MEDISIN

Magnetar trekkjer kreftmedisinen fram til svulsten

Ved hjelp av magnetiske nanopartiklar vert legemiddelet meir treffsikkert, behandlinga meir effektiv og biverknadane reduserte.

Magneten trekkjer legemidddelet til rett stad i kroppen.
Magneten trekkjer legemidddelet til rett stad i kroppen. Illustrasjonsfoto: Colourbox
Torstein Helleve, Titan.uio.no
15. okt. 2023 - 16:50

Mange legemiddel mot kreft verkar ikkje berre på kreftcellene, men på friske celler i resten av kroppen òg, slik at pasienten får betydelege biverknadar. Forskarar prøver derfor stadig å finna måtar å forbetra legemidla på, sik at ein kan unngå slike biverknadar.

Ein måte å oppnå dette på, er å bruka nanopartiklar som transportørar for verkestoffet i legemidlet, og så utnytta eigenskapar hjå nanopartiklane til å frakta legemiddelet til svulsten og berre dit.

Ein moglegheit er å bruka magnetiske nanopartiklar som transportørar, fortel stipendiat Athar Mahdieh ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.

Nesten for godt til å vera sant

– Desse nanopartiklane er alt er godkjende for bruk i menneske, seier Athar Mahdieh. <i>Foto:  UiO</i>
– Desse nanopartiklane er alt er godkjende for bruk i menneske, seier Athar Mahdieh. Foto:  UiO

– Vi injiserer nanopartiklane med legemidlet i blodbanen til pasienten. Ved å plassera ein magnet utanpå kroppen der svulsten er, vert legemidlet trekt dit og verkar der det skal og ingen andre stader, fortel ho.

– Nanopartiklane frigjer legemidlet ved svulsten og vert deretter brote ned i kroppen til ufarlege substansar, som til dømes jern.

Ved behandling av brystkreft, som er hovudfokuset for Mahdieh, vil legemidlet bli injisert, og så plasserer ein altså en magnet utanpå brystet så nær svulsten som råd.

Det høyrest så enkelt ut at det nesten er for godt til å vera sant, men Mahdieh rapporterer utmerka resultat både i laboratorieforsøk og i forsøk med mus. Dei har samanlikna effekten av legemidlet med eller utan bruk av magnet, og magneten gav høgare effekt i svulsten og mindre toksisitet eller giftigheit i resten av kroppen. Ein vitskapleg artikkel er nyleg publisert i International Journal of Pharmaceutics.

Må sitje nær overflata

– Det fine med desse nanopartiklane er at dei alt er godkjende for bruk i menneske. Dei er utbreidd brukt i kontrastvæske innan MR, der ein tek bilete av innsida av kroppen med radiobølgjer og ein kraftig magnet, seier ho.

– Partiklar som kan brukast både i behandling og til diagnose, kallar vi teranostiske, ei samantrekning av terapeutisk og diagnostisk.

Sjølv om det er brystkreft som er det primære forskingsfeltet til Mahdieh, trur ho metoden kan eigna seg like godt for andre typar kreft.

– Men med magneten utanpå kroppen, må det vera kreft som sit nær overflata, hudkreft til dømes. Prinsipielt kan ein òg tenkja seg at ein operer inn ein magnet ved svulstar som ligg djupare, men det vert berre spekulasjonar, seier ho.

Partiklane vert brotne ned til ufarlege stoff

– Men det er forskarar som har prøvd ut dette for andre sjukdomar enn kreft, til dømes sjukdomar i øyra.

Forsking på slik bruk av magnetar i behandling har skote fart dei siste åra. Det har ei enkel forklaring som ber bod om ei lys framtid for feltet, meiner Mahdieh:

– Det er billig, som jo alltid er interessant, og partiklane vert som sagt brotne ned til ufarlege stoff i kroppen.

Artikkelen ble først publisert på Titan.uio.no

– Funnet bekrefter det vi trodde før vi landet, sier professor Svein-Erik Hamran ved Institutt for teknologisystemer på UiO.
Les også

Nye målinger på Mars: – Spørsmålet er om det kan finnes gammelt, forsteinet liv der

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.