DEBATT

Er regjeringa i ferd med å slukke lysa langs kysten?

Liv Kari Eskeland (H) etterlyser konkrete grep for å sikre verftsnæringa.
Liv Kari Eskeland (H) etterlyser konkrete grep for å sikre verftsnæringa. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB (arkiv)
Liv Kari Eskeland (H), stortingsrepresentant, sitter i Transport- og kommunikasjonskomiteen
14. nov. 2022 - 15:00

Norske reiarar bygger kvart år eit hundretals nye båtar innan alle fartysegment. Framtidsretta båtar som sikrar at flåten vår blir modernisert og ligg langt framme både når det gjeld effektiv drift samt miljøvennlege løysingar.

Det er berre ei utfordring. Desse båtane blir ikkje lenger bygd ved norske verft. Men på danske, spanske og tyrkiske verft. Eller asiatiske. Enkelte norske skipsverft står no med tomme ordrebøker og er utan oppdrag. Den maritime kompetansen vi har hatt på området er i ferd med å forvitre.

Og det er ikkje vanskeleg å forstå dei vala dei norske reiarane tek, når ein opplever at kostnadane for ein båt er 10-15 prosent lågare utanfor Noregs grenser. Ein rapport frå Menon viser at 70 til 80 prosent av tonnasjen som er bestilt frå norske reiarar i 2022, vert bygd ved utanlandske verft. Tilsvarande tal i 2019 var rundt 40 prosent. Sjølv reiarane langs Mørekysten, dei mest lojale til sine skipsverft, set no kontraktar til utlandet.

Regjeringa kunne gjennom det framlagde budsjettet ha nytta høvet til å gjera forholda betre for den norske verftsindustrien. Industrien har sjølv peika på tiltak som statlege garantiordningar som eit bra tiltak. Løns- og arbeidsvilkår skal ein sjølvsagt ikkje gå på akkord med. I staden går regjeringa i sitt budsjettframlegg motsett veg. Med særnorske skattar som innføring av grunnrenteskatt, auka arbeidsgivaravgift og auka formues- og utbytteskatt blir skrustikka ytterlegare stramma til. Med det blir fleire spikrar sett i skipsverftskista.

Så kva var det Ap meinte då dei snakka om dei trygge industriarbeidsplassane – gjaldt ikkje dette verftsindustrien? Og kva var det Sp meinte då dei snakka om å ta heile landet i bruk – ser dei ikkje at arbeidsplasser langs kysten er ein viktig føresetnad?

Vi får ikkje eit grønt skifte om vi ikkje greier å løfte oss ut av festtalemodus. At fleire i regjeringsapparatet reiser til Egypt og lovar 55 prosent klimagassreduksjon innan 2030 betyr ingenting om vi ikkje lenger innehar kompetansen til å nå desse måla.

Vi må ta konkrete grep for å sikre verftsnæringa vår. Strategien som er lova for «å sikre at offentlege byggeoppdrag innan maritim sektor i størst mogleg grad skal hamne hjå norske verft» må føljast opp med konkrete tiltak. Til no har regjeringa gått motsett veg. Om vi ikkje involverer norske verft i framtidas byggeprosjekt for vår maritime flåte, svekkas heile den maritime klynga sine moglegheiter for å ta ein internasjonal leiarposisjon innan nullutslepp, med påfølgjande tap av konkurransekraft.

Drona har påmontert eit kamera som fangar opp fargar menneskeauga ikkje kan sjå.
Les også

Driv litiumjakt frå himmelen

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.