Navnestrid: Olje- og energiminister Ola Borten Moe vil ha kontrollen over navnsetting på petroleumsfelt selv. (Bilde: Håkon Jacobsen)

Ny navneliste til ingen nytte

  • Olje og gass

Noe av det første Ola Borten Moe gjorde da han overtok som olje- og energiminister var å innføre en ny navnepolitikk på sokkelen.

Moe ville at store norske petroleumsfelt skulle ha navn som symboliserte betydningen av petroleumsressursene.

Les mer: Endrer navnepolitikken for sokkelen

Språkrådet: Oljefelt heter ikke Harry Potter

Kranglet med direktoratet

Oljedirektoratet, som har hatt ansvaret for navnsettingen på sokkelen, reagerte kraftig på overkjørselen frå ministeren.

Det hele endte med at Moe ga navneansvaret til Olje- og energidepartementet.

Nylig satt han ned en ekspertgruppe som skal utarbeide en ny navnepolitikk.

Ny liste

Likevel har OD bedt Språkrådet om å utarbeide en ny navneliste for petroleumsfelt basert på norrøne navn. Men direktoratet hevder at det respekterer at Borten Moe ikke ønsker å bruke navnelisten.

– Språk og navn engasjerer mange nordmenn, også oss i Oljedirektoratet. Når nå departementet nedsetter en egen gruppe til å bistå, så respekterer vi selvsagt det. Det er resultatet som teller. Og aller viktigst er maksimal utvinning fra disse feltene, til det beste for hele nasjonen, sier pressetalsmann i OD, Bjørn Rasen.

– Hvorvidt listen blir brukt eller ikke, overlater vi til departementets nye navneråd å ta stilling til, understreker han.

Trenger flere navn

Norsk språkråd og OD utarbeidet på 1980-tallet en navneliste som oljeselskapene kunne velge nye feltnavn fra.

Mange av navnene på listen er tatt i bruk, og det trengs nye navn å velge mellom.

Krokrygg og tanngrisne

Den nye listen fra Språkrådet inneholder navn fra norrøn mytologi og historiske namn fra vikingtiden og middelalderen.

Den kunne gitt mange spenstige navn på olje- og gassfelt på norsk sokkel. Noen av de litt mer spesielle navnene er Ratatosk, Tanngrisne, Krokrygg, Krøkedans og Leggbit.

Det spørs om Borten Moe ville akseptert at Statoil og Lundin gikk inn for å kalle det gigantiske Aldous/Avaldsnes-funnet for Ratatosk, som for øvrig er et ekorn som holder til i Yggdrasil-treet.

Det springer med bud mellom ormen under røttene og ørnen i toppen av treet.

Oljedirektoratet: Vil ikke ha ny navnepolitikk på sokkelen

Borten Moe: Gir ikke opp Sverdrup

Språkrådet fraråder heltenavn på oljefelt

Her er et utdrag fra den nye navnelisten til Språkrådet (på nynorsk).

1) Namn frå norrøn mytologi

a) Namn på gudar, jotnar osv.

  • Alvrigg er ein av dvergane som smidde smykket Brisingamen. Frøya kjøpte smykket og betalte med å liggja med dei fire dvergane som laga det.
  • Andrimne er kokken i Valhall. Han kokar grisen Særimne i kjelen Eldrimne kvar dag.
  • Aurgjelme er rimtussane sitt namn på jotunen Yme, den første skapningen.
  • Bure er jotunen som kom fram då urkua Audhumla slikka salt frå ein stein. Bure er far til Bor, som er far til Odin.
  • Byggve (av ’bygg’ (kornsorten)) er ein av tenestefolka til Frøy.
  • Bylgja er dotter av Rån og Æge, sjå Rån.
  • Bøyla (av eit ord for ku ’baula’) er ei fjøskone, ei av tenestefolka til Frøy.
  • Båra, Drovn og Duva er døtrer av Rån og Æge, sjå Rån.
  • Fenja er ei gyger, som saman med Menja mol med kverna Grotte. Først mol dei gull for kong Frode, men så kom sjøkongen Mysing og drap Frode. Han sette Fenja og Menja til å mala salt. Til slutt hadde dei male så mykje at båten sokk, og difor er havet salt.
  • Fenre, eller Fenresulven, er eit avkom av Loke. Han vart så stor at æsene ville binda han. Fenre kravde at Ty skulle leggja handa i ulvekjeften, som garanti for at dei ikkje skulle lura han. Men ulven vart lurt, og Fenre beit av handa til Ty. I Ragnarok kjem Fenre seg laus og drep Odin, før han sjølv blir drepen av Vidar.
  • Fimafeng (’ein som skaffar mykje’) er ein av Æge sine tenarar. Han vart drepen av Loke, og det var opphavet til ei stor trette blant gudane, skildra i diktet Lokasenna, som enda med at Loke vart bunden, og skal liggja slik til Ragnarok.




b) Namn på dyr i mytologien

  • Allsvinn er ein av hestane som dreg vogna med sola over himmelen.
  • Audhumla, urkua, vart til då rimet frå Nivlheim møtte varmen frå Muspelheim i Ginnungagap. Jotunen Yme levde av mjølk frå denne kua. Ho sleikte salt frå ein stein, og or den steinen kom Bure fram, far til Bor, som var far til Odin.
  • Aurvandil var gift med volva Groa. Tor bar han ein gong i ein meis på ryggen. Den eine tåa stakk ut og fraus til is. Tor braut ho av og kasta ho opp på himmelen, der ho vart til ei stjerne. (Stjerna «Aurvandils tå» er vanlegvis knytt til stjernebiletet Orion.)
  • Dunøyr er namnet på ein av hjortane som gneg i borken på verdstreet, Yggdrasil.
  • Eiktyrne er ein hjort som står på taket av Valhall og et av greinene på eit tre som gror der. Frå hornet hans dryp det vatn ned til brunnen Kvergjelme.
  • Garm er ein hund som står i band ved Gnipahellaren og vaktar inngangen til dødsriket Hel. Han skal varsla Ragnarok med å gøy, slita seg og kjempa mot Ty.
  • Gyllenkam er hanen til gudane. Han har ein kam av gull. Han gjel for å vekkja einherjane til strid i Ragnarok.
  • Tanngrisne (’ein som flekkjer tenner’) er ein av bukkane som trekkjer vogna til Tor.
  • Årvak er ein av hestane som dreg sola over himmelen.




c) Namn på gjenstandar

  • Draupne er ein gullring som nokre dvergar smidde til Odin. Kvar niande natt dryp det åtte like dyrebare ringar av han.
  • Eldrimne er kjelen i Valhall som kokken Andrimne kokar grisen Særimne i.
  • Gleipne er namnet på den lenkja som bind fast Fenresulven. Skirne fekk laga denne sterke lenkja av lyden av kattepotar, kvinneskjegg, bergrøter, bjørnesener, fiskeande og fuglespytt, og det er forklaringa på at alle desse tinga ikkje finst meir.
  • Sessrymne (’som rommar mange’) er anten namnet på eit skip eller namnet på hallen til Frøya i Folkvang.
  • Skidbladne er skipet til Frøy. Det rommar alle æsene og har alltid medvind. Det kan faldast saman som eit tørkle og leggjast i lomma. (Same namn som Skibladner.)
  • Svalin er eit skjold som står framfor sola, så det ikkje skal bli så heitt på jorda.




d) Namn på mytologiske stader

  • Barre er namnet på lunden der jotunkvinna Gerd avtalte å møta Frøy tre dagar etter at Frøy fridde til ho.
  • Bivrost er namnet på regnbogen, brua over himmelen. Ved enden av Bivrost bur Heimdall, som held vakt, så ikkje rimtussar og bergrisar skal komma seg over til Åsgard.
  • Breidablik er staden der Balder bur. Det er ein svært vakker stad. (Same namn som Breidablikk.)
  • Byrge er ein brønn der dei to borna Bil og Hjuke heldt til. Dei vart tekne opp av Måne, og har følgt han sidan. (Borna er tolka som Saturn og Jupiter, som ofte er synlege ved månen.)
  • Elivåg er ei elv av eiter som vart skapt då isen frå Nivlheim smelta i varmen frå Muspell. Varmen frå Muspell gjorde det mogeleg for levande skapningar å bli til der.
  • Fensal (’myrsalar’) er heimen til Frigg.
  • Folkvang er bustaden til Frøya.
  • Gladsheim er ein sal i Valhall. Der har Odin og dei mest vørde gudane høgsete.
  • Yggdrasil er namnet på verdstreet. Det er ein eviggrøn ask med greiner som breier seg ut over heile verda. Menneska bur under ei av røtene.




e) Typenamn

  • Dis er samleomgrep for kvinnelege vesen i mytologien.
  • Gyger er eit omgrep brukt om jotunkvinner.
  • Rise: ’jotun’. Eit anna ord er bergrise.
  • Skjoldmøy er ei våpenfør kvinne.
  • Valkyrje: ’ei som vel mellom falne i strid’. Valkyrjer er kvinner som Odin sender for å avgjera kven som skal sigra, og kven som skal døy i strid. Dei ber òg fram mat i Valhall. I heltediktinga er valkyrjer nemnde, men då som skjoldmøyar.




f) Odins-namn

Odin har svært mange namn. Dette er eit utval som kan høva i denne samanhengen.

  • Fjolne ’ein som er vis’
  • Ganglere ’vandringsmannen’
  • Gissur ’ein som gjettar’
  • Golne ’sterk lyd, brak’
  • Grimne ’maskekledd’
  • Hildolv ’stridsulv’
  • Hårbard ’ein med grått skjegg’
  • Jormun ’mektig mann’
  • Langbard ’ein med langt skjegg’
  • Sigty ’gud som gjev siger’
  • Vegtam ’ein som er van til å reisa’
  • Vidre ’vêrguden’