ARKIVNYHETER

Lite ekstra til veg i Revidert nasjonalbudsjett

Jarle Skoglund
15. mai 2008 - 10:37

Dei som hadde håpa på ei ekstra pott til mellom anna asfalt ved revideringa av nasjonalbudsjettet, vert nok skuffa over at Regjeringa ikke ville satse meir på veg i denne omgang.

Regjeringa gjer framlegg om at løyvingane til kjøp av riksvegferjetenester i 2008 skal aukast med i alt 115 millionar kroner. — Framlegget frå regjeringa om tilleggsløyving til kjøp av riksvegferjetenester er med på å sikre eit godt rutetilbod på ferjestrekningar langs heile kysten. Framlegget har særleg samanheng med at det har vore ein sterk kostnadsvekst i riksvegferjedrifta. Tilleggsløyvinga vil dermed vere med på å halde kostnadene nede for brukarane, seier samferdselsministeren.



Bompenger til kollektivtransport

Innføringa av ei ny bompengeordning for Oslo-området - Oslopakke 3 trinn 1 - vil i år gi samla meirinntekter på 310 millionar kroner. Dette går fram av ei orientering som er tatt inn i forslaget til revidert statsbudsjett for 2008.

Desse meirinntektene har for det første samanheng med at det frå 1. juli blir sett i verk eit nytt takstsystem i den eksisterande bomringen. I tillegg kjem auka bompengeinntekter som følgje av at ein frå 1. oktober i år kan starte innkrevjing på nye bompengestasjonar på grensa mellom kommunane Oslo og Bærum.

Meirinntektene på 310 millionar kroner frå bompengeinnkrevjinga i 2008 skal fordelast slik:

  • 85 millionar kroner vil bli overført til Ruter AS for å styrkje kollektivtilbodet i Oslo og Akershus. I hovudsak vil desse midlane bli brukte til å auke tilbodet på T-banen i Oslo og til å auke busstilbodet i Akershus og mellom Oslo og Akershus, i tråd med lokalpolitiske prioriteringar.
  • 60 millionar kroner skal nyttast til reinvesteringar i infrastrukturen for T-banen i Oslo.
  • 15 millionar kroner går til planlegging av prosjekt i Oslopakke 3, det vil seie veg- og kollektivprosjekt i Oslo-området.
Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.