Debatt

No kjem den europeiske batterirevolusjonen

Dei døyver pristoppane og fjernar dei viktigaste argumenta mot vind- og solkraft. No kjem den europeiske batterirevolusjonen.

Batteri er kanskje den mest undervurderte delen av det grøne skiftet. Prisane er over 90 prosent lågare enn for 15 år sidan, skriv Bård Vegar Solhjell.
Batteri er kanskje den mest undervurderte delen av det grøne skiftet. Prisane er over 90 prosent lågare enn for 15 år sidan, skriv Bård Vegar Solhjell. Foto: Arash A. Nejad
Bård Vegar Solhjell, leiar i Fornybar Norge
16. apr. 2026 - 11:30

Dette debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Innlegg kan sendes til debatt@tu.no.

Kritikken mot fornybar energi har lenge vore bygd på ei hovudinnvending: «Dette er ustabil kraft». Argumentet har vore at solkraft berre lagar straum når sola skin, ikkje når vi treng det. Vindkraft lagar berre straum når det bles.

Desse innvendingane er i ferd med å gå i oppløysing, mykje takka vere ei over 200 år gammal oppfinning frå då Alessandro Volta sat i Milano og bygde verdas første heimesnekra batteritårn av skiver med papp, sink og kopar.

No er batterirevolusjonen i Europa for alvor i gang. Batteri er kanskje den mest undervurderte delen av det grøne skiftet. Prisane har falle jamt dei siste åra. No er dei over 90 prosent lågare enn for 15 år sidan.

I utgangspunktet er det ikkje noko mystisk med batteri: Dei kan ladast med straum, som du så kan lagre og bruke når du treng det. Men tempoet Europa no byggjer ut batteri i, er nesten ufatteleg imponerande – både i volum og i måten dei blir brukte på.

Frå mega til giga

Volum handlar om kor mange og kor store batteri som blir sette i drift. Det er lett å sjå for seg litiumbatteri som noko småplukk, på storleik med eit frimerke som held liv i mobilen ein dag. Men slik er det ikkje lenger.
Statkraft har nyleg inngått avtale om å drifte to batterianlegg i Finland på til saman 235 megawatt (MW). Det er nok effekt til 235.000 kokeplater på ein gong. Berre 24 av dei 1820 vasskraftverka i Noreg er større enn dette.

Gongar du mega med 1000, får du giga. Europeisk storskala batterikapasitet er no oppe i 18 gigawatt (GW). Nesten like mykje er under bygging. I tillegg har 44 GW fått konsesjon, og ytterlegare 55 GW er varsla. Til saman kan dette bli 132 GW batteri innan få år – fire gonger så mykje som om all norsk vasskraft produserer for fullt samtidig.

Vil endre kraftsystemet

I Europa kjem no 30 prosent av straumforsyninga frå sol og vind. Mange som er skeptiske til fornybart, meiner dette gjer oss meir avhengige av ustabile energikjelder. Batteria er svaret på dette. Dei løyser den kortsiktige balanseringa av produksjonen. Det gjer ikkje så mykje at produksjonen varierer når ein kan lade batteria midt på dagen når sola skin, og bruke straumen når folk kjem heim og skrur på komfyren.

Men batteri har fleire bruksområde. Mange veit ikkje at batteri kan erstatte behovet for å byggje ut straumnettet. Sjå for deg ein fabrikk, eit industriområde eller ei bygd som treng 4 MW nokre timar midt på dagen, men berre får 2 MW fordi nettet er for svakt. Då kan ein setje opp eit batteri på 2 MW, lade det opp om natta og bruke det på dagtid, i staden for å byggje meir nett.

Det er ingen tvil om at batterirevolusjonen vil endre korleis det europeiske kraftsystemet fungerer. I Noreg går dette litt langsamare enn i andre land, men det er fordi vi allereie har batteri i form av enorme mengder lagra vatn som kan bli til vasskraft når vi treng det. Desse vasskraft-batteria gjer Noreg til eit særleg godt land for utbygging av meir vind- og solkraft.

Lågare nettleige

Europa har ikkje dei same ressursane av vasskraft. Difor vil batteri i stor grad gje dei fordelar som vasskrafta har gjeve oss i Noreg:

  • Lågare prisar. Europa får ofte høge kraftprisar i dag fordi dei treng gass for å dekkje forbruket. Med batteri kan ein bruke sol og vind i fleire av timane. Det pressar prisane ned.
  • Jamnare prisar. Ved å lade om dagen og bruke straumen om kvelden, dempar ein dei store svingingane i kraftprisane gjennom døgnet.
  • Lågare nettleige. Batteriprisane har falle, medan kostnadene for å byggje straumnett har stige. Når batteri avlastar nettet, treng ein mindre nettutbygging. Det kan gje lågare nettleige enn elles.

Batteri er den mest undervurderte ingrediensen i det grøne skiftet. Ved å lagre sol- og vindkraft til vi treng han mest, dempar dei ikkje berre pristoppane – dei tek òg livet av ein av dei mest brukte innvendingane mot fornybar energi.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygaard fikk demonstrert hvordan moderne teknologi kan bedre sikkerheten i norske veitunneler hos Hatteland Tecnology tirsdag ettermiddag.
Les også:

Ministeren sier teknologien gir bedre sikkerhet: Vil ikke overprøve Vegvesenets «nei»

Kommentarer
Du må være innlogget hos Ifrågasätt for å kommentere. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto. Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn.