Flere av underentreprisene til Hardangerbrua er nå på plass. Ill.: Statens Vegvesen (Bilde: Ill.: Statens vegvesen)

Nye kontrakter til Hardangerbrua

  • arkivnyheter

Den britiske stålprodusenten Goodwin i Stoke er i gang med produksjonen av sadlar og hengestangfeste, ei kontrakt til 75 millionar kroner. Det skal byggjast sadlar både til brutårna og spreiekammerane for kablane til brua. Hengestangsfesta skal kopla hengestengene fast til kablane og til stålkassen på brua. I tillegg skal Goodwin produsere ti av dei tilsaman 130 hengestengene til Hardangerbrua, nemleg dei som blir bygde i smidd stål. Goodwin skal levere tårnsadlane hausten 2010, medan resten av leveransen skjer våren og hausten 2011, meddeler Geir Brekke i Vegvesenet.

Europa og Aust-Asia

Dei øvrige 120 hengestengene blir produserte av Arcelor Mittal i Bresse, nær Lyon i Frankrike. Dette er ein leveranse til kring 12 millionar kroner.

Danske MT Højgaard AS har som kjent hovudentreprisen for stålarbeidet på Hardangerbrua. Dei har også fått kontrakta på levering av forankringsstag med plater og kabelsko. Høigaard har vald underentreprenørar for desse oppdraga. Forankringsstaga skal leverast av OME, som held til ved Milano i Italia. Plateproduksjonen er delt i to jamnstore delar, med produsentar i Polen og Vietnam. Produksjon av kabelsko blir utført av Qilu Special Steel, som held til nær Shanghai i Kina.

Inspeksjonar

Statens vegvesen har elles gjort avtale om kjøp av inspeksjonstenester for å følgje opp dei aktuelle leverandørane utanlands. Inspecta – tidlegare Øst Tech - har fått oppdraget med slike tenester ved stålkasseproduksjonen som startar i Shanghai i mars i år, samt ved støyperiet for støypestål til Goodwin i England.

Veritas skal ha tilsvarande oppgåver for produksjon av hengestenger i Frankrike og kablar ved fabrikken til Bridon Ltd., Doncaster i England. Her starta produksjonen sist haust, og vil pågå eitt års tid ved fabrikken. Leveransane kjem fortløpande frå komande sommar til sommaren 2011.