden og nordover til Trøndelag, mener Erik Espeset i Tafjord kraft.

30 prosent av kraftforsyningen i NO3-området, som strekker seg frå Sognefjorden og nordover til Trøndelag, kommer i dag fra vindkraft.
30 prosent av kraftforsyningen i NO3-området, som strekker seg frå Sognefjorden og nordover til Trøndelag, kommer i dag fra vindkraft. (Foto: Fred. Olsen Renewables)

Rask utbygging av vindkraft, har redusert kraftprisen i det såkalte NO3-området, som strekker seg fra Sognefjorden og nordover til Trøndelag, mener Erik Espeset i Tafjord kraft.

  • energi

Dette debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Debattinnlegg kan sendes til nettdesk@tu.no

Bergensområdet har i heile 2021 hatt nesten høgst kraftpris i Noreg. Energitidsskriftet Europower publiserte 5. januar i år ein gjennomgang av kva som skapte dei store skilnadane i kraftpris mellom dei ulike prisområda i 2021.

NO3-området strekker seg frå Sognefjorden og nordover til og med Trøndelag. Den gjennomsnittlege spotprisen i vårt område for 2021 var på 0,42 kr/kWh. I studien blir det godt dokumentert at vi har låg pris i NO3 fordi vi har så stort innslag av vindkraft hjå oss. I NO3 utgjer vindkraft heile 30 prosent av den samla installerte kapasiteten.

NO5-området utgjer i hovudsak Vestland fylke sør for Sognefjorden. Den gjennomsnittlege spotprisen for NO5-området for 2021 var på 0,76 kr/kWh. Dette er 80 prosent høgre enn i NO3.

For 10 år sidan var situasjonen ein heilt annan. Då hadde vi ikkje vindkraft, NO3 var eit underskotsområde for kraft, og vi hadde høgre prisar enn i Bergen.

Den store utbygginga av vindkraft i vårt område dei seinare åra har snudd om på dette. Samstundes har det ikkje blitt bygd eit einaste vindkraftverk i NO5.

I den overoppheta vindkraftdebatten som vi har hatt dei siste åra, har det blitt hevda at kostnaden for vindkraft er altfor høg og at vanlege straumkundar subsidiar vindkraftprodusentane.

Dei som framleis hevdar dette, bør samanlikne straumrekninga til ein husstand i Bergen med ein tilsvarande i Ålesund. Dersom det er nokon som har kostnader med vindkraft, så er det oss vasskraftprodusentar i NO3-området som får mykje mindre betalt for krafta enn for eksempel Eviny (tidlegare BKK).

Dette var lenge før nokon andre større norske byar. De gjennomfører også ei ambisiøs satsing på kollektivtrafikk. Slik framtidsretta tenking om å ta ansvar sjølv bør ein også ha for fornybar energi.

Vestland fylke treng mykje ny fornybar kraft til å gjennomføre det grøne skiftet i åra som kjem. Det vil vere stor risiko å satse på at alt skal kome gjennom at Statnett bygger linjer inn frå andre delar av landet og frå vindkraft i havet.

Vestland fylke bør også stille areal sør for Sognefjorden til disposisjon for utbygging av landbasert vindkraft. Dette er den rimelegaste storskala forma for fornybar energi i dag.

Eg har alltid hatt stor respekt for bergensarane. I Ålesund betaler vi utruleg nok framleis ikkje bompengar. Men i Bergen var de dei første som forstod at dersom ikkje problema med privatbilismen blir løyst, så kjem byen til å bli kvelt, og de innførte bompengar tidleg på 1980-talet. 

Innlegget har tidligere stått på trykk i Bergens Tidende.

Les også

Kommentarer (10)

Kommentarer (10)

Eksklusivt for digitale abonnenter

På forsiden nå