Seksjonen Fra forskning består av saker som er skrevet av ansatte i Forskningsrådet, Sintef, NTNU, Cicero, Universitetet i Oslo, Universitetet i Tromsø, Universitetet i Sørøst-Norge og NMBU.

Mikroplast

Mikroplast frå Europa hopar seg opp i Arktis

Havforskarar har modellert korleis mikroplast blir spreidd frå dei store elvane i Europa. Partiklane blir frakta med havstraumane nordover langs norskekysten til Polhavet, Grønland og Canada.

Ein ny studie frå Havforskingsinstituttet, Norsk Polarinstitutt og UiT viser korleis mikroplast hamnar i Arktis og kor han hopar seg opp.
Ein ny studie frå Havforskingsinstituttet, Norsk Polarinstitutt og UiT viser korleis mikroplast hamnar i Arktis og kor han hopar seg opp. (Foto: Rudi Caeyers/UiT)

Havforskarar har modellert korleis mikroplast blir spreidd frå dei store elvane i Europa. Partiklane blir frakta med havstraumane nordover langs norskekysten til Polhavet, Grønland og Canada.

  • fra forskning

– Det har vore mange observasjonar av mikroplast i arktiske havområde. Denne studien viser korleis plasten hamnar der, og kor den endar opp, seier forskar Mats Huserbråten ved Havforskingsinstituttet.

Saman med kollegaer frå Havforskingsinstiuttet og forskarar frå Norsk polarinstitutt og UiT Noregs arktiske universitet har han kartlagt dei mest sannsynlege drivbanane for mikroplasten som vi landskapningar dagleg skyl ut i havet.

I studien kombinerte dei modellar av havstraumane mellom 2007 og 2017 med simuleringer av bevegelsane til flytande mikroplast. Forskarane simulerte utslepp av mikroplast frå 21 store elvar i Nord-Europa kvar dag over ein tiårsperiode og modellerte spreiinga av partiklane over fleire tiår.

Dei fleste partiklane dreiv nordover med straumane langs norskekysten. Utanfor Troms skilde dei seg i to hovudvegar:

  • Omtrent to tredelar dreiv austover langs Finnmarkskysten til Laptevhavet nord for Russland, før dei vart frakta inn i Polhavet, over Nordpolen og deretter ut av Polhavet via Framstredet aust for Grønland.
  • Ein snau tredel av partiklane tok ein sving vestover mot Svalbard og rørde seg deretter sørover via Framstredet, langs øst- og sørkysten av Grønland og vidare langs nordaustkysten av Canada.

Forskarane såg også område der mikroplasten hopa seg opp. Desse var i dei nordiske hava, Polhavet, Barentshavet, Laptevhavet og i Baffinbukta mellom Canada og Grønland.

Kan sirkulere i tiår

For å sjekka kor godt modellen stemte, samanlikna forskarane resultata med vassprøvar frå Svinøysnittet i Norskehavet. Svinøysnittet består av 17 punkt i ei linje frå norskekysten og ut i havet, der det blir gjort regelmessige målingar. Prøvane vart samla inn mellom mai 2017 og august 2018.

Plastartiklar som langsamt blir brotne opp og slitasje frå bildekk og syntetisk tøy er nokre av kjeldene til mikroplast i naturen. Partiklane blir funne att overalt frå havdjupet til sjøisen og i fisk og andre dyr. Foto: Colourbox

Fordelinga av mikroplast i vassprøvane samsvarte med den som vart føresagt av modellen etter ti år med simulert spreiing og sirkulasjon gjennom Nordishavet, Polhavet og Framstredet.

– Dette tyder på at flytande mikroplast kan ha sirkulert i heile Arktis i minst ti år, seier Huserbråten.

– Det seier òg at det kan ta tiår før vi kan forvente respons på tiltaka, understrekar han.

– Må regulerast strengare

Mikroplast er plastpartiklar på mindre enn 5 millimeter. Mikroperler som finst i kosmetikk og pleieprodukt og slitasje frå bildekk og syntetisk tøy er nokon av kjeldene. I tillegg blir større plastartiklar langsamt brotne opp til mikroplast i naturen. Partiklane blir funne att overalt frå havdjupet til sjøisen og i fisk og andre dyr.

Forskarane åtvarar om at mikroplasten kan ha alvorlege følgjer for helsetilstanden til økosystema.

– Det er ikkje sånn at plasten forsvinn når den forlét kysten vår. Sirkulasjonssystemet på den nordlege halvkula heng saman, det er som eit lukka kretsløp. Det betyr òg at plasten kan komma i retur, seier Huserbråten.

– Utsleppa av mikroplast må regulerast strengare, for dette sirkulerer i evigheita, understrekar forskaren.

– Modellresultata fortel også kvar vi bør drive med overvaking av plast: ved knutepunkt for transportvegar og i opphopningsområde. Det viser òg at det kan ta tiår før vi kan forvente respons på tiltaka, seier Tore Hattermann frå UiT og Polarinstituttet.

Denne artikkelen ble først publisert på UiT Norges arktiske universitet

Les også

Kommentarer (5)

Kommentarer (5)

Eksklusivt for digitale abonnenter

På forsiden nå