Poenget med mottiltak er å vise at det får konsekvensar for EU å skyve frå seg sine næraste allierte, samstundes som det aukar kostnaden for EU om dei skulle gjenta sine ukloke handlingar.
I sin første reaksjon på at EU innførte toll på ferrolegeringar, i strid med EØS-avtalen, skuldar Viseth nærast Noreg generelt, og Senterpartiet spesielt, for å vere årsaka til at vi ikkje unngjekk å bli råka av EUs tiltak. I tillegg blir Sp skulda for å vere for denne typen politikk. Det er heilt bakvendt.
Skulle berre mangle

At det er mange rettsakter som ikkje er avklara for å takast inn i EØS-avtalen (eller «etterslepet» blant EU-venner) skal ha ført til at EU bryt sine forpliktingar mot Noreg, er ingen formildande omstende. Det finst eigne prosedyrar for å handtere utfordringar med reservasjon eller der EU opplever det som vanskeleg med Noregs tidsbruk i EØS-avtalen. Dei seier at det ikkje skal ha noko påverknad for avtalen elles. Både regjeringa og kommisjonen har kommunisert at det ikkje har hatt noko påverknad overhovud. Det skulle berre mangle.
Uavgrensa marknadstilgang på industrivarer er ein rett i EØS-avtalen, ikkje ein vilkårlegheit. At dette overhovud er ein debatt, fører berre til å svekke Noregs posisjon i Brussel.
Tvert om
Så stemmer det ikkje at EU no fører Senterparti-politikk. Vi vernar norsk landbruk med toll. Det er heilt rett. På same måte vernar EU sin fiskeforedlingsindustri (og landbruk, for så vidt). Det er med i EØS-avtalen, og sjølv om det er bittert for norske eksportørar og europeiske forbrukarar, er det ikkje noko brot på avtalen at vi har det slik.
Det EU gjer no, har vi aldri teke til orde for. Snarare tvert imot sto Sp i spissen for å seie nei til auka toll på elbilar så seint som i fjor. I motsetnad til EU innfører ikkje Noreg ekstraordinær toll, inkludert beskyttingstoll eller «global safeguards», som det heiter i WTO. Den politikken støttar Sp opp om.
Det viktigaste punktet
EØS-avtalen har som kjent mange nedsider. Desse skulle rettferdiggjere at vi fekk uovertruffen marknadstilgang. Sidan vi påtok oss ekstraordinære forpliktingar ingen andre måtte godta for å selje til EU, skulle vi få ekstraordinær marknadstilgang.


Vi har hatt tollfridom på industrivarer med EU begge vegar sidan 1973. No har EU brote dette aller viktigaste punktet i våre handelsforbindelsar. EØS-avtalen gir oss berre ordinær marknadstilgang med ekstraordinære forpliktingar.
Som Viseth peikar på i sin andre kommentar, er det potensielt meir på trappene. Hennar blikk vender umiddelbart mot ein tollunion eller medlemskap, noko det er langt frå dei påkravde tre fjerdedels fleirtal for i inneverande storting. Alternativet er å vise at det har ein kostnad å bryte avtalar. Senterpartiet ønskjer ikkje å utsetje norsk industri for tollsjokk ved å innføre toll mot EU. Vi vil heller skåne skattebetalarar og strømkundar ved å fryse EØS-midla og avgrense eksporten av straum.
I april garanterte kommisjonspresident Ursula von der Leyen at Noreg skulle forbli ein del av det indre marknaden. No får vi igjen garantiar om at det var eit enkelttilfelle. Diverre er det berre ord, men vi kan sørgje for at Kommisjonen skjønar at dei ikkje kan bryte lovnader og avtalar utan at det får tydelege konsekvensar. Å ikkje innføre mottiltak er naivt. Fool me once, shame on you. Fool me twice, shame on me.

Norge får unntak fra EUs nye ståltoll



