DEBATT

Strengare krav til skipsfarten

Skipsfartens transportarbeid skal ha minst 40 prosent lågare klimautslepp i 2030 samanlikna med 2008. Det har medlemslanda i den internasjonale sjøfartsorganisasjonen IMO bestemt. På det siste møtet i november kom dei også fram til korleis dette skal gjerast.

Vi er godt i gang med å gjennomføra tiltak for ei halvering av klimautslepp frå innanriks skipsfart innan 2030. Regjeringa sin politikk har sørga for at nullutsleppsløysingar som batteridrift og hydrogendrift har gått frå utopi til industri, skriv klimaminister Sveinung Rotevatn (V).
Vi er godt i gang med å gjennomføra tiltak for ei halvering av klimautslepp frå innanriks skipsfart innan 2030. Regjeringa sin politikk har sørga for at nullutsleppsløysingar som batteridrift og hydrogendrift har gått frå utopi til industri, skriv klimaminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Ole Berg-Rusten, NTB
Sveinung Rotevatn (V), klima- og miljøminister
25. nov. 2020 - 12:00

Eg høyrer allereie dei som seier at dette er for lite og for seint. Eg er einig, vi må vidare.

Regjeringa si tydlege haldning er at vi skal vera ein pådrivar for strenge globale krav for skipsfarten. Mi oppgåve er å omsetje haldning til handling. Dette forhandlingsresultatet gir handling, og det etablerer eit rammeverk til å ta neste steg. Truleg kan dei nye krava ha verknad frå 2023, og landa har bestemt ein revisjon med mogleg styrking av regelverket i 2026.

Ein teknisk kontroll

Mange av oss køyrer bil. Eg skal prøve å omsetje kva enkelte delar av forhandlingsresultatet for skipsfarten ville ha betydd for deg om skipet var ein bil.

Enkelt forklart ville dette bety at du måtte hatt bilen din til ein teknisk kontroll av kor energieffektiv han er. Er du utanfor standarden, ville du til dømes måtte justere kraftuttaket på motoren din slik at du ikkje kunne ha køyrd så fort ut av lyskryss eller i motbakke. Det gir lågare forbruk av drivstoff.

I tillegg måtte du ha levert ein utsleppsrapport for kvart år. Dersom du er utanfor standarden for det årlege transportarbeidet du utfører, vil myndigheitene krevje ei innskjerping med ein konkret plan for korleis du skulle hente inn det tapte.

Vi ville også forlangt ein treårig plan for at dei årlege utsleppa dine er i tråd med krava. Norske myndigheiter ville hatt ei plikt til å handheve dette regelverket, og full rett til å kontrollere alle utanlandske bilar som kjem til Noreg. Dersom du skulle ta deg ein køyretur til Sverige eller heilt til Kina, så ville svenske eller kinesiske styresmakter ha rett til å kontrollere deg og handheve reglane.

Halvere utslepp innan 2030

Arbeidet Noreg legg ned i IMO går inn i ein kraftfull heilskap for grøn skipsfart. Vi er godt i gang med å gjennomføra tiltak for ei halvering av klimautslepp frå innanriks skipsfart innan 2030. Regjeringa sin politikk har sørga for at nullutsleppsløysingar som batteridrift og hydrogendrift har gått frå utopi til industri.

Regjeringa sin kommande klimaplan vil vidareutvikle ein offensiv politikk for grøn skipsfart. Det kuttar utsleppa våre, og det banar veg for ny teknologi og løysingar i skipsfarten. Verda treng gode norske løysingar. Vi skal jobbe vidare med å skape eit globalt rammeverk i IMO som gir marknad for ein grøn, norsk, maritim industri framover.

Forhandlingsresultatet er eit lyspunkt i eit år som har blitt heilt annleis enn vi trudde då vi gjekk inn i 2020. Verda kjempar ein hard kamp mot ein pandemi som grip langt inn liv, helse og økonomisk tryggleik for svært mange menneskje og land. Fleire globale klima- og miljøforhandlingar strevar med framdrift og å etablere gode møteplassar. EU har allereie varsla gjennom Green Deal tiltak for skipsfarten, og Noreg skal vere ein aktiv pådrivar for at tiltaka skal styrke ei omlegging til grøn skipsfart.

At vi no har fått eit resultat gjennom virtuell globale forhandlingar i IMO er eit teikn på at det finst vilje — ikkje motvilje.

Vi har lagt lista høgt i arbeidet vårt. Dersom ein skal hoppe over, så må ein ha eit godt grunnlag for satsen. Utfallet av IMO-forhandlingane i november styrkjer dette grunnlaget.

Les også

Konkurransetilsynet: Tala sin tale kan avsløre prissamarbeid

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.