ARKIVNYHETER

Byggestart i Vallavik

Det tok nærare 40 timar med samanhengande arbeid, då det vestre fundamentet på Hardangerbrua nyleg vart støypt.
Det tok nærare 40 timar med samanhengande arbeid, då det vestre fundamentet på Hardangerbrua nyleg vart støypt. Bilde: Statens vegvesen
29. jan. 2010 - 10:01

Arbeidet med støyping starta 26.januar, og prosessen tok nærare 40 timar med samanhengande støyp. Betongblandeverket ligg i Smedavika, berre ein kilometers køyring frå byggjeplassen.

Det er det vestre fundamentet som er først ute. Det austre fundamentet er planlagt støypt i veke 5. Båe fundamenta er på kring 800 kubikk, noko mindre enn tårnfundamenta på Bu, som blei bygde i oktober 2009. På Bu er ein godt i gang med klatrestøyp av tørnsøylene. Same jobben kjem i gang også i Vallavik i februar, når båe fundamenta her er klare.

Det er Veidekke som har betongentreprisen på Hardangerbrua, til ein verdi av 320 millionar kroner. Unicon er underentreprenør på betonglevering.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.