Det tok nærare 40 timar med samanhengande arbeid, då det vestre fundamentet på Hardangerbrua nyleg vart støypt. (Bilde: Statens vegvesen)

Byggestart i Vallavik

Arbeidet med støyping starta 26.januar, og prosessen tok nærare 40 timar med samanhengande støyp. Betongblandeverket ligg i Smedavika, berre ein kilometers køyring frå byggjeplassen.

Det er det vestre fundamentet som er først ute. Det austre fundamentet er planlagt støypt i veke 5. Båe fundamenta er på kring 800 kubikk, noko mindre enn tårnfundamenta på Bu, som blei bygde i oktober 2009. På Bu er ein godt i gang med klatrestøyp av tørnsøylene. Same jobben kjem i gang også i Vallavik i februar, når båe fundamenta her er klare.

Det er Veidekke som har betongentreprisen på Hardangerbrua, til ein verdi av 320 millionar kroner. Unicon er underentreprenør på betonglevering.