DEBATT

Norsk kjernekraft er ein dårleg idé

Europa treng kjernekraft, men ikkje Noreg. Vi har verken tid, kunnskap eller behov.

Elias Eide, stortingsvara for Høgre og sivilingeniørstudent i Energi og miljø.
Elias Eide, stortingsvara for Høgre og sivilingeniørstudent i Energi og miljø. Foto: Pressefoto
Elias Eide (H), stortingsvara og sivilingeniørstudent
5. aug. 2022 - 09:00

Det moderne Noreg er bygd på energiressursane våre. I over hundre år har vasskrafta sørga for verdiskaping, arbeidsplassar, lys og varme over heile landet. For ikkje å snakke om olje- og gassnæringa som har skapt den unike velferdsstaten vår. Dette bør halde fram. Og eg trur vi kan slå fast at energi er vår viktigaste framtidsnæring.

Den viktigaste langsiktige løysinga på dagens straumkrise er å bygge meir fornybar energi. Å bygge kjernekraft i Noreg er teoretisk mogleg. Det er likevel mange grunnar til at vi bør la vere.

Noregs siste reaktorsjef, Ole Reistad, sa det ganske tydeleg i eit intervju til TU i april: «Vi har hverken kompetansen, menneskene, lovverket, eller industrien som skal til for å bygge kommersielle kjernekraft i Norge nå». Dei få fagmiljøa vi hadde blir no bygd ned, og det vil ta fleire tiår å bygge å bygge dei opp att. Den tida har vi ikkje.

Akkurat no brukar Noreg over 20 milliardar kroner på å rydde opp etter fortidas atomeksperiment. Årsaka til nedbygginga er at teknologien ikkje lenger er framtidsretta. Sjølve arbeidet med å rydde opp er venta å ta mellom 50 og 60 år. Det er brei semje på Stortinget å prioritere midlar til dette.

Oppryddinga vil derimot ikkje skape ein einaste ny arbeidsplass, kutte eit einaste tonn CO2, eller produsere ein einaste kilowattime med fornybar straum. Til samanlikning nyttar staten kring 17 milliardar kroner på Langskip, prosjektet med karbonfangst og lagring. Prosjektet som i beste fall kan føre til at vi kan lagre 1000 år med norske utslepp, eller alle EU sine utslepp i 50 år på sokkelen vår.

Det er ikkje berre nedbygging av kjernekraft som er dyrt. Finnland opna i år eit nytt kjernekraftverk, 13 år forseinka og med ein prislapp på 110 milliardar kroner. Storbritannia er i gang med bygging av eit nytt anlegg, der nærmar prisen seg 300 milliardar kroner. Dette svarar til over fire norske forsvarsbudsjett.

Ein viktig skilnad mellom kjernekraft og fornybar energi er at det ikkje finst private investorar i kjernekraft på same måte som i fornybart. Hadde det vore lønnsamt hadde private investorar investert for lenge sidan. Eit norsk kjernekraftverk må fullfinansierast av norske skattebetalarar.

Vi bør ikkje vere prinsipielle i klima- og energidebatten. Og det er bra vi no er i gang med å diskutere reelle alternativ og tiltak framfor å konkurrere om kven som er mest mot vindturbinar, avgifter eller samarbeid. Eg vil likevel bli overraska om nordmenn som har rasa mot vindturbinar plutseleg skal ønske kjernekraftverk og avfallsdeponi velkomne i sine nærområde. Det blir nok endå ein debatt der ein peikar på kvarandre.

Likevel er det liten tvil om at Europa treng kjernekraft, og vi bør diskutere korleis vi kan bidra til dette internasjonalt. Dei som likevel vil ivre for norsk kjernekraft bør også vere med å fortelje kor vi skal ta dei hundrevis av milliardane frå statsbudsjettet. Sjølv ikkje Noreg har uavgrensa med midlar og det bør ikkje berre vere politikarane sin jobb å prioritere.

Jonas Nøland Kristiansen og Martin Hjelmeland deltok på Atoms4 NetZeros møte i Wien i oktober og hadde møte med konsulentene i Rystad Energy om kjernekraft da de kom hjem 13. oktober.
Les også

Forsker: Ville kalt rapporten om kjernekraft «et makkverk»

Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.