NYHETER

Fem av seks funksjonskontraktar til Mesta

Statens vegvesen har undertekna funksjonskontraktar for i alt 489 millionar kroner, delt på seks kontraktar. Fem av kontraktane gjekk til Mesta AS, medan den siste gjekk til NCC Roads. Kontraktane gjeld vedlikehald i seks av Region vest sine område, og gjeld for 4 og 5 år framover. Kontraktane gjeld frå 1. september i år.

¿Mesta-avtalen i hamn¿ Terje Totland, Mesta As (t.v) og regionvegsjef Ole Christian Torpp bekrefter avtalane med eit håndtrykk.
¿Mesta-avtalen i hamn¿ Terje Totland, Mesta As (t.v) og regionvegsjef Ole Christian Torpp bekrefter avtalane med eit håndtrykk. Bilde: Statens vegvesen
Jarle Skoglund
2. mai 2005 - 17:57

I samband med underskrivinga av kontraktane takka regionvegsjef Ole Christian Torpp entreprenørane for at dei tar utfordringane og er med på anbodsrundane. Kontraktane for dei ulike vedlikehaldsområda gjekk til følgjande:

Kontrakten for Høgsfjord i Sør-Rogaland distrikt, gjekk til Mesta As og er på 48 mill. kr. Kontrakten gjeld i 4 år og her hadde tre entreprenørar gjeve tilbod.

Kontrakten for Indre Ryfylke i Haugaland og Sunnhordland distrikt gjekk til Mesta As og er på 89 mill. kr. Kontrakten gjeld i 5 år og Mesta As var den einaste entreprenøren som hadde gjeve tilbod.

Kontrakten for Stor Bergen i Bergen distrikt gjekk til NCC Roads og er på 117 mill. kr. Kontrakten gjeld i 5 år og her kom det inn 2 tilbod.

Kontrakten for drift og vedlikehald for tunnelane i Bergen, Bergen distrikt, er på 107 mill. kr. og gjekk til Mesta As. Kontrakten er på 5 år og her kom det og inn 2 tilbod.

Kontrakten for Indre Sunnfjord i Fjordane distrikt er på 57 mill. kr. og gjekk til Mesta As. Kontrakten gjeld for 4 år og her kom det inn 3 tilbod.

Kontrakten for Indre Sogn i Sogn distrikt gjekk til Mesta As og er på 72 mill. kr. Kontrakten gjeld for 4 år og her kom det inn 5 tilbod. Dette er ein spesiell kontrakt på grunn av vintervedlikehaldet av 5 høgfjellsovergangar.

- Eg håper de som entreprenørar arbeider på ein god måte og eg ser fram til å samarbeide med dykk, avslutta regionvegsjef Ole Christian Torpp, i samband med underskrivinga av kontraktane.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.