Debatt

Ny batteriforskrift med kurs mot skjærene

Sjøfartsdirektoratet har føreslått eit nytt regelverk for batteri på skip som kan få alvorlege følgjer for det grøne skiftet til sjøs. Me oppfordrar direktoratet til å ta ein fot i bakken og gå i tettare dialog med næringa.

Desse planlagte batteriskipa frå Eitzen Avanti skal frakte containere mellom Norge, Sverige og Tyskland. Dei vil få batteripakker på over 100 MWh og kan bli verdas største batteridrevne containerskip. Maritime Cleantech er bekymra for ei ny forskrift om bruk av batteri om bord i skip.
Desse planlagte batteriskipa frå Eitzen Avanti skal frakte containere mellom Norge, Sverige og Tyskland. Dei vil få batteripakker på over 100 MWh og kan bli verdas største batteridrevne containerskip. Maritime Cleantech er bekymra for ei ny forskrift om bruk av batteri om bord i skip. Illustrasjon: Naval Dynamics
Reber Iversen, prosjektleder, og Øystein Huglen, innovasjonsdirektør, Maritime Cleantech
7. aug. 2025 - 12:02

Dette debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Innlegg kan sendes til debatt@tu.no.

Norsk maritim næring har i ei årrekke vore i front globalt innan utvikling og bruk av batteriteknologi. Dette har vore mogleg gjennom tett samarbeid mellom reiarlag, leverandørar, styresmakter og forskingsmiljø – og har gitt Noreg både eksport og ein unik posisjon som føregangsland i det grøne skiftet til sjøs.

Difor er det med uro me no ser forslaget til ny forskrift om bruk av batteri om bord i skip, lagt fram av Sjøfartsdirektoratet. Intensjonen om å styrke tryggleiken deler me fullt ut. Likevel meiner me at både prosessen og fleire av dei konkrete føreslåtte krava skaper utfordringar som må løysast før forskrifta kan innførast.

Ikkje invitert inn

Reber Iversen og Øystein Huglen i Maritime Cleantech. Foto:  Maritime Cleantech
Reber Iversen og Øystein Huglen i Maritime Cleantech. Foto:  Maritime Cleantech

Forskrifta er omfattande, teknisk detaljert og vil få stor praktisk betydning – ikkje berre for nye fartøy, men også for eksisterande og kontraherte fartøy. Likevel har det ikkje vore gjennomført ein open og inkluderande prosess i forkant. Næringa har ikkje blitt invitert inn til dialog eller samarbeid i utviklinga av forslaget.

Dette skapar uvisse og gjer det vanskeleg for aktørar å ta gode og trygge avgjerder knytt til investeringar og teknologival. For ei næring som er i rask utvikling, og som i stor grad driv fram innovasjon og ny teknologi, er føreseielege rammevilkår heilt avgjerande.

Me forstår at dette berre er eit høyringsforslag og at ein gjer endringar i tråd med høyringsinnspel. Likevel skapar intensjonen og prosessen stor usikkerheit.

Sikkerheit og samarbeid

Sikkerheit har alltid vore førsteprioritet i maritim sektor – og det gjeld sjølvsagt òg for bruk av batterisystem. Det finst i dag solide internasjonale standardar og klassereglar som regulerer trygg drift, og desse blir allereie følgt av norske aktørar. Moderne løysingar for overvaking og automatisert risikohandtering er tekne i bruk i stor skala, og erfaringane er gode.

Me meiner derfor at vidare utvikling av sikkerheita må skje gjennom samarbeid – der nye krav blir utforma i dialog med næringa og basert på realistiske vurderingar av teknologi og drift. Regelverket må vere teknologinøytralt og opne for innovasjon, ikkje spesifisere einskilde løysingar.

Lovleg kan bli ulovleg

Eit av dei mest alvorlege punkta i forslaget er at fleire krav er foreslått å gjelde med tilbakeverkande kraft.

Det inneber at batterisystem og tekniske løysingar som allereie er godkjende, bestilte og under produksjon, kan vise seg å ikkje vere lovlege når dei skal installerast.

Dette skapar ein svært krevjande og uføreseieleg situasjon for reiarlag, teknologileverandørar og verft. For desse kan forskriftsendringa bety store økonomiske tap, forseinkingar i leveransar og i verste fall at fartøy ikkje blir realiserte. Slik risiko svekker insentiva for å investere i grøn teknologi.

For ferje- og hurtigbåtsegmentet har dette òg ei viktig offentleg side: oppdragsgivarar i desse prosjekta er ofte fylkeskommunar, som allereie står i ein pressa økonomisk situasjon. Når forskriftskrav blir endra etter at kontrakt er inngått, er det fylkeskommunane som må ta meirkostnadene og forseinkingane. Det kan føre til kutt i rutetilbod, utsetjing av nye prosjekt eller svekka tillit til grøn skipsfart som heilskap.

Me meiner det må seiast heilt tydeleg: Å innføre krav med tilbakeverkande kraft, utan overgangsordningar for løysingar som allereie er bestilt og godkjent, er ikkje forsvarleg.

Overgangsordningar

Noreg har ei historisk moglegheit til å halde fram som leiande innan nullutsleppsteknologi til sjøs. Skal me lykkast med verdiskapinga i dette, treng me eit regelverk som kombinerer høg sikkerheit med innovasjonskraft, teknologinøytralitet og at det praktisk kan gjennomførast.

Me oppmodar Sjøfartsdirektoratet til å ta med seg innspela frå næringa i det vidare arbeidet. Det bør etablerast tekniske arbeidsgrupper med brei deltaking, og det bør vere overgangsordningar som sikrar at krav ikkje får tilbakeverkande effekt.

Me trur på løysingar som sikrar både tryggleiken og driv utviklinga framover. Men for å få det til, må me snakke meir saman.

Etter årelang kamp mot dumping av gruveavfall fikk aksjonistene medhold i lagmannsretten for at dumpingen er ulovlig. Staten har anket til Høyesterett. Miljøvernerne går til ny sak og krever at selskapet må stanse utslippene umiddelbart. Selskapet mener tillatelsen er gyldig uansett hva domstolene måtte komme til.
Les også:

Begynner i dag: Førdefjorden til retten igjen – strid om fortsatt gruvedumping

Kommentarer
Du må være innlogget hos Ifrågasätt for å kommentere. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto. Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn.