ARKIVNYHETER

Tilrår løysingar på kort og lang sikt for E39

22. nov. 2011 - 12:47

Tysdag overleverte Statens vegvesen rapporten frå arbeidet med konseptvalutgreiing(KVU) på E39 Skei-Ålesund, samt to andre KVU-rapportar og eit overbygningsdokument til statsråd Magnhild Meltveit Kleppa. Overrekkinga fann stad på ein pressekonferanse i Ørsta.



Skei-Volda

I første omgang vert det i rapporten tilrådd betre ferjefrekvens på sambandet Anda – Lote, med vekt på 20 minutt dagfrekvens. Dette vil auke kapasiteten utan behov for større ferjer/ferjekaiar, men det må setjast inn ei ekstra ferje.

Konsept SV-K10 vert tilrådd som den langsiktige løysinga for Skei – Volda. På kort sikt kan dette kombinerast med fleire byggesteg som inngår i den langsiktige løysinga.

Første byggesteg vil vera fullføring av Olden – Innvik og tunnel Utvikfjellet for å eliminera trafikkproblema her etter at Kvivsvegen opnar. Resten av strekninga Innvik – Stryn – Svarstad har ein vegstandard som er akseptabel for ein noko lenger periode.

Andre byggesteg bør vera tunnel Kjøs - Grodås. Denne inngår i den langsiktige løysinga, og vil vera særleg nyttig for tungtransporten.



Bru ved Svarstad

Tredje byggesteg bør vera bru ved Svarstad og tilstøytande veg/tunnel i nord og sør. Tiltaket kortar inn reisetida på E39 med 35 minutt i forhold til å køyra rundt fjorden i Stryn.

– Dette konseptet gjev 70 minutt innsparing i reisetid Skei – Volda, med ei investering på 4,5 mrd. kr. Det kjem best ut når det gjeld samfunnsøkonomiske verknader, og konseptet vil gi ei alternativ rute aust-vest i periodar med dårleg vinterregularitet på Strynefjellet, seier Kjell Kvåle, prosjektleiar for KVU Skei-Ålesund.



Volda – Ålesund

I første omgang vert det tilrådd betre ferjefrekvens på sambandet Festøy – Solevåg, med vekt på 20 minutt dagfrekvens. Dette vil auke kapasiteten utan behov for større ferjer/ferjekaiar, men fleire ferjer må setjast inn.

Strekninga mellom Volda og Ålesund omfattar konsept som er utfordrande når det gjeld teknologi og risikovurderingar. Det har ikkje vore tilstrekkeleg kunnskapsgrunnlag og avklaringar for å konkludera, og Vegvesenet tilrår difor oppfølgjande planlegging og utviklingsarbeid.

Det er likevel grunnlag for å tilrå eit første byggesteg i form av konsept VÅ – K4, med bru/tunnel Ytre Ørstafjord.

- Dette konseptet vil ha nytte for andre konsept, slik at det langsiktige konseptvalet ikkje vert bunde opp, seier Kvåle.

I første omgang er det påkravd å byggje tunnelen ved Volda sentrum. Denne kan kombinerast med kryssinga av Ørstafjorden som eit rimeleg stort tiltak.

- Konseptet gir trafikkavlasting for Ørsta sentrum, og 15 minutt innspart reisetid Volda – Ålesund. I tillegg vil auka ferjefrekvens gje 5 minutt innspart ventetid på ferje, seier Kvåle.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.