FORUM

Nytt fokus på Åkraneset i Stranda

31. mars 2008 - 10:00

SIKKERHET: Rasulukka i Ålesund er ein ufatteleg tragedie for dei som vart ramma, spesielt fordi naturkreftene her slo til brått og uventa utan førevarsel og på ein stad der folk skulle kjenna seg trygge. Mediedekninga har vore omfattande med spørsmål om korleis noko slikt kunne henda og med krav om gransking.

I lys av dette kan det vera på sin plass å retta nytt fokus på det som etter alt å døma er i ferd med å skje ovafor Åkraneset i Sunnylvsfjorden. Her er eit fjellparti som etter nye opplysningar er så stort som 30 millionar kubikkmeter i sig. Sprekkene oppe i fjellet har ei utstrekning på 600 meter, er enkelte stader fleire meter vide og utvidar seg årleg med 4 til 5 cm. Målingar tyder på at fjellpartiet som er i rørsle er mellom 50 og 60 meter djupt.

30 millionar kubikkmeter er kolossale greier. Fjellblokka som rasa ut i Ålesund blir som ingenting å rekna i forhold. Går dette i fjorden, vil det utløysa ei enorm flodbølgje. Tafjordulukka i 1934 var til samanlikning på ca. 3 millionar kubikkmeter og gav ei flodbølgje på inntil 64 meter.

I Ålesund kom som sagt raset brått og uventa og etter at sikringsarbeid (bolting) var utført i samband med byggearbeidet. På Åkraneset har det nå i fleire år blitt gjort omfattande målingar og studiar. Her veit ein kva som er i ferd med å skje. Omfanget av ei slik katastrofe vil vera så stor at det kan kallast både nasjonal og global tragedie med utsletta bygdesamfunn, tusentals omkomne og skadebeløp på tosifra milliardtal. Ein kan sjølvsagt innvenda at ein ikkje veit om og når eit utrasing vil koma, men sjansen for at det skal skje innan overskodeleg tid er der. Risiko kan definerast som eit produkt av sannsynlegheit og skadeomfang. Når skadeomfanget er enormt slik som he, treng ikkje sannsynlegheita vera svært stor før risikoen må reknast som svært stor. Då er heller ikkje målingar og overvåking gode nok tiltak.

Ein er kjend med at det er etablert overvåking og varslingsrutinar dersom målingane skulle tilseia markerte forandringar i rørslene. Dette ligg innafor ramma av dei løyvingane staten har gitt og blir utført av dei fremste faginstansane i landet (NGU, NGI, NTNU, Sintef, Norsar, Universitetet i Bergen, doktorstipendiatar) og med internasjonal assistanse (ICG). Dette store oppbodet av ekspertar kan virka som ei sovepute for norske politikarar som til slutt må ta ansvaret og løyva midlar til tiltak.

Frå raset i Ålesund og elles frå mange andre ras både i fjell og lausmassar veit vi at det er sjeldan at vi får gode forvarsel. Med det målenettet som er installert i Åkranesrenna kan ein truleg få eit forvarsel på nokre timar eller dagar, men sikkert er det ikkje. Brå utgliding kan utløysast av til dømes ekstremver (vasstrykk) eller jordskjelv eller også utan nokon påviseleg grunn. I alle fall vil dei økonomiske tapa og framfor alt dei menneskelege lidingane bli mindre dersom ein nå tek dette på alvor og løyver pengar og set i gang tiltak utover overvaking, måling og forsking. Då må ein og vera klar over at slike tiltak vil koma opp i slike summar at ein nærast må kalla det ein nasjonal dugnad. For å få til ei politisk semja om dette kan det vera aktuelt å utsetja andre gigantinvesteringar i statleg regi for å unngå overoppheting av økonomien.

Men ikkje alle tiltak treng å kosta all verden. Som strakstiltak utan serleg stor kostnad kan ein nemna: Forbod mot cruisetrafikk og annan unødvendig trafikk på fjorden og byggeforbod i fareområdet. Dei store investeringane vil koma med tiltak som: Flytting av barnehagar og skular til sikkert nivå, flytting av vegar og annan infrastruktur, flytting av offentlege bygg og institusjonar, tilskot til flytting av private bustader og verksemder.

Dessverre er Åkranes ikkje det einaste fjellpartiet som står i fare for å rasa ut. I Sogn der eg kjem frå har vi liknande fjellparti i Årdal, Høyanger og Vik. Hundre tusen nordmenn bur i område som er truga av kvikkleireras. Kanskje kjem det ei stor utgliding ein annan stad enn i Sunnylvsfjorden først. Det er mest truleg ut frå mengda av farlege parti. Men Åkranesrenna er den best dokumenterte lokaliteten og med mange tettstader i faresona. Difor bør den prioriterast utan at ein gløymer dei andre stadene som må følgjast opp med auka løyvingar til installasjon av måleutstyr, forsking og risikovurdering.

Knut Hovland

Sivilingeniør/geoteknikk

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.