1000 km ny asfalt i 2011

  • arkivnyheter

Regjeringa føreslår å løyva i alt nær 15,1 milliardar kroner til vegføremål i 2011.





Dette er ein auke på vel 1,5 milliardar kroner eller 11,2 prosent, når ein ser bort frå at det for 2010 er ei eingongsløyving på 500 millionar kroner i samband med overføring av delar av riksvegnettet til fylkeskommunane. Samanlikna med løyvingsnivået i 2005, målt i 2011-kroner, er dette ein auke på 6,84 milliardar kroner eller 43,9 prosent. Ein har då tatt omsyn til overføringa av delar av riksvegnettet til fylkeskommunane i samband med forvaltningsreforma.





3,5 millardar kroner i bompengemidlar

I tillegg til løyvingane over statsbudsjettet kjem snaut 3,5 millardar kroner i bompengemidlar til investeringstiltak innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen.





Den føreslåtte løyvinga på vel 15,1, mi1liardar kroner til vegføremål er fordelt slik:





  • 7,2 milliardar koner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald – ein auke på vel 990 millionar kroner eller 16 prosent.
  • 6,8 milliardar kroner til investeringar , som omfattar investeringar på riksvegnettet, og statlege midlar til rassikring på riksveg- og fylkesvegnettet.
  • 446,4 millionar kroner til statleg kjøp av riksvegferjetenester
  • 443 millionar kroner ”Vederlag for OPS-prosjekt” (årleg godtgjersle for tre gjennomførte utbyggingar etter modellen ”offentleg-privat-samarbeid)
  • 103,8 millionar kroner til ”Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka”




Vedlikehald: Aukar med 60 prosent





Den føreslåtte løyvinga på 7, 2 milliardar kroner til trafikktilsyn, drift og vedlikehald er ein auke på 991,5 millionar kroner eller 16 prosent frå 2010. Denne auken medverkar til at ein, basert på gjeldande berekningsmodellar, vil stansa veksten i forfallet av vegkapitalen.





Til drift og vedlikehald er det avsett til saman om lag 5 milliardar kroner, ein auke på omkring 880 millionar kroner eller 21,1 prosent.





Til vedlikehald skal det nyttast om lag 1,55 milliardar kroner. Dette er ein auke på 580 millionar kroner eller 60 prosent. Løyvinga fører mellom anna til at det i 2011 kan leggjast om lag 1000 kilometer nytt vegdekke med asfalt.





Veksten i løyvingane til drift og vedlikehald har samanheng med store behov som følgje av etterslep i vedlikehaldet, kostnadsauke for driftskontraktar utover generell prisstiging, trafikkauke og nye veganlegg.





Statlege løyvingar til veginvesteringar : Vel 6,9 milliardar kroner





I alt 6,92 milliardar kroner er føreslått som statlege løyvingar til veginvesteringar, medrekna rassikringsmidlar til både riksveg- og fylkesvegnettet. Dette er ein auke på 444 millionar kroner eller 6,9 prosent , samanlikna med saldert budsjett 2010.





Beløpet omfattar ordinære riksveginvesteringar og særlege budsjettpostar for rassikring (medrekna fylkesvegnettet), utbygging av E16 over Filefjell, utbygging på E6 vest for Alta og E18-utbygginga i Bjørvika i Oslo.





I tillegg kjem om lag 3,45 milliardar kroner i bompengar som går til investeringstiltak innanfor ansvarsområdet til Statens vegvesen.