Seksjonen Fra forskning består av saker som er skrevet av ansatte i Forskningsrådet, Sintef, NTNU, Cicero, Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø, Universitetet i Sørøst-Norge og NMBU.

Medisin av kalkun

Restar av kalkun kan bli råstoff til medisin

Kalkunversjonen av proteinet kollagen kan bli grunnlag for nye legemiddel. Nyttig råstoff ligg att når resten av fuglen er på veg til julebordet.

Kollagen frå kalkun har eigenskapar som gjer at det eignar seg godt som utgangspunkt for legemiddel til menneske.
Kollagen frå kalkun har eigenskapar som gjer at det eignar seg godt som utgangspunkt for legemiddel til menneske. (Foto: Colourbox)

Kalkunversjonen av proteinet kollagen kan bli grunnlag for nye legemiddel. Nyttig råstoff ligg att når resten av fuglen er på veg til julebordet.

  • Medisin

Mange vil helst tenkja minst mogleg på det, men det er ikkje til å koma frå at julemiddagen ein gong har vore levande. Mange omtalar restane etter slaktinga som avfall, men Krister Gjestvang Grønlien nektar å høyra på det øyret.

– Avfall er noko vi kastar bort, noko vi kvittar oss med. Men ein del av det som ikkje kan brukast til mat, vert alt brukt som råstoff, mellom anna til dyrefor og biodrivstoff, seier Grønlien.

Han disputerer for doktorgraden ved Farmasøytisk institutt ved Universitetet i Oslo i juni. Prosjektet hans har utgangspunkt i ein førespurnad frå Norilia, eit dotterselskap av matprodusenten Nortura.

Kartla eigenskapane

– Norilia si oppgåve er å undersøkja moglege nye bruksområde for restråstoff frå mellom anna kalkun. Kontakten mellom dei og instituttet kom gjennom tidlegare professor Jan Karlsen, som var ein av veiledarane mine i starten av prosjektet, men som seinare dessverre har gått bort, fortel Grønlien.

Grønlien og kollegaene konsentrerte seg om senane, som ein ofte kan sjå restar av når ein kjøper kalkun- eller kyllingfilet på butikken. Mykje av restråstoffet inneheld kollagen, som er det vanlegaste proteinet hjå menneske og dyr og som er kjend for å ha nyttige farmasøytiske og biomedisinske eigenskapar.

– Kalkunsenane inneheld nesten berre kollagen. Det fyrste vi gjorde, var å karakterisera dette spesielle kollagenet, altså kartleggja kva eigenskapar det har, forklarar Grønlien.

Kroppstemperaturen til fisken

– Vi fann at det var type 1 og type 3, som gjer at det har lett for å danna fibrar. I tillegg var det svært interessant at det hadde ein høg denatureringstemperatur, som det heiter.

Denatureringstemperaturen fortel kor mykje varme kollagenet toler før det begynner å bli bråte ned. Det har betydning for kva det kan brukast til i farmasien.

– Det er forska ein del på kollagen frå fisk. Men dei vert gjerne brotne ned rundt kroppstemperaturen til fisken, mellom 20 og 30 grader. Slikt kollagen er utfordrande å bruka på menneskehud, sidan ho ligg rundt 32 grader, seier Grønlien.

Les også

Trekkjer fram berekraft

– Kollagenet frå kalkun toler derimot opp til 44,5 grader, slik at det med god margin kan brukast av menneske utan å bli brote ned. Det er typisk at kollagen frå fuglar har høg denatureringstemperatur, men at han skulle vera så høg som dette hjå kalkun, overraska oss, sidan vi er dei fyrste som har karakterisert kalkunkollagen.

Det er òg forska på kollagen frå restråstoff av storfe, men det har den ubehagelege eigenskapen at det potensielt kan overføra BSE, eller kugalskap som vi kjenner det betre som. Dette er ikkje eit problem med kalkunar.

– Med det utgangspunktet har vi utvikla og testa ulike prototypar for medisinske produkt. Det er spesielt tre område vi ser stort potensiale innan: sårlækjing, dyrking av vev, og det som på godt norsk heiter «drug delivery», altså korleis eit farmasøytisk verkestoff vert transportert til staden i kroppen der det skal gjera nytte, fortel han.

– Det står att mykje utforsking før vi har ferdige produkt her. Men det som eg gjerne vil trekkja fram som viktig for oss om arbeidet vårt så langt, er at det har vore berekraftig.

Ressursar som ville gått til spille

Han fortel at når dei har framstilt prototypane sine, har dei brukt naturlege løysemiddel. Kryssbindarane dei har brukt, tilsetjingsstoff som skal gjera kollagenet sterkare, har òg vore naturlege.

– I den fyrste artikkelen vår brukte vi vitamin B2, som andre har brukt tidlegare. I den siste brukte vi eit anna, men den er ikkje publisert endå, så det får du ikkje skriva om, smiler han løyndomsfullt.

FN sine berekraftsmål vart ikkje nemnde i den fyrste prosjektbeskrivinga deira, fortel han. Men etter kvart som prosjektet har skride fram, har berekraftsmåla vorte stadig meir sentrale i samfunnsdebatten, og no synest han det er heilt naturleg å knyta dei til arbeidet sitt.

– Det mest relevante er målet om ansvarleg bruk og forbruk, ved at vi gjer oss nytte av ressursar som elles ville ha gått til spille. Men det har naturlegvis òg samanheng med målet om betre helse, og i tillegg har det ein klimaeffekt, slår han fast.

Artikkelen ble først publisert på Titan.uio.no

Les også

Kommentarer (2)

Kommentarer (2)

Eksklusivt for digitale abonnenter

På forsiden nå