Klima

Satellittbilete viser korleis stormar skadar skogen

Ekstremvêr gjer nordiske skogar stadig meir sårbare. Men satellittbilete, vêrmodellar og maskinlæring kan brukast til å kartleggje og føreseie skadar – heilt ned til det enkelte treet.

Skogforvaltninga treng betre verktøy i møte med eit klima i endring. Med satellittbilete, vêrmodellar og maskinlæring kan ein kartleggje og føreseie skadar frå vind og snø, viser ny forsking.
Skogforvaltninga treng betre verktøy i møte med eit klima i endring. Med satellittbilete, vêrmodellar og maskinlæring kan ein kartleggje og føreseie skadar frå vind og snø, viser ny forsking. Foto: Colourbox
Cathrine Glosli, Norges miljø- og biovitenskapelige universitet
22. nov. 2025 - 11:44

Seksjonen Fra forskning består av saker som er skrevet av ansatte i Sintef, NTNU, Universitetet i Oslo, Oslo Met, Universitetet i Agder, UiT Norges arktiske universitet, Universitetet i Sørøst-Norge og NMBU.

Nordiske skogar er under press. Ikkje berre frå hogst og arealbruk, men frå vêret sjølv. Stormar og tung snø gjer stadig større skade, og klimaendringar gjer det vanskelegare å føreseie når og kvar det skjer.

– Klimaendringane gjer skogskadar meir uforutsigbare. Difor treng vi betre verktøy for å forstå kvar og når skogen er mest utsett, seier Peter Zubkov, doktorgradskandidat ved NMBU – Noregs miljø- og biovitskaplege universitet.

I doktorgraden sin har han utvikla nye metodar for å kartleggje og føreseie skogskadar med hjelp frå satellittar, vêrmodellar og kunstig intelligens.

Skogskadar som kostar

Målingar av vindfall er overraskande presise sjølv under krevjande vintertilhøve, seier Peter Zubkov. Foto:  Karl Jørgen Marthinsen/NMBU
Målingar av vindfall er overraskande presise sjølv under krevjande vintertilhøve, seier Peter Zubkov. Foto:  Karl Jørgen Marthinsen/NMBU

Stormar og snøfall er ein del av livet i nordiske skogar, men dei siste tiåra har skadane auka. I Noreg har fleire snøfall dei siste åra ført til omfattande skadar på gran og furu. I 2021 vart Sør-Aurdal råka av ein kraftig storm som felte over to millionar kubikkmeter skog. Slike hendingar gjev store økonomiske tap, både for skogeigarar og samfunnet. I tillegg kan skadane føre til barkebilleangrep og auka brannfare.

Og ekstremvêret Amy i oktober 2025 skada skog i 107 kommunar, skriv NTB. Det er truleg skadar for over 1 milliard kroner fordelt på 1,5 millioner kubikkmeter skog.

– Skogskadar som følgje av ekstremvêr er ikkje berre eit økonomisk problem. Dei kan òg svekkje skogen sin evne til å lagre karbon og dermed påverke klimamåla, seier Zubkov.

Satellittbilete som verktøy

Resultata til Zubkov viser at satellittbilete med svært høg oppløysing kan brukast til å kartleggje stormskadar i skog. Ved å samanlikne bilete tekne før og etter ein storm, kan forskarane sjå kvar tre har falle, rett og slett ved å måle endringar i høgda på tretoppane. Metoden fungerer best i tett skog og gjev påliteleg informasjon sjølv under vintertilhøve med snø og låg sol.

– Stereosatellittbilete gjev overraskande presise målingar av vindfall, sjølv under krevjande vintertilhøve, kommenterer han.

Ein stereosatellitt er ein satellitt som kan ta to bilete av same område frå ulike vinklar. Desse bileta vert brukte til å lage tredimensjonale modellar av terrenget eller skogkroner.

Snøskadar på enkelttrær

Zubkov har utvikla ein modell som reknar ut kor mykje snø eit tre toler før det knekk. Modellen brukar vêrdata og informasjon om treet si høgd, diameter og kroneform. Ved å kople dette med snømengda som faktisk har lagt seg i tretoppane, kan forskarane berekne sannsynet for skade.

– Modellen gjev eit intuitivt risikobilete basert på enkle tredata og vêrprognosar. Han kan brukast direkte i scenarioanalysar for skogforvaltning, seier han.

Når vinden kjem ovanfrå

Zubkov har òg undersøkt ein type vindskade som tradisjonelle modellar ikkje fangar opp: fjellbølgjer. Dette er kraftige luftstraumar som oppstår når vind møter fjell og dannar turbulens og vertikal luftbevegelse. Under stormen i 2021 var det nettopp slike bølgjer som førte til omfattande skogskadar i Hedalen.

– Det var ikkje skogen sin struktur som avgjorde skadeomfanget, men atmosfæren sin lagdeling og vertikal luftstraum. Det viser at vi må tenkje meir heilskapleg og inkludere landskap og topografi, ikkje berre tre, seier han.

Rask oversikt

Forskinga til Zubkov gjev konkrete verktøy for å handtere skogskadar i eit klima i endring. Kartlegging med satellittbilete kan gje rask oversikt etter stormar.

Modellen for snøskadar kan brukast til å planleggje skogbruk som reduserer risiko.

Analysen av fjellbølgjer viser at forvaltninga må tenkje landskap og topografi når ho vurderer risiko for vindskadar.

– Vi treng beslutningsstøtte som kombinerer satellittdata, vêrmodellar og treet sine mekaniske eigenskapar. Berre då kan vi forvalte skogen proaktivt i møte med eit meir ekstremt klima, seier han.

Artikkelen ble først publisert på NMBU.no

EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen garanterte i april at Noreg skulle forbli ein del av det indre marknaden. No får Noreg og statsminister Jonas Gahr Støre garantiar om at tollen på ferrolegeringar var eit enkelttilfelle. Diverre er det berre ord, skriv Senterpartiets parlamentariske nestleiar.
Debatt

Å la seg herse med

Kommentarer
Du må være innlogget hos Ifrågasätt for å kommentere. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto. Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn.