ARKIVNYHETER

I full spinn over Hardangerfjorden

Assisterande byggjeleiar Ingar Fasteland i Statens vegvesen ved ein av kabelformarane ute på gangbrua, der tråden skal leggast inn. (
Assisterande byggjeleiar Ingar Fasteland i Statens vegvesen ved ein av kabelformarane ute på gangbrua, der tråden skal leggast inn. ( Bilde: Geir Brekke, Statens vegvesen
8. des. 2011 - 10:45

Sjølv om vinteren er på veg er det i første rekkje vindstyrken som vil avgjera framdrifta for kabelspinninga. Entreprenøren set ei grense for arbeid på catwalk på 16 sekundmeter. For kabelspinning ligg grensa på 10-12 sekundmeter. Alt i samråd med byggherre Statens vegvesen. Tryggleiken til mannskapa og kvaliteten på arbeidet er det viktigaste.



Noko forseinka

Kabelspinninga starta eit par månader etter den opprinnelege framdriftsplanen til entreprenøren. Bygging av store konstruksjonar som Hardangerbrua er ikkje kvardagsoppgåver. Mannskap må bli fortruleg med tekniske rutiner før alt fungerer optimalt.

Bygging av catwalk pågjekk i juli og august, inkludert eit sinnrikt nett av stormsikringskablar på båe sider av fjorden, som skal stabilisera den hengande gangbrua mellom Vallavik og Bu.



Ti minutt over fjorden

Kabelspinninga starta varsamt 7.november, og det tok drøye tre veker å få ferdig den første av dei i alt 19 delkablane som skal utgjere ein ferdig kabelbunt med ein diameter på 60 cm. Det er to slike kabelbuntar på brua, ein over kvar av tårnsøylene. Kablane blir forankra i kabelskoene som ligg nedst i spreiekammeret.

Spinninga går føre seg såleis at fire kabeltrådar blir frakta med spinnehjul frå Bu – på sørsida av fjorden - til forankringsanlegget i Vallavik, på nordsida av fjorden. Her blir trådane innfesta i kabelskoene, etter same prinsipp som på andre sida av fjorden. Etterpå går hjulet tilbake til Bu for å henta fire nye kabeltrådar over tårn og fjordspenn.

Arbeidet pågår fra sju om morgonen til 18-tida om kvelden. Arbeidslyset på gangbrua gjer det mogleg å driva bruarbeid med lange dagar også gjennom vinteren. Lysa gir dessutan ei ekstra oppleving for ferdafolk i Indre Hardanger i mørketida.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.