Kritiske installasjonar og den menneskelege faktor

Dette spørsmålet har vore utgangspunktet for cand.polit. Asgeir Drøivoldsmo si doktoravhandling ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU.

Ved å bruke ny teknologi som virtuell og utvida verkelegheit, kombinert med tradisjonelle prosessimulatorar, tek avhandlinga for seg korleis samspelet mellom menneske og maskin kan testast før kontrollsystema blir bygde.

Å finne fram til og løyse problem tidleg i designprosessen vil kunne gi innsparingar i oppgradering og nybygg av mellom anna kontrollrom for oljeindustrien.

Drøivoldsmo diskuterer korleis slike testar kan takast ut frå laboratoriet og utførast i den verkelege verda. Det gjer han på bakgrunn av av ei rekkje eksperiment utførte ved Halden Menneske-Maskin Laboratorium (HAMMLAB), Halden Virtual Reality Centre og i miljøet rundt Haldenreaktoren,

Avhandlinga har tittelen «Nye verkty for for å studere menneskeleg prestasjon i simulatoreksperiment». Arbeidet er utført ved Psykologisk institutt, NTNU, med professor Ivar Bjørgen som hovudrettleiar og seniorforskar Jan Heim, Sintef Tele og data, som medrettleiar. Arbeidet er finansiert av NTNU sitt program for tverrfagleg forsking og Institutt for energiteknikk i Halden.

Asgeir Drøivoldsmo (37), som er fra Surnadal i Møre og Romsdal, er cand.polit. i kognitiv psykologi (1994) frå Det samfunnsvitskaplege fakultet, Universitetet i Trondheim. Han er tilsett som forskar ved Institutt for energiteknikk i Halden.

Disputas: 7. november.