12. februar

Haramskonferansen

  • Fra: 12. februar 2019 07:00
  • Til: 12. februar 2019 16:00
  • Sted: Ingebrigt Davik huset, Brattvåg

Les mer (aakp.no)

EIN ATTRAKTIV MØTEPLASS

Haramskonferansen er ein regional næringskonferanse på Sunnmøre som arrangerast av Haram Næring og Innovasjonsforum  i samarbeid med ÅKP og Haram kommune. Rundt 250 deltakarar er vente til konferansen som arrangerast i Brattvåg, sentralt i den maritime klynga på Møre. Konferansen har som mål å vere ein attraktiv møteplass for bedrifter der ein får nye impulsar og inspirasjon i kvardagen.

RØKKE SITT REV OCEAN-PROSJEKT OG NINA JENSEN

Haramskonferansen har som ein av få lykkast med å få Nina Jensen fra REV Ocean som foredragsholdar. Kjell Inge Røkke står som kjent bak prosjektet og fartøyet REV Ocean, i samarbeid med WWF. Dette blir verdens mest avanserte forskingsskip (REV er en forkortelse for Research, Expedition og Vessel). Tidlegare generalsekretær i WWF, Nina Jensen, er tilsett som leiar for prosjektet. Forskningsskipet REV Ocean skal da også byggjast i Haram kommune, ved Vard Brattvaag. 

FØRST MED EIGEN APP

Haramskonferansen lanserer samstundes som første konferanse på Sunnmøre ein egen app som gjer det enklare for deltakarane å melde seg på, halde seg oppdatert om programmet, lese om  innleiarane, kommunisere med andre deltakarar og avtale møter. Appen skal også redusere bruken av plast og papir under sjølve konferansen. 

På forsiden nå