FORUM

Skuffande av sivilingeniørane

13. des. 2004 - 12:24


Rekdalsbakken meiner at ettersom Noreg dei siste tolv månadene har importert litt meir energi enn vi har eksportert, så er det typisk kraftunderskot. Vi i Naturvernforbundet er skuffa over at ein representant for sivilingeniørane har så lemfeldig omgang med tal. Fakta er at Noreg i gjennomsnitt eksporterer meir kraft enn vi kjøper frå utlandet. Uansett om vi reknar snittet for dei siste 5 åra, dei siste 10 åra eller dei siste 15 åra, viser tala det same: Noreg eksporterer meir kraft enn vi kjøper frå utlandet.

Den viktigaste grunnen til at vi ikkje skal byggje gasskraftverk i Noreg er at gasskraftverka slepp ut store mengder klimagassar. Når vi veit at dei menneskeskapte klimaendringane kan truge livsgrunnlaget til millionar av menneske, må vi alle sjå at det å redusere klimagassutsleppa er eit av dei viktigaste politiske måla i verda.

Sivilingeniørane trur at å byggje norske gasskraftverk kan erstatte utsleppa frå kolkraft i andre land i Europa. Det blir til og med hevda at det vil spare atmosfæren for ein million tonn av klimagassen CO2 i året. Matematikkfaget må styrkast på sivilingeniørutdanninga! Norsk gasskraft kjem ikkje i staden for kolkraftverk andre stadar i Europa. I Statoil si konsekvensutgreiing viser selskapet sjølv at eit kraftverk på Tjeldbergodden vil gi høgare utslepp enn det import av tilsvarande mengder kraft vil gi.

Kraft som blir bygd ut i Noreg blir ført inn på ein europeisk kraftmarknad der det er ei utveksling med kraft frå andre land. Rekdalsbakken framstiller det som om krafta som Noreg importerer alltid er kolkraft. Vinteren 2002 - 2003 hadde til dømes alle europeiske land som vi utvekslar kraft med stort sett balanse i sin import og eksport. Det tyder at dei ikkje produserte meir enn det dei sjølve brukte gjennom året og at kolkraftproduksjonen dermed ikkje var høgare enn den elles ville ha vore. Dei einaste landa som hadde netto eksport var Austerrike og Sveits, og dei eksporterte vannkraft!

Sivilingeniørane tek det for gitt at energibruken i Noreg vil fortsette å auke, og dei ser auka energiproduksjon frå gasskraft som einaste løysing på problemet. Naturvernforbundet meiner vi i staden må gå til kjernen i problemet. Dersom vi skal få ein energibruk som er tilpassa omsynet til miljøet og framtidige generasjonar, må vi bli flinkare til å spare energi, og vi må syte for at den energien vi brukar er produsert på ein miljømessig forsvarleg måte. Vi må også gjøre oss mindre avhengige av elektrisitet og auke bruken av lokale varmekjelder som pellets.

Fossilgass har ingen plass i den framtidige energibruken i Noreg, og Naturvernforbundet treng sivilingeniørane med på laget i kampen mot dei farlige klimaendringane

Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.