DOKTORGRADER

Reduserer pulverklumper

1. aug. 2001 - 09:35

Elektrostatisk lading kan vere eit problem for industrien, særleg når dei handterer elektrisk isolerande material. Pulvera kan då klumpe seg saman slik at det ikkje kjem ut av siloar og oppbevaringskonteinarar eller at transportrøra tettar seg.

Det kan også føre til utladingar som i verste fall kan føre til eksplosjonar. Men elektrostatisk opplading av pulver er ikkje berre negativt. Det blir også utnytta i kopimaskiner og laserskriverar og ved pulverlakkering.

Ved elektrostatisk opplading, har partiklane anten for mykje eller for lite elektronar. Dei blir dermed positivt eller negativt lada slik at det oppstår tiltrekkingskrefter mellom partiklane. Ved bipolar opplading har ein både positivt og negativt lada partiklar, og tiltrekkingskreftene mellom partiklane gjev problem.

I avhandlinga har Sivert Ose undersøkt årsakene til desse problema, kva slags eigenskapar ved pulvera som gjer at dei blir elektrostatisk lada, og korleis den elektrostatiske ladinga fordelar seg på partiklane.

I avhandlinga har han vist at fysiske eigenskapar ved partiklane (som partikkelstorleik o.l.) har lita innvirkning på om ein partikkel blir negativt eller positivt lada. Oppladinga er først og fremst ein funksjon av prosessen pulveret går gjennom. Fordelinga av ladinga er relativt lik mellom forskjellige typar av pulver ved bipolar opplading, sjølv om storleiken på ladinga varierer slik at elektrisk isolerande material får sterkare opplading.

Undersøkinga er viktig for å forstå dei fysiske mekanismane bak den elektrostatiske opplading av pulver slik at prosessar der elektrostatisk opplading er eit problem kan løysast, og at ein kan forbedre dei prosessane der ein nyttar elektrostatisk opplading.

Arbeidet er hovudsakleg utført ved forskingsinstituttet Tel-Tek i Porsgrunn der han er tilsett ved avdelinga for pulverteknologi (POSTEC). Under arbeidet med oppgåva har han også opphalde seg i England og gjennomført eksperiment ved Universitet i Southampton (Dept. of Electrical Engineering). Arbeidet er også utført i samarbeid med Høgskolen i Telemark, avdeling for teknologiske fag.

Arbeidet er utført med Prof. Adrian Bailey ved Universitetet i Southampton og Prof. Sunil de Silva ved Høgskolen i Telemark som hovedveilederar. Arbeidet har vore finansiert av midlar frå Norsk Hydro, Noregs forskingsråd og POSTEC-programmet.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.