Oppførsel til katodekull

Dette kan i verste fall føre til oppsprekking og nedstenging av cella.

Sivilingeniør Jørund Gimmestad Hop (30) frå Høyanger i Sogn og Fjordane har sett på dette i doktoravhandlinga si ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet NTNU.

I arbeidet er katoden i cella, som er laga av karbon, undersøkt med omsyn til deformasjon over tid. Sig er målt i originalt og elektrolysert materiale ved 980 °C, og ein større sigefart vart målt i elektrolysert materiale. Ein kjemisk ekspansjon av katodekullet, kalla natriumekspansjon, er målt i forskjellige kvalitetar og diskutert med omsyn til tid.

Arbeidet er eit bidrag til å forstå tidsavhengig deformasjon i katodekol. Resultata kan brukast i modellar for å forutseie spenningar i katodekolet.

Avhandlinga har tittelen «Natriumekspansjon og sig i katodekol». Arbeidet er utført ved Institutt for materialteknologi, NTNU, med professor Harald A. Øye som rettleiar. Arbeidet er finansiert av Noregs forskingsråd og den norske aluminiumindustrien.

Jørund Gimmestad Hop er sivilingeniør (1997) frå Høgskulen i Stavanger og har disputert for graden dr.ing. Han er tilsett som prosjektingeniør ved Hydro Aluminium.