NETTARKIV

For fort for Steensen

16. des. 2002 - 15:24

høyhastighestog

Påstandane i TU nr. 38/02 om "norske politikeres våte drømmer om høyhastighetstog", sjå "For fort for Norge", har utvilsamt bidratt til ein høgst nødvendig debatt om norsk jarnbane. Dette er positivt. Mindre hyggeleg er likevel at oppslaget på alle sentrale punkt framstår meir som dikting enn som journalistikk.

I oppslaget hevder journalist Anders J. Steensen i Teknisk Ukeblad å referere ein samtale med marknadssjefen i Alstom, Laurent Caseau. Det heiter at Caseau skal ha bede det politiske miljøet i Noreg om å gløyme høgfartstog. Det "blir ikke lønnsomt", og "Bruk heller fly.

Caseau har no fått omsett oppslaget i TU til fransk. Han seier til underteikna at han knapt kan kjenne seg igjen. Det er ikkje oppgåva hans å gje andre lands politikare råd om kva dei bør gjere eller la vere, og i alle fall ikkje gjennom mediene. Han kjenner heller ikkje Noreg godt nok for å kunne kome med skråsikre utsegner om eventuelle norske høgfartsprosjekt. Det han, ifølgje Caseau, har kome med var ei generell vurdering av vilkåra for høgfartsbaner.

Caseau har t.d. snakka om krava til slak stigning og store kurveradier. Desse er opplagt vanskelegare å innfri i fjellrike område som Sveits og Noreg enn i flatt terreng med lite busetjing, slik ein faktisk finn rett utanfor t.d. Paris og Berlin. Slike vanskar resulterer som regel i lengre bane og større tunneldel enn andre stader. Men, framleis ifølgje Caseau: av dette kan ein sjølvsagt ikkje trekkje den konklusjonen at høgfartsprosjekt i fjellrike område må vere dyrare eller mindre lønsame enn elles. T.d. kan stabilisering av veik undergrunn på flat land koste mykje meir enn tunneldriving i område med god geologi.

Underteikna har ikkje vore til stades under samtalen mellom Steensen og Caseau. Framstillinga til Caseau verkar likevel mest truverdig.

Jørg Westermann

Intervjuobjektet er korrekt sitert i Teknisk Ukeblad.

Red.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.