ARKIVNYHETER

Vegopning av halve Vossapakko

Frå venstre ordførar i Granvin, Ingebjørg Winjum, statsråd Magnhild Meltveit Kleppa og ordførar i Voss, Hans Erik Ringkjøp.
Frå venstre ordførar i Granvin, Ingebjørg Winjum, statsråd Magnhild Meltveit Kleppa og ordførar i Voss, Hans Erik Ringkjøp. Bilde: Jarle Skoglund
22. des. 2011 - 13:17

-Eg kjem til å sakne Skjervet, sa ein lokal tungbilsjåfør som aldri hadde hatt problem med denne utfordrande strekninga. Men han innrømte at det var andre som fekk problem, og når han møtte dei, vart problemet også hans ¿



Musikk og song

Voss skulemusikk hadde til og med tatt med drillkorpset, og spelte så det ljoma nedetter i tunnelen. Det vart gjerne kaldt i drilluniformen, sjølv om viftene i tunnelen var regulerte til minimal fart så det ikkje skulle verte for mykje trekk. Og ungane frå Granvin kulturskule varma forsamlinga med song. Ola Tveiten sto mellom anna på programmet, naturlegvis med lokal vri; ¿ kan du be dei dra til Voss¿ song ungane.



Mimring om Vossapakko

For å få fram litt av historikken bak “pakko” inviterte prosjektleiar Lars Magnar Røneid tidlegare vegsjef i Hordaland Ole Christian Torpp opp på scena saman med dei tre daverande ordførarane i Granvin, Voss og Vik. Men det er lenge sidan 2002, da dei sto på som verst for å finansiere tiltaka, og ikkje alle kjende seg igjen i historia, så her vart mykje morskap. Men Bjørn Christensen (Voss) hugsa garantert at vegadministrasjonen var minst 100% med på laget.



Grunneigarar og entreprenørar vart óg intervjua om anleggstid og vegarbeid like utanfor stovedøra. –Når folk har spurt kvar eg bur, har eg sagt at eg bur i ein steinhaug, sa Jan Olav Folkedal. Men han har tålt det bra, og tatt det greitt.



Leiv Livik frå Veidekke seier han føler dei forlét anlegget med ei god kjensle og at dei kan vere stolte av resultatet. –Mange trur at vi som landsdekkande entreprenør kjem ut i distrikta og reiser tilbake med alle pengane i eiga lomme, sa Livik. Men når det gjeld desse delprosjekta syner det seg at ca. 30 % av omsetnaden er brukt på lokale innkløp og lokale entreprenørar. Dei vart halvannan månad forseinka i starten grunna 30 minusgrader og maskiner og utstyr som fraus til is. Men smarte løysingar til anleggsdrift har gjort at vi i dag kan opne eit halvt år før tida, og har pengar att “på bok”, noko som kjem resten av pakko til gode.



Oddvar Hamre frå Berthelsen og Garpestad innrømmer at det er tøft for ein jærbu å arbeide i 30 minusgrader. –Men det har vore triveleg å jobbe her, med godt forhold til folk og vegnaboar. Om lag halvparten av daganlegga er utført av lokale entreprenørar.


Artikkelen fortsetter etter annonsen
annonse
Innovasjon Norge
Trer frem med omstilling som innstilling
Trer frem med omstilling som innstilling

Firmaet til Tom Staurbakk frå Bodø har hatt elektroarbeidet. –Vi har fått gjort mykje av jobben vår i fred og under tak inne i tunnelen, seier Staurbakk. Men dei merka sjølvsagt véret på uteanlegga.

Talar og helsingar

Fylkesmann Lars Sponheim gler seg til å ta Tunsbergtunnelen og nyvegen mellom Mønshaug og Palmafoss i bruk. Som vekependlar og delvis dagpendlar i 30 år tykkjer han det kar skjedd svært mykje positivt i vegsektoren i området. Men har han fått nok av Skjervet, spesielt på vinterstid, og gler seg til statsråden skal kutte snora.



Regionvegsjef Helge Eidsnes er stolt av å kunne opne eit nytt veganlegg der trafikktryggleik og estetikk er vektlagt. Revisjon av reguleringsplanane vart gjort med tanke på trafikksikkerheit, og fleire potensielle risikopunkt vart justert. –Her har dessutan vore fokusert på Helse Miljø og Sikkerheit i anleggsperioden, sa han. Det har resultert i at 200 000 arbeidstimar er gjennomført med berre éin skade med fråver. Det var ein sjåfør som vrikka ankelen da han skulle hoppe ut av førarhuset på lastebilen.



Ordførarane Hans Erik Ringkjøp (Voss) og Ingebjørg Winjum (Granvin) set stor pris på kortare og tryggare veg og veit at dette vil knyte kommunane enda tettare saman. Noko som får mykje å seie for transport, næring og arbeidsmarknad. Dette vil bety ein ny kvardag for folk flest. No kan syklistane få boltre seg i Skjervet, og turistane kan få beundre Skjervefossen i fred.



Statsråd Kleppa hugsa da Vossapakko vart lagt fram for Stortinget, for denne dagen var ho vikar for samferdsleminister Liv Signe Navarsete. –Og at eg skulle få kome hit og opne denne vegen i dag, var ikkje i mine tankar da, sa ho. Bidrag frå fellesskapet og lokale eldsjeler er viktig for å få prosjekt gjennomført. Ho mana trafikantane t til å køyre med vet, og lova at Jobergtunnelen (vidareføring med lengre tunnel frå Seim forbi eit rasområde ved Granvinsvatnet i retning sør) skulle kome i neste NTP. Da fekk ho applaus.



Skjervet ADJØ

Etter at statsråden hadde kutta snora og festlyden hadde prøvekjørt Tunsbergtunnelen og opp Skjervet i retning Vossevangen, vart Skjervet vinterstengd. Her vil verte opent på sommarstid. Prosjektleiar Lars Magnar Røneid skal no sette saman ei arbeidsgruppe – gjerne saman med Turistvegprosjektet, for å finne høvelege tiltak i Skjervet for turistar. Til dette har han 15 mill. kroner.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.