Fagforeininga NTL Veg representerer tilsette i Statens vegvesen (SVV) som er på over hundre lokasjonar landet over, har ansvar for om lag 10.600 km riksveg, 16 riksvegferjesamband, 1540 km gang- og sykkelveg, 6000 bruer og 600 tunnelar. NTL Veg vil ha trygge kostnadseffektive løysingar på vegnettet vårt, med desentraliserte fagmiljø som syt for kvalitet og beredskap over heile landet.
Statens vegvesen har i framlegg til statsbudsjett for 2023 fått redusert investeringsbudsjettet med om lag 2/3 samanlikna med dei siste tre åra. Dette er kritisk for SVV og me står i fare for at fleire dyktige tilsette vel å sjå seg etter anna arbeid når store prosjekt vert lagt på is. Prosjekt, som med ei relativt lita løyving i 2023 kunne blitt klare til bygging i 2024, må avlysa inngåtte kontraktar, utsetta avtalar og skalera ned kapasiteten til eit minimum. Det som ved fyrste augekast kan sjå ut som ei harmlaus utsetting frå regjeringa si side, kan medføra at prosjekt som burde ha vore sett i gong medio 2024, vert utsett og fyrst kjem i gong i 2026 eller seinare. Det betyr mindre arbeid til entreprenørane og andre i marknaden.
Vegkompetanse er ikkje hyllevare, verken for SVV eller entreprenørane. Erfaringar frå andre organisasjonar viser at når kompetanse først er tapt, let den seg vanskeleg bygga opp att. NTL Veg forstår at me står i ein ekstraordinær situasjon, der alle må medverka til å redusere faren for prisvekst og renteauke for folk, men me lurar framleis på kvifor regjeringa vel å kutte i investeringane i sin eigen fagetat, medan dei skjermar Frp sitt ektefødde regjeringsbarn Nye veier A/S (NVAS) for tilsvarande kutt.
Støre har uttalt at tillitsreforma i offentleg sektor er eit av regjeringa sine viktigaste prosjekt og det har me applaudert. For oss handla tillitsreforma mellom anna om ei vriding frå reformkonseptet New Public Management (NPM), som i kjernen ikkje har tru på verken stat eller politikarar, med oppsplitting, fragmentering og privatisering, til politikarar som meiner noko og som vil ta grep for å sikra likeverdige tenester over heile landet. Ei vriding frå politikarar som ikkje vil ha innflyting, til politikarar som ynskjer å ta ansvar og få moglegheit til demokratisk styring. Ei vriding frå ein ibuande skepsis til offentleg tilsette, til politikarar som ser verdien av ein offentleg sektor som er kompetent og klar til å medverka når det trengs.
Me opplever at regjeringa famlar medan vegsektoren er utsett for «jernbanetilstandar» i form av uendelege aktørar, direktørar og ansvarspulverisering. Me er lova ei evaluering, men fryktar løysingar som ikkje er verken ideologisk eller fagleg forankra. Me forventar betre.
- Me forventar at regjeringa vil ha ei reell kostnadseffektivisering, slik at me kan få maksimalt ut av kvar krone.
- Me forventar at regjeringa ser verdien av å ha kompetanse i staten og ikkje berre i konsulentbransjen.
- Me forventar at regjeringa meinar det når dei seier at heile landet skal takast i bruk, og at dei forstår kva tyding vegnettet har for verdiskapinga og transport av menneske og varer.
- Me forventar at regjeringa erkjenner kor viktig vegnettet er for samfunnssikkerheit og beredskap.
Då er det ikkje famling, men handling som er løysinga.