MARITIM

Nullutsleppskrav om seks år hjelper ikkje verdsarvfjordane

Eit krav om nullutslepp berre i verdsarvfjordane frå 2026, slik Stortinget overraskande vedtok 3. mai 2018, reddar ikkje miljøet.

Den hybrid-elektriske båten «Vision of the Fjords» kom i 2016,  heilelektriske «Future of the Fjords» i 2018  og begge fartøy opererer på strekninga Flåm-Gudvangen
Den hybrid-elektriske båten «Vision of the Fjords» kom i 2016, heilelektriske «Future of the Fjords» i 2018 og begge fartøy opererer på strekninga Flåm-Gudvangen Foto: Tore Stensvold
Ingrid Lydvo, direktør berekraft og forretningsutvikling i Flåm AS
14. mai 2020 - 11:00

Teknisk Ukeblad har lege i forkant i rapporteringa rundt saka, og kunne 29. april melde at Sjøfartsdirektoratet vil utsette og ha like reglar for alle fjordar innan 2030. Det er ei klok vurdering.

Klima- og miljødirektoratet bad i fjor Sjøfartsdirektoratet om å vurdere konsekvensane av å stille krav  om nullutslepp i verdsarvfjordane frå 2026. I konsekvensanalysen tilrår Sjøfartsdirektoratet å utvida tidshorisont for nullutslepp frå 2026 til 2030.

Vil gå andre stader

Eit totalforbod i 2026 gjer at cruiseskip vil gå til andre nærliggande fjordar som Vik og Eidfjord og såleis vert det ingen miljøgevinst. I tillegg vil det føra til betrakteleg auka i bussaktivitet for å koma til indrefileten i Flåm. Samla sett vil det gi auka utslepp av klimagassar.

Eit einsidig forbod som berre gjeld verdsarvfjordane frå 2026 vil gjere at inntektene forsvinn i reisemål som Flåm og Geiranger fordi det på så kort tid ikkje vil vere teknologi som gjer cruiseskip utsleppsfrie. Dette er inntekter som i dag går til investering i nettopp miljøtiltak.

Ingrid Lydvo, direktør berekraft og forretningsutvikling i Flåm AS
Ingrid Lydvo, direktør berekraft og forretningsutvikling i Flåm AS

Cruise er også ein sentral del av inntektsgrunnlaget for næringslivet i Flåm. Flåm AS har gått i front for grøn utvikling og har strategisk retta oss etter overordna klimamål og visjonen om nullutslepp. På lik linje ynskjer vi at cruise og skipsfart skal vera grøn, men 2026 vert såleis eit sidespor. Eit forbod i to fjordar gjer ikkje at cruiseindustrien vert nullutslepp.

Vil ha grøne skip og landstraum

Vi vil ha fjordar med grøne skip og jobbar aktivt for å få på plass landstraum i Flåm. Aurland Hamnevesen har sendt søknad om støtte til Enova. Aurland Hamnevesen har også frå 1. januar 2020 innført EPI (Environmental Port Index), eit miljørekneskap som favoriserer dei grøne og mest miljøvenlege skipa. Vi samarbeider med cruisereiarlag som ligg i front innan grøn teknologi og det er allereie innført strenge krav (Tier), mellom anna knytt til innhald av svovel i drivstoff, NOx, utslepp av kloakk og gråvatn i verdsarvfjordane. Kravet vert ytterlegare skjerpa i 2025 og det vil ytterlegare skrelle vekk «miljøverstingane».

Reiseliv er ei svært viktig og framtidsretta næring for Noreg og behovet for å avgrensa klimautslepp  er viktig i utviklinga og profesjonaliseringa av reiselivsnæringa. I Flåm jobbar vi svært tett og aktivt med utfordingane knytt til landtransport, sjøfart, cruise, infrastruktur og fornuftig distribusjon av gjester i eit sårbart og utsett område i Verdsarven.

Elise Caspersen er fagansvarlig for maritim i Miljøstiftelsen Zero.
Les også

Det handler om Norges omdømme, Andreas Bjelland Eriksen

I juni kjem heilelektrisk båt nr 3

Flåm AS har vist sterk vilje og evne til investering i berekraftig teknologisk utvikling, mellom anna gjennom dotterselskapet The Fjords og utvikling av elektriske sightseeingbåtar bygd hjå Brødrene Aa. Den hybrid-elektriske båten «Vision of the Fjords» kom i 2016,  heilelektriske «Future of the Fjords» i 2018  og begge fartøy opererer på strekninga Flåm-Gudvangen i Verdsarven. Vår tredje heilelektriske båt «Legacy of the Fjords» er venta levert og i operasjonell drift i Oslo-bassenget primo juni 2020.

Flåmsbana – ei av verdas vakraste jernbanestrekningar (dotterselskap Flåm Utvikling) går på fornybar energi og fraktar nær 1 mill. passasjerar i året. I samarbeid med Vygruppen førebur vi investering i nytt vognmateriell som skal sikre eit oppdatert, innovativt og berekraftig produkt på den ikoniske bana.

Vi har bygd ny parkeringsplass i Flåm med 30 nye ladepunkt for elbilar. Som ein naturleg del av berekraftsprosjektet vårt «Visjon Nullutslepp» skal all tilknytt bussaktivitet vera nullutslepp innan 2023. Samla sett utgjer dette investeringar i milliardklassen. Dette er berre starten for å rigge eit godt framtidsretta, berekraftig reiseliv.

Driv fram elektrifiseringa sjølve

I tilknyting til våre elektriske fartøy har vi etablert ein større elektrisk ladehub, Powerdock. Den tek i mot kloakk, og eit slikt system er grunnlag for både deling og utvikling av sirkulær økonomi i framtida, der lokale næringslivsaktørar kan kople seg på (elektriske ribb-båtar) samt eit mottaksapparat for matavfall og slam med moglegheit for å produsere nye energiformer.

Barnesjukdomar oppstår alltid i høve ny teknologiutvikling, det har vi sjølve erfart

Den grøne utviklinga i Flåm med elektrifisering har vi sjølve drive fram, og ikkje etter myndigheitskrav.

Då Vision of the Fjords vart bygd og sett i drift i 2016 var det ei krevjande øving å få eit regelverk på plass, her fekk The Fjords god hjelp av DNVGL. Nye teknologiformer krev implementering, testing og utvikling av tilhøyrande regelverk. Barnesjukdomar oppstår alltid i høve ny teknologiutvikling, det har vi sjølve erfart.

Tilrådinga frå Sjøfartsdirektoratet er i takt med overordna klimamål (2030) og at det vert eit allmenngyldig regelverk for alle norske fjordar slik at miljøgevinsten vert størst og konsekvensane minst mogleg konkurransevridande.

Løysinga er at alle fjordar får nullutsleppskrav i 2030, og at kravet om nullutslepp i verdsarvfjordar i 2026 ikkje vert vedteke. Dette er ikkje miljøfiendtleg. Tvert om er det den løysinga som raskast gjev oss reine fjordar.

Drona har påmontert eit kamera som fangar opp fargar menneskeauga ikkje kan sjå.
Les også

Driv litiumjakt frå himmelen

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.