fra forskning

– Framtidshåp kan handle om natur like mykje som arbeidsplassar

Når arbeidsplassar blir sette opp mot naturvern, kan lokalsamfunn bli splitta. Men nokre argument har vanskelegare for å bli høyrde.

Det bur stadig færre i Kvalsund, og mange ønskjer seg liv og røre tilbake i lokalsamfunnet.  Gruveselskapet lovar bygda 150 arbeidsplassar, men langt frå alle synes ideen er god. Biletet er tatt for nokre år sidan.
Det bur stadig færre i Kvalsund, og mange ønskjer seg liv og røre tilbake i lokalsamfunnet. Gruveselskapet lovar bygda 150 arbeidsplassar, men langt frå alle synes ideen er god. Biletet er tatt for nokre år sidan. Foto: Jørn Sund-Henriksen/Wikimedia Commons CC BY-SA 3.0
Walter Wehus, Universitetet i Agder
20. juli 2025 - 15:00

Seksjonen Fra forskning består av saker som er skrevet av ansatte i Sintef, NTNU, Universitetet i Oslo, Oslo Met, Universitetet i Agder, UiT Norges arktiske universitet, Universitetet i Sørøst-Norge og NMBU.

Kva skjer når ei bygd som er truga av fråflytting, må velje mellom fjorden sin og nye jobbar? Det har Hildegunn Mellesmo Aslaksen undersøkt i Kvalsund i Finnmark. Der har debatten om gruveavfall i Repparfjorden vart i tjue år.

Ho finn at frontane kan bli så harde at folk sluttar å helse på kvarandre.

– Folk som har kjempa hardt imot gruva, fortel at dei ikkje lenger blir inviterte med på samankomstar. Dei kjenner seg forlatne i ei bygd som nærast ikkje lenger vil ha dei. Andre unnlet å snakke om saka for å unngå konflikt og usemje, sjølv om det er ei sak som påverkar dei, seier Aslaksen.

I fire år har ho følgt striden om Nussir-gruva i Kvalsund. Ho disputerte nyleg for doktorgrada si ved Universitetet i Agder.

Gruvedrift i Repparfjorden

Repparfjorden er ein fjord i Hammerfest kommune i Finnmark. Den strekker seg frå Kvalsundet og 14 kilometer mot søraust.

Repparfjorden er aktuell for kobberutvinning, og Nussir ASA har fått driftskonsesjon for ei gruve der avfallet er planlagt dumpa i fjorden.

Dette har møtt motstand frå lokalbefolkninga og miljøvernorganisasjonar på grunn av bekymringar for miljøpåverknaden.

Tettstaden Kvalsund har i underkant av 300 innbyggarar, ifølge SSB.

Kilde: snl.no

150 jobbar eller rein fjord

Kvalsund har mista halvparten av innbyggjarane sidan 1970-åra. Mange ønskjer seg liv og røre tilbake i lokalsamfunnet.

Gruveselskapet lovar bygda 150 arbeidsplassar. Men dei får også lov til å dumpe 30 millionar tonn gruveavfall i Repparfjorden. Gruva berører også samiske beiteområde for rein.

Slike saker sett lokalbefolkninga i et dilemma der dei må ta stilling til kva som skaper ei god framtid for bygda. For kva er viktigast? Fisket i fjorden? Samisk reindrift? Kobbar til vindmøller og elbilar? Å hindre fråflytting, eller å ha nok pengar i kommunekassa til å halde skular og sjukeheim ved like?

– Ein av dei eg snakka med, fortalde meg at han vil at sonen skal ha ein jobb i bygda når han veks opp. Sjukeheimen må pussast opp. Folk saknar tida då det var liv i bygda, seier Aslaksen.

Men ikkje alle er villige til å ofre fjorden. Nokon fryktar at fisken ikkje vil vere etandes lenger. Andre er redde for at det ikkje blir meir fisk igjen.

– Fjorden slit allereie. Skal vi drepe resten av livet som finst der? spør dei som er imot. For dei er livskvalitet og framtidshåp tett knytt til naturen. Gruveprosjektet vert ei trugsel ikkje berre mot naturen, men mot verdifulle relasjonar og måtar å vere i verda på, seier Aslaksen.

Kjensler får ikkje plass

– Vi må tenkje nytt om kva utvikling betyr, seier UiA-forskar Hildegunn Mellesmo Aslaksen. Foto:  UiA
– Vi må tenkje nytt om kva utvikling betyr, seier UiA-forskar Hildegunn Mellesmo Aslaksen. Foto:  UiA

Aslaksen fann, kanskje ikkje overraskande, at folk har sterke kjensler for staden der dei bur. Men desse kjenslene kjem ikkje fram i avisene.

– Den offentlege debatten handlar om fakta og tal. At du er glad i å fiske eller gå tur, får ikkje plass. Det blir sett på som ubetydeleg, seier ho.

Ho bruker omgrepet «økosorg» om fortvilinga mange kjenner. Dei er redde for å miste noko dei er glade i. Men dei seier det sjeldan høgt.

– I slike saker får såkalla rasjonelle argumenter forrang i debatten. Meiningsfulle relasjonar, uro og tvil vert undertrykt. Dette inneber at viktige sider av konflikten mellom arbeidsplassar og naturomsyn ikkje kjem til uttrykk.

Samisk konflikt

Saka har også skapt ein sår debatt om kva som er samisk kultur og kven som kan kalle seg same.

Artikkelen fortsetter etter annonsen
annonse
Innovasjon Norge
Made in Norway er blitt et konkurransefortrinn

Ordføraren i Kvalsund, som har kalla seg kystsame, støtter gruva sjølv om den rammar reindrifta. Han har fått hard kritikk for å «dra den samiske identiteten ut av hatten» for å forsvare prosjektet, fortel Aslaksen.

– Politikken med fornorsking har gjort dette området veldig sårbart. Diskusjonen om kven som får snakke for samane, svir, seier Aslaksen.

Medan gruvetilhengjarane snakkar om arbeidsplassar for dei neste 20–30 åra, tenkjer reindriftssamane mange generasjonar fram i tid. Mister dei beiteområdet no, er det tapt for alltid.

– Men dei lokale reineigarane sine synspunkt var knapt synlege i lokalavisa medan debatten gjekk. Perspektiva deira kom ikkje fram, og misoppfatningar og mistru fekk bre seg i bygda, seier forskaren.

Ulike syn på utvikling

Aslaksen meiner vi må tenkje nytt om kva utvikling betyr.

– Det eksisterer en djupt festa logikk som seier at nye arbeidsplassar skapar vekst og utvikling. At nye arbeidsplassar er grunnleggjande bra. Men er det slik? Blir Kvalsund ein betre stad å bu med gruva? Blir staden betre om folketalet aukar? Den diskusjonen får vi ikkje, seier ho.

Ho peikar på at trivsel og utvikling handlar om meir enn jobbar. For nokon betyr det like mykje å ha ein frisk fjord.

– Framtidshåp kan handle om natur like mykje som arbeidsplassar. Begge delar er viktige.

Rammer heile Noreg

Liknande konfliktar finst over heile landet. Stadig fleire naturområde går tapt til industri og nye arbeidsplassar.

Aslaksen meiner lokalpolitikarar står i ei klemme. Plutseleg får dei ei stor bedrift i fanget, som lovar jobbar og pengar kommunen kan bruke til å pusse opp skule og eldreheimar.

– Alle er entusiastiske. Då er det vanskeleg å vere den som seier «vent no litt». Det er lett å kjenne på at det hastar.

Ho ønskjer meir ærlege samtalar om kva vi vil med stadene våre.

– Vi må tore å snakke om kva vi bryr oss om. Ikkje berre gøyme oss bak fakta og tal, seier ho.

Artikkelen blei først publisert på UiA.no

Ved Repparfjorden i Kvalsund kommune i Finnmark vil selskapet Nussir anlegge en kobbergruve og dumpe avfallet i fjorden. Nå har prosjektet blitt utpekt som strategisk av EU.
Les også:

EU vil utvinne kritiske råvarer – ser mot omstridt gruve i Norge

Kommentarer
Du må være innlogget hos Ifrågasätt for å kommentere. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto. Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn.