Klima

Lusi-utbrotet avslørt som ei av verdas største naturlege utsleppskjelder

Ein av verdas største lekkasjar av væsker frå jordas indre, Lusi-utbrotet i Indonesia, slepp ut olje og gassformige hydrokarbon på nivå med historias største industriutslepp.

Dronebilete frå Lusi-utbrotet; i bakgrunnen det nærliggande Arjuno–Welirang-vulkankomplekset.
Dronebilete frå Lusi-utbrotet; i bakgrunnen det nærliggande Arjuno–Welirang-vulkankomplekset. Foto: Adriano Mazzini
Gunn Kristin Tjoflot, Titan.uio.no
20. des. 2025 - 21:13

Lusi er ein naturlig væske‑og‑muddervulkan. Geologar klassifiserer den som eit «sedimentbasert geotermisk system». Det inkluderer både varme geotermiske væsker – som er CO2 og vanndamp – og kalde sedimentære væsker – hydrokarboner.

– Lusi er ikkje berre verdas største aktive utbrot frå sediment med avsatte steinpartiklar, men også ein betydelig naturlig kjelde til utslepp av olje, potente klimagassar og fotokjemiske gassar. Inkludert metan, etan og propan, seier forskar Adriano Mazzini ved Institutt for geofag på Universitetet i Oslo.

Mazzini har leia det internasjonale forskarteamet. Forskarar frå Norge, Tyskland, Italia, England, Romania og Indonesia har gjort den omfattende kvantifiseringa av flytande og gassformige hydrokarbonutslepp fra Lusi‑systemet. No er funna publisert i det vitskapelege tidsskriftet Nature Communications.

Dei viser at i løpet av dei første 13 åra med kontinuerleg aktivitet har Lusi slept ut anslagsvis 0,22–0,28 millionar tonn olje. Det er eit volum som kan samanliknast med Deepwater Horizon‑oljeutsleppet i Mexicogolfen, ei av dei største miljøkatastrofane i nyare tid.

Metan, etan og propan

Tidlegare studiar baserte på satellittovervaking tyda på at Lusi slepp ut om lag 0,1 megatonn metan per år. Den nye studien syner at Lusi og slepp ut om lag 8000–10.000 tonn etan, og 6000–8000 tonn propan årleg til atmosfæren, noko som gjer det til ein av planetens største utslepparar av naturgass.

Over 18 år har Lusi allereie slept ut meir enn 20 gonger så mykje etan i atmosfæren som det som vart slept ut under gasslekkasjen ved Aliso Canyon (California) i 2015, rekna som ein av dei største gasslekkasjane i amerikansk historie.

Medan metan er ein godt kjend klimagass, er etan og propan viktige førebuarar for troposfærisk ozon, ei skadeleg luftforureining og ein kortlevd klimapådrivar.

Den nye studien fremjar at Lusis utslepp av desse gassane er fleire størrelsesordnar høgare enn frå store menneskeskapte kjelder, som Barnett Shale i Texas eller La Brea Tar Pits i California.

– Denne forskinga stadfestar at naturleg sig av endogene væsker og gassar frå jordas indre ikkje er ein marginal bidragsytar til atmosfæriske hydrokarbonbudsjett. Lusi er eit døme på korleis eit sedimentbasert geotermisk system kan fungere som kraftige, vedvarande kjelder til klimaaktive gassar, seier Mazzini.

Store utslepp i nytid

Deepwater Horizon oljeutsleppet i 2010 (Mexicogolfen), forårsaka av ein gasseksplosjon og brann på plattforma Deepwater Horizon.

Aliso Canyon lekkasjen i 2015 (California), var eit gassutslepp (metan) etter svikt i ein injeksjons-/produksjonsbrønn.

Desse er óg nemnd: Barnett Shale (Texas), eit stort område der det utvinnes naturgass frå skifer ved hjelp av frakturering (fracking). 

La Brea Tar Pits  (Los Angeles, California), er fyrst og fremst eit naturleg utslepp av hydrokarbon (asfalt/bitumen) og ikkje ei menneskeskapd utsleppskjelde, men utslepp kan påverkast av menneskeleg aktivitet.

Kjelder: SNL og Wikipedia

Ein lab av global betydning

Lekkasjen frå Lusi-sysmet i Aust‑Java i Indonesia har vore aktiv i nesten 20 år. Danna gjennom samverknad mellom eit aktivt hydrotermalt system og petroleumssystem kastar det kontinuerleg opp slam, bergfragment, vatn, gass og olje til overflata.

Dette pågåande utbrotet har blitt eit unikt naturleg laboratorium som lét forskarar studere i realtid korleis geologiske, geokjemiske og geotermiske prosessar påverkar kvarandre. Mazzini har utført dusinvis av tverrfaglege studiar, blant anna gjennom eit eiga ‑prosjekt LUSI LAB, for å undersøkje Lusis røyrsystem og dynamikken i væskeflyt, sedimenttransport og gassutslepp.

Adriano Mazzini tek prøver av væske ved Lusi-mudderutbrotet, Indonesia. Ein geysirfase ved krateret kan sjåast i bakgrunnen. Foto:  Privat
Adriano Mazzini tek prøver av væske ved Lusi-mudderutbrotet, Indonesia. Ein geysirfase ved krateret kan sjåast i bakgrunnen. Foto:  Privat

– Lusi representerer ei unik moglegheit til å observere eit komplekst geologisk system i aktivitet, forklarar Mazzini, som har overvaka utbrotet sidan det starta i 2006.

Han har leia årlege felt‑ekspedisjonar med geokjemiske, geofysiske og lokal overvaking. 

Naturleg laboratorium

UiO-forskar Adriano Mazzini leiar forskinga på kvantifisering av utslepp frå Lusi. Foto:  UiO
UiO-forskar Adriano Mazzini leiar forskinga på kvantifisering av utslepp frå Lusi. Foto:  UiO

Olje‑ og gassrikt slam frå Lusi renn ut i elva Porong og Madura‑stredet og skapar vedvarande miljøutfordringar for akvatiske økosystem i Nordaust‑Java. Forfattarane understrekar det akutte behovet for overvaking av olje­forureining i elve‑ og kystsedi­ment, samt vurdering av langsiktige økologiske påverknader.

Funna i studien bidreg òg til ei breiare forståing av naturlege bidrag til klimagass‑ og hydrokarbonutslepp og hjelper til med å skilje dei frå menneskeskapte kjelder.

– Å forstå heile spekteret av hydrokarbonutslepp, både og naturlege, er avgjerande for ei nøyaktig vurdering av atmosfærens klimagassbudsjett og effektiviteten av tiltaka for å redusere menneskeskapte kjelder, særleg sidan dei naturlege ikkje kan kontrollerast, seier Giuseppe Etiope. Han er forskar og vulkanolog ved Istituto Nazionale di Geofisica e Vulcanologia i Italia og medforfattar av studien.

Lusi er eit unikt naturleg laboratorium for å undersøkje desse prosessane i sanntid, konstaterer forskarane bak studien. 

Internasjonalt samarbeid

Forskingsinnsatsen bak den nye studien kombinerer over eit tiår med feltmålingar, geokjemiske analysar og satellittdata for å gje eit til no eineståande og nytt innblikk i omfanget og virkningen av naturlege hydrokarbonlekkasjer. Vil du sjå korleis utbrotet ser ut, så kan du sjå denne filmen på YouTube frå 2017. Kortfilmen er laga av AGU i forbindelse med forskinga på Lusi.

Artikkelen ble først publisert på Titan.uio.no

EU-kommisjonens president Ursula von der Leyen garanterte i april at Noreg skulle forbli ein del av det indre marknaden. No får Noreg og statsminister Jonas Gahr Støre garantiar om at tollen på ferrolegeringar var eit enkelttilfelle. Diverre er det berre ord, skriv Senterpartiets parlamentariske nestleiar.
Debatt

Å la seg herse med

Kommentarer
Du må være innlogget hos Ifrågasätt for å kommentere. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto. Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn.