Debatt

Kan auksjonar redusere nett-køa?

Nett-tilknyting etter modnad bør erstattast av prioritering av samfunnsviktige føremål og at andre store kraftbrukarar konkurrerer gjennom auksjonar.

– Auksjonar kan supplere, men ikkje erstatte andre viktige delar av kraftforvaltinga, og det vil vere nødvendig med politisk bestemte rammer, skriv Cicero-forskar Asbjørn Torvanger.
– Auksjonar kan supplere, men ikkje erstatte andre viktige delar av kraftforvaltinga, og det vil vere nødvendig med politisk bestemte rammer, skriv Cicero-forskar Asbjørn Torvanger. Foto: Privat
Asbjørn Torvanger, seniorforskar ved Cicero Senter for klimaforsking
21. juli 2026 - 11:56

Dette debattinnlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Innlegg kan sendes til debatt@tu.no.

Med Energilova frå 1991 vart det innført ein marknad for omsetning av kraft som i store trekk har ført til at krafta har blitt styrt dit verdien for samfunnet av kraftbruken er størst.

Men vi har framleis eit system for investeringar i ny kraftproduksjon og kraftnett som har eit plan-økonomisk preg og vil bli meir politisk krevjande å handtere framover. Gapet mellom investeringar i produksjon og nett og forbruket har gjort forvaltninga av kraftsystemet vanskeleg.

Det er store forventningar til meir kraftutbygging, men lite som har blitt bygd ut dei siste åra. Den konsesjonsordninga for ny kraft- og nettutbygging vi har i dag, er bra fordi behovet for meir produksjon og nett-overføring må avstemmast mot andre samfunnsinteresser og reguleringar, som eit effektivt kraftsystem og naturvern.

Samstundes har dette systemet vist seg å vere tungvint og ført til store køar for tilknyting til kraftnettet. Våren 2026 innførte Statnett ein foreløpig stopp av reservasjonar av nettkapasitet til industri nord for Svartisen.

Nett-køa

Det er ei kø om ynskt tilknyting av nytt forbruk til nettet fram til 2036 på opptil 137 TWh (ved full utnytting av nettkapasiteten i eit år), som kan samanliknast med ein gjennomsnittleg norsk kraftproduksjon på om lag 150 TWh, ifylgje Energifakta Norge 2025. Det finst også ei kø for nett-tilknyting for kraftprodusentar.

Vi kan vente at gapet mellom etterspørsel og produksjon av fornybar energi vil auke framover på grunn av klimamål som krev erstatning av fossil med fornybar energi, auka behov for nettoverføring samt tilknyting av nye industriprosjekt.

Kø kostar

Når det gjeld regulering av nett-tilknyting i dagens system, legg Statnett vekt på at det er ledig kapasitet i regional- og hovudnettet, at det er eit modent prosjekt og at kunden må betale for utgreiing og utbygging av nytt nett dersom dette er nødvendig. Statnett har tilknytings-plikt for modne prosjekt, som blant anna går på eit realistisk kapasitetsbehov og framdriftsplan.

Forseinka framdrift for eit industriprosjekt vil føre til kansellering av reservasjonen. Ein interessent kan inngå avtale med eit nettselskap om tilknyting på vilkår, noko som gjev større fleksibilitet fordi vedkommande er den fyrste som blir kopla ut ved feil og straumbrot og den siste som blir kopla på igjen.

Å stå i kø for tilknyting til nettet har ein kostnad knytt til venting og utsetjing av prosjekt. Finst det verktøy som kan supplere forvaltinga av den knappe ressursen nett-tilknyting på?

Auksjonar

På nokre område blir auksjonar brukt for effektivt å fordele ein knapp fellesressurs, for eksempel løyve i oppdrettsnæringa, mobilfrekvensar og statlege fiskerettar. Den som vinn ein auksjon, er forventa å ha den høgaste verdien av ressursen – som er bra for verdiskapinga i samfunnet. Prisen gjev eit signal om når det er lønsamt å investere meir i ressursen, og spekulative søknader blir mindre attraktivt.

Men det er ikkje realistisk å berre satse på auksjonar fordi nett-tilknyting må vurderast opp mot andre samfunnsinteresser, som for eksempel behovet til strategiske industriar og viktig infrastruktur i samfunnet. Auksjonar kan supplere, men ikkje erstatte andre viktige delar av kraftforvaltinga, og det vil vere nødvendig med politisk bestemte rammer.

Eit hybridsystem

På bakgrunn av dei problema knytt til ei god samfunnsmessig forvalting av nett-tilknyting som vi har i dag, vil eg foreslå at systemet blir justert i tråd med fire punkt:

  1. Prioritere samfunnsviktige føremål som forsvar, politi, helse, strategisk industri, infrastruktur, og vass-forsyning (Eurelectric 2025).
  2. Ta omsyn til beredskap, blant anna for energiforsyninga, i tillegg til industripolitikk, klimapolitikk og distriktspolitikk.
  3. Setje eit politisk bestemt tak for tilknyting av ny industri som har høg betalingsevne, for eksempel datasentre, men som har avgrensa samfunnsnytte i Noreg.
  4. Andre industriprosjekt som ynskjer nett-tilknyting må konkurrere gjennom auksjonar. 
    Les også

Kommentarer
Du må være innlogget hos Ifrågasätt for å kommentere. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto. Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn.