FORUM

Jernbane og fakta

22. okt. 2004 - 17:29


Heimon Winkelman, ingeniørstudent ved Høgskolen i Telemark hevdar i Teknisk Ukeblad nr. 25/04 at "Idar Mo i TU nr. 22/04 har blandet sammen diverse usannheter og egne meiningar om jernbane og veitransport" og siterer følgjande frå min artikkel: "Jernbana stod for 1 % av tonn og tonn/km som knyter seg til norsk varetransport internt og til/frå utlandet. " Med utgangspunkt i TØIs rapport 674/2003 som han meiner seier at jernbana har 5,5 % av godstransportarbeidet i Noreg, hevdar studenten at mi framstilling "er tull" og at "de fleste med litt mellom ørene " forstår det. Så viser han fram nokre strekningar med " mykje" jernbanegods.

Sjølvsagt skriv eg ikkje tull i TU, problemet er at høgskulestudenten ikkje er i stand til å lese TØI-rapportar. Studenten har funne ein tabell som på ingen måte tek med all godstransport i landet. Mellom anna har alle innanlandske transportar som ikkje er både på- og avlesst på norsk område falle bort, og det er mesteparten. I tillegg har alt transportarbeid som vert utført på eksport/importransportar utanom den norske tolvmilsgrensa og til og frå norsk sokkel falle ut.

Lat oss ta eit konkret døme: Ein lastebiltransport frå Bodø til Oslo for omlasting til eksport der kjem med i studenten sin statistikk, medan ein lastebiltransport frå Bodø til Oslo, men som går vidare til Gøteborg for omlasting der, vert fullstendig fjerna frå statistikken på same måte som alle deler av Hydro sine transportar på Sognefjorden frå Årdal til Rotterdam. På denne måten vert f.eks sjøtransporten redusert frå 180 til 14 mrd tonn/km, og jernbana sin prosent for tonn/km aukar då "mellom studenten sine øyrer" frå 1 % til 5,5 %. Same type dataframstilling ligg heile tida føre i Jernbanemagasinet, Jernbaneverket og i medlemsavisa til Naturvernforbundet.

Ingeniørstudenten må og lære seg skilnaden mellom inntekter, kostnader og tilskot. Eg skriv i mitt innlegg at jernbana sine kostnader er vel 9 mrd kr på statsbudsjettet og inntektene berre vel 3 mrd kr, noko som gjev eit tilskot på 6 mrd kr. Det står ikkje i min artikkel at staten brukar 8 mrd kr til jernbaneføremål slik studenten hevdar.

Studenten sine meiningar om mine vurderingar av jernbana sin energibruk er like gale som vurderingane av økonomi og transportomfang og står til stryk. Til slutt syner eg til reknereglar for omfang av transport som ligg føre i NOU 1975:56 Om samferdselsstatistikken, og til definert statistikk mellom anna i SSBs Historisk statistikk 1994 og andre kjelder frå SSB og TØI.

Idar Mo

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.