Debatt

Elbilar kan produserast utan at me dumpar gruveavfall i sjø

Nikkel, koppar, litium, kobolt og grafitt er nokre av materiala som blir brukte i batteri til elbilar. Mange gruveselskap vil levere desse materiala, men etter press frå kundane, stiller bilprodusentar nye og strengare krav til korleis batteria blir produserte.

Tesla har nyleg forsterka miljøkrava til dei som skal levere material til batteriproduksjon, skriv innsendarane.
Tesla har nyleg forsterka miljøkrava til dei som skal levere material til batteriproduksjon, skriv innsendarane. Foto: Eirik Helland Urke
Ingvild Fonn Asmervik og Mads Løkeland-Stai, Naturvernforbundet
11. jan. 2021 - 13:00

Dette debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Innlegg kan sendes til debatt@tu.no.

Produsentane godtek ikkje lenger at materiala har blitt vinna ut på naturen si rekning, og mange vil ikkje handle med gruveselskap som bruker sjødeponi. Norske selskap som ønskjer å levere material til elektrifisering, eller sjølv produsere batteri, bør merke seg denne internasjonale utviklinga.

Vil vite kvar metallet kjem frå

Det finske gruveselskapet Terrafame, satsar på å setja opp verdas største fabrikk for produksjon av nikkel til batteri i 2021, og direktør Joni Lukkaroinen sa nyleg: «Kundane er vil ha berekraft. Det er årsaka til at elektrifiseringa skyt fart. Europeiske kundar vil vite kvar metallet kjem frå, og korleis det blir vunne ut – ikkje barnearbeid, ikkje sjødeponi – kundane seier klårt nei til slikt.»

Industri- og gruveselskapet Eramet, som har tre smelteverk i Noreg, skal produsere nikkel frå ei ny gruve i Indonesia, og avviser å dumpe gruveavfallet i sjø. Miljødirektør Samuel Dufay uttalte nyleg: «Dette er ein gamal praksis frå den industrielle revolusjonens tid på 1800-talet, ein æra me trudde var forbi. Den finst likevel også i dag, i 15 av verdas 2.500 gruver. Det er ikkje til å tru at nokre gruveselskap vurderer å bruke dette i prosjekt som skal levere til produksjon av elektriske bilar. Eramet har teke ei klår og fasta haldning, me vil ikkje bruke denne teknikken.»

Bør svarteliste sjødeponi

Til EU-kommisjonen skriv Eramet at sjødeponi bør bli svartelista: «Using this solution would damage the efforts made to ensure the greening of the whole battery supply-chain, hence it must be blacklisted.»

Bilprodusenten BMW slutta seg i år til IRMA, eit system for miljøstandardar i gruvedrift, som mellom anna ikkje aksepterer dumping av gruveavfall i sjø. Tesla har nyleg forsterka miljøkrava til dei som skal levere material til batteriproduksjon, og ikkje lenge etter Teslas utspel, trekte eit kinesisk selskap søknaden om dumping av avfall i sjø frå ei ny indonesisk nikkelgruve.

Et sjeldent skyfritt bilde av Island, tatt i 2010. Det store hvite området er en nasjonalpark som omfatter Vatnajökull – Europas største isbre – og omkringliggende land. Den hvite, runde flekken i midten av landet er Hofsjökull, landets tredje største isbre og den største aktive vulkanen.
Les også:

Smeltende isbreer øker tapet av ferskvann og hever globale havnivåer

På tide med norsk forbod mot dumping

I Noreg er det fleire selskap som planlegg å starte produksjon av batteri eller å levere material til produksjon av elbilar og andre område for elektrifisering. Den internasjonale utviklinga tyder på at også dei norske selskapa bør halda seg langt unna material produsert i gruver der gruveavfallet blir dumpa i sjø, eller ved bruk av andre metodar med stor skade på miljø eller brot på menneskerettar. Dette bør investorar merke seg.

Me minner om vedtaket på den internasjonale naturvernkongressen i 2016 (IUCN): «Ber alle statar å forby deponering av gruveavfall i sjø for nye gruver så snart som mogleg, og å planleggja ein stopp for pågåande sjødeponi.» I 2019 la Chile ned forbod mot dumping etter 2023. No er det på tide at også Noreg følgjer opp, for ikkje å koma heilt i utakt med internasjonal utvikling.

Dette er Heggmoen Campsite. Oppgaven fra Bodø friluftsavdeling var å lage et bygg som ga beskyttelse mot vær og vind og samtidig ga utsikt til naturen omkring og slapp inn dagslys i «tilfluktsrommet». Heggmoen er et badested med sandstrender, der det grunne elvevannet blir ganske varmt om sommeren. Men resten av året er klimaet arktisk og røft.
Les også:

Studentprosjekt fungerer som arkitektkontor

Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.