– Vi kan jo berre starte med Noreg og troll. Mange norske fjellformasjonar har fått namn og betydning gjennom segn og eventyr, seier geolog Tor Sigvald Johansen.
Vi går gjennom steinsamlinga ved Universitetet i Agders (UiA) sitt naturmuseum og den botaniske hagen som husar eit mangfald av bergartar og mineral.
Vakre formasjonar har hatt verdi for menneske gjennom tidene – men også vore sentrale i magi og overtru.
Edelsteinar og magi

Du har kanskje høyrt om segna frå Helgelandskysten? Segna handlar om Hestmannen som jagar Lekamøya og Sju søstrer langs Helgelandskysten. Men når sola stig opp, vert alle gjort om til stein.
– Segna har nok blitt til fordi nokre av desse formasjonane er påfallande like troll eller rett og slett menneske i ulike positurar, seier Johansen.
Fascinasjonen stoppar ikkje ved fjellformasjonane. Det som skjuler seg inne i fjellet – edelsteinar og edle metall – har i tusenvis av år vore tillagde både åndeleg kraft og stor verdi av både legar, prestar, filosofar og astrologar.
– Også Bibelen nemnar gull, sølv og edelsteinar fleire stader. Edens hage er utsmykka med rubin, jaspis og andre edelsteinar, og desse var innfatta i gull, fortel Johansen.
Mineral og bergarter – kva er skilnaden?
- Mineral er naturlege, faste stoff med ei bestemt kjemisk samansetjing og krystallstruktur. Døme: Kvarts, feltspat, kalsitt.
- Bergarter er dei faste materiala som jordskorpa er bygd opp av. Dei består av eitt eller fleire mineral. Granitt er til dømes ein bergart som inneheld minerala kvarts, feltspat og glimmer.
- Metall er ein type grunnstoff som leier straum og varme godt. I naturen finst metall ofte i mineral – til dømes finst sølv i mineralet sølvsulfid. Døme på metall: Gull, sølv, kopar, jern.
- Edelsteinar er sjeldne og vakre mineral som blir brukte til smykke. Dei er harde, varige og ofte gjennomsiktige. Døme: Diamant, kvarts, rubin, safir, smaragd.
Kjelde: Store norske leksikon
Alkymistar og kjemi
I steinsamlinga til naturmuseet passerer vi metalla kobbar og bly – som alkymistane prøvde å lage gull av, saman med kvikksølv.


Alkymistane representerer ei filosofisk retning som oppstod i antikken og hadde stordomstida si i mellomalderen. Dei sette særleg gullet høgt.
– Dei meinte at sola styrte gullet og at månen styrte sølvet. Mars, som òg var krigsgud, styrte jern og så vidare. Planetane fekk ein slags gudestatus, seier geologen.

Ifølge alkymistane fanst det eit stoff som dei kalla «dei vises stein», som dei stadig streva med å lage. Det var eit vedundermiddel som kunne gi evig liv og gjere uedle metall om til edle metall.
– Det inneheldt alle dei fire grunnelementa jord, luft, eld og vatn. I dag synest vi alt er tull, men vi skal ikkje undervurdere betydninga alkymistane hadde for grunnlaget for moderne kjemi med sine eksperimenter, seier Johansen.
Sølv mot alt vondt
Johansen peikar på eit stykke sølv frå Kongsberg sølvverk, eit historisk viktig gruveområde i Noreg.
– Sølv er eit av dei første metalla som menneska tok i bruk, og det har i tusenår vore eit symbol på reinleik.
Sølv finst i naturen både som sølvsulfid og som rent metall, og det har vore eit symbol på rikdom og velstand. I vestleg overtru har sølv lenge vore betrakta som eit kraftig våpen mot vonde ånder og overnaturlege vesen. Det er nok ikkje utan grunn:
– Allereie i antikken fann ein ut at sølv kunne ta knekken på bakteriar. Kanskje desse eigenskapane har gitt næring til historier om at sølvkuler er eit av veldig få effektive våpen mot varulvar, vampyrar, hekser og andre vonde vesen.
Sølvkuler som våpen mot vampyrar går igjen i populærkulturen – som for eksempel filmen Blade frå 1998. Også i gaming er sølvkuler og andre sølvvåpen effektive mot vonde skapningar.

– Det blir sagt at vampyrar ikkje har spegelbilde, har det noko med sølv å gjere?
– Dette blir delvis forklart med at ein spegel reflekterer sjela, og dei vandaude vampyrane manglar jo sjel. Men før i tida inneheldt speglar ofte reint sølv, som då kunne støyte frå seg eller skade dei vonde, seier Johansen.
Sølvkuler finn vi også i samisk kultur, der bruk av sølv har vore utbreidd: Komsekule, eit smykke med ei kule av sølv, blei hengt på komsa (vogga) for å verne barnet frå å bli forbytt av dei underjordiske. Den blir i dag ofte gitt som dåpsgåve.
Healing og moderne overtru
Magiske steinar er framleis i vinden. Var det ikkje noko med den magiske medaljongen til sjaman Durek Verrett, som består av krystall og som skal kunne heile covid-sjukdom?
I steinsamlinga på museet har vi kome til krystallen kvarts:
– I dagens krystallhealing seier ein at kvarts og obsidian kan heile sjukdomar, fjerne dårleg energi, sleppe laus sperra energi eller endre ein persons aura, sier Johansen.
Krystallhealing er ei alternativ behandling der ein bruker krystall og edelsteinar for å heile eller gi overskot. Johansen har sjølv kome over eigne avdelingar for krystallhealing på geologiske messer.
– Folk får tru kva dei vil. Eg kan i alle fall ikkje stå inne for det faglege i den overnaturlege trua, seier han.

Men som geolog kan han godt forstå kvifor ulike overtydingar har oppstått, med tanke på både form og farge. Mange krystall kan også lyse, dersom dei blir eksponerte for rett lys.
– Det kan vere med på å skape mystikk og ein teori om at det er ein spesiell energi i steinen. Om du lyser på enkelte mineral med UV-lys, får dei ein annan aura og skarpare farge. Men også dette kan forklarast med fysiske årsaker, forsikrar Johansen.
Artikkelen ble først publisert på UiA.no

Noreg må vere med når Europa formar framtidas teknologi
.jpg)



