Spørsmålet er enkelt, men avgjerande: Skal Noreg delta fullt ut i dei nye europeiske programma for forsking, innovasjon og teknologiutvikling – eller ikkje?
Bodskapen vår er enkel og nødvendig: Noreg må sikre full deltaking i Horizon Europe, European Competitiveness Fund (ECF) og Connecting Europe Facility (CEF).
Europa beveger seg raskt
Forholdet mellom Noreg og EU er stadig oppe til debatt. Men på eitt område er me einige: Skal me lukkast med energiomstillinga, forsking og ny industri, må me samarbeide tett.
Noreg er med i EUs kvotesystem og kan konkurrere om inntektene frå dette gjennom Innovasjonsfondet, og me betalar for å delta i forskingsprogrammet Horizon Europe. Denne strategien fungerer. Norsk forsking og industri hentar meir tilbake enn me betalar inn.
Deltakinga styrker òg det nasjonale verkemiddelapparatet, som har vore mykje diskutert den siste tida. Kombinasjonen av nasjonale og europeiske verkemiddel gir meir effekt per krone og bygger samtidig norsk-europeiske verdikjeder.
Endå viktigare: Her får me moglegheiter me aldri kunne skapt aleine. Gjennom innovasjonssamarbeid utviklar me både forskingsmiljø, industrikompetanse og banebrytande teknologi som allereie gir norske bedrifter globale posisjonar og eksportinntekter i milliardklassen.
Norske gjennombrot
EU-midlar gir norske miljø sjansen til å løfte prosjekta sine heilt fram. Maritime Cleantech og partnarar deltar no i EU-samarbeid for opp mot to milliardar kroner, noko som gir sterke industriløysingar klare for marknaden.
- Norske industriaktørar utvikla verdas første heilelektriske hurtigbåt. Teknologien blir no teken vidare i batteri-, energi- og ladesystema til det som snart blir sjøsett som verdas største elektriske passasjerskip i Sør-Amerika.
- Norske industriaktørar har utvikla og demonstrert hydrogenfartøy i kommersiell drift. Teknologiane viser at dei fungerer om bord og gir grunnlaget for vidare investeringar i produksjon, distribusjon og trygg forsyning.
I tillegg er det fleire pågåande prosjekt på vindsegl, utsleppsfrie drivstoff, smarte energisystem og motorar som reduserer støy i havet. Alt eksempel på EU-samarbeid som set norsk industri i førarsetet globalt.
.png)

Dette er gode svar på det energiminister Terje Aasland (Ap) og rektor Klaus Mohn ved Universitetet i Stavanger etterlyste i Politisk kvarter på NRK 4. desember: I Noreg er me verdsleiande på forsking, men for dårlege på kommersialisering.
EU-samarbeid gir oss fullskala demonstrasjonar som fører teknologien frå prototyp til marknad.
Bygger grøn industri no
Europa trappar opp investeringane i grøn industri, strategisk autonomi og ny infrastruktur. For Noreg, som eksporterer rundt 90 prosent til Europa og leiar an i grøn maritim teknologi, er det avgjerande å sitje ved bordet når framtida blir teikna.
Noreg bygger elektriske ferjer lenge før andre land har begynt samtala. Me sjøsett autonome maritime system og utviklar teknologi for utsleppsfrie drivstoff i eit høgt tempo. Når Europa no løftar investeringane gjennom desse nye programma, må Noreg vere med. Ikkje som tilskodar, men som deltakar.
Programma er meir enn reine finansieringsprogram. Dei er motoren i Europas industri- og teknologipolitikk, og dei har allereie vore heilt avgjerande for at Noreg har kunne ta globale leiarposisjonar.
Europeiske verdikjeder
Skal norske aktørar vere relevante i den europeiske marknaden, må me delta aktivt når vegkart, regelverk og prioriteringar blir utforma.
Det same gjeld infrastrukturen. Overgangen til utsleppsfrie teknologiar krev enorme investeringar og tett koordinering. Skal norske skip operere i europeiske hamner, og europeiske skip fungere i våre farvatn, må me knytte oss til dei same standardane.
EU er tydelege på at dei vil bygge verdikjeder. Difor handlar ikkje dette om «ja» eller «nei» til EU, men om å sikre arbeidsplassar, styrke innovasjonskrafta og bygge framtidig verdiskaping saman med vår største marknad.
Framover blir konkurransen om teknologi, investeringar og kompetanse endå sterkare. Då må Noreg vere med på å utforme europeisk industri.

Norge får unntak fra EUs nye ståltoll





