Seksjonen forskning består av saker som er skrevet av ansatte i Forskningsrådet, Sintef, NTNU og UiO.
Målet var å lage ein enkel og rimelig robot. Dei skrella ned behova til eit minimum, altså ei glasklokke som toler enormt trykk, utstyrt med sensorar, HD-kamera, led-lys og litiumbatteri. (Bilde: Promare)

11K ROBOT

Norsk robot hentet opp organismer fra 8000 meters dyp

Lavkostprodukt fra NTNU-studenter.

  • Forskning

Dei store havdjupa skjuler mange løyndomar. Ein ny lågkostnad undervassrobot utvikla ved NTNU gjev oss ny kunnskap om livet langt der nede.

Uvanlege organismar frå 8000 meters djup vert no studert av forskarar frå mange kantar av verda, og det er første gong botnlivet i djupa i Atlanterhavet er filma.

Roboten som Fredrik Søreide ved NTNU har vore initiativtakar for, gjer at det no blir enklare og rimelegare å dykke djupt. Truleg står vi føre ei storstila kartlegging av kva som skjuler seg på botnen.

Twitra på 11 000 meters djup

Nokre vil opp på verdas høgste toppar. Andre vert tiltrekt av dei djupaste hava. Marianegropa i Stillehavet, verdas djupaste med sine 11 000 meter, fekk sitt første besøk allereie i 1960.

Da nådde den amerikanske ubåten Trieste med mannskap botnen. Drivne av både forskartrong og eventyrlyst har fleire freista å kome seg ned på botnen sidan da.

Men, først 35 år seinare fekk Marianegropa eit nytt besøk, denne gong av eit fartøy utan mannskap.  Det var japanarane som sende ned ein svært avansert undervassrobot til fleire millionar kronar og henta opp organismar frå botnen.

I 2009 sende amerikanarane ein annan fjernstyrt farkost ned i Stillehavsdjupet. Den kom opp att med bilete og film. 

Meir enn 50 år etter at dei første menneska dykka ned i Marianegropa, fann den andre menneskelege nedstiginga stad. Hollywood-regissøren James Cameron, mannen bak filmane «Avatar» og «Titanic», twitra i fjor vår frå 11 000 meters djup, i ein kostbar ubåt med mykje teknisk utstyr.

Sjå reportasje frå National Geographic om Camerons djupdykk.

Les også: Packbot skal beskytte paven, OL og fotball-VM

Først ned i Atlanterhavet

I kappløpet om å komme først ned til dei store havdjupa i Atlanterhavet, vann Fredrik Søreide og Promare-gruppa. I fjor haust bringa roboten dei har utvikla, med seg tre timar videoopptak samt levande organsimar frå meir enn 8000 meters djup i Puerto Rico-gropa.

– I ti år har eg tenkt på dette.  Vi hadde ein ide om at eit fartøy for store djup måtte kunne lagast enklare og billegare. Vi skrella ned behova til eit minimum, altså ei glasklokke som toler enormt trykk og sensorar. Vi satsa på eit lågkostprodukt, fortel Fredrik Søreide ved Marin teknikk ved NTNU.

Promare er ein amerikansk forskingsstifting kor velhavande amerikanarar skyt inn pengar til forsking. Søreide var med og starta stiftinga i 2001, og det er Promare som har finansiert roboten og ekspedisjonen.

I utviklinga av roboten 11k har fleire land og miljø vore involvert. Blant anna har AURLab ved NTNU bidrege. Søreide laga skissene mens Robert Staven som arbeider ved AURLab, bygde 11k.

Roboten vart først testa ut i Trondheimsfjorden, frå forskingsfarkosten Gunnerus. Deretter vart den testa i ein trykktank på Notodden som simulerte 4000 meter djup. Etter nokre justeringar, bar det til Atlanterhavet sitt djupaste djup, Puerto Rico-gropa.

Les også: Se verdens minste robot-bie på vingene

Film frå djupet Promare

Film frå djupet

Saman med roboten, vart det òg senka ned ein sekk med fisk som fungerte som åte. Dermed kunne forskarane bringe organismar med opp til overflata. Dei vart med ein gong lagt i steril oppbevaring.

HD-kamera, led-lys og litiumbatteri sørgde for videoopptak frå djupet.

– Dess djupare kameraet vart senka dess mindre dyr var det å sjå, men desto meir amfipodar, eit slags rekedyr. Heile svermar med amfipodar. Kameraet fanga også inn to botndyr: sjøpølse og eit krabbeliknande dyr.

Amfipodane vert no undersøkt av Oceanlab ved universitetet i Aberdeen, i tillegg til NTNU.

Det skal blant anna gjerast gensekvensering av dyra. Forskarane er sikre på at dei vil kome til å definere fleire nye artar under kartlegginga.

Les også: Styrer roboten med tankene

Nytt dykk til hausten

Amfipodene er ein art som tidlegare berre er funne i dei djupe delane av Stillehavet.

Det er ingen moglege bindeledd mellom dei store djupa i Stillehavet og Atlanterhavet, og forskarane er opptekne av å finne ut korleis og kvifor denne spesielle arten finst på ekstremt store havdjup.

I Marianegropa i Stillehavet, veit ein med sikkerheit at det finst ikkje fisk. I Puerto Rico-gropa derimot, trur forskarane at det finst fisk, fordi det tidlegare er tråla opp fisk frå svært djupt vatn i området. Allereie til hausten kan Søreide og co få svar på dette.

 – Vi er i ferd med å vidareutvikle prosjektet og byggje ein ny fjernstyrt undervassfarkost med kabel. Det gjer at vi kan sjå bileta samstundes som roboten filmar og at vi kan styre han ut frå kva vi meiner er interessant å filme, seier Søreide.

– Vi har derfor inngått eit samarbeid med selskapet Sperre AS på Notodden for å utvikle denne teknologien.

Det er dessutan venta at Richard Branson, eventyrar som også eig flyselskapet Virgin, skal bli det første mennesket som dykkar ned til botn i Atlanterhavet i løpet av 2013.

Les også: Roboter kan redde norsk industri

Dykkar i verdas eldste innsjø – Ein veit mindre om dei store havdjupa enn ein veit om månen si overflate, seier Fredrik Søreide som er ferd med å utforske dei. Promare

Dykkar i verdas eldste innsjø

Til neste år tek Fredrik Søreide og Promare undervassforskinga eit steg vidare, til verdas nest djupaste og nest største innsjø, Lake Tanganyika i Tanzania. Berre Bajkal-sjøen i Russland er større og djupare.

– Lake Tanganyika er verdas eldste innsjø. Ein veit ingenting om kva som finst i djupet der, så dette er kjempespanande, seier Fredrik Søreide. 

Her kan du lese meir om ekspedisjonen og sjå klipp frå videoen teken i Puerto Rico-gropa.

Denne saken ble opprinnelig publisert på Gemini.no – et nettsted for forskningsnytt fra NTNU og Sintef. Artikkelforfatteren er tilknyttet NTNU.

Flere nyheter fra gemini.no:

Elbil gir god samvittighet

Mikrobilder gir svar om leddgikt

Strengere oppfølgingsregler endrer trolig ikke sykefraværet