Terje Riis-Johansen legger fram havvindlova på Teknisk Museum 26 juni 2009. Foto: Kjetil Malkenes Hovland

Nynorsk i (hav)vinden

Olje- og energidepartementet – no òg på nynorsk.

Den nye havenergilova vart den første fra olje- og energidepartementet på nynorsk.

– Det er flott og på høg tid nynorsken blir representert i lovverket departementet forvaltar, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen i pressemeldinga, som også er skriven på nynorsk.


NYNORSK: – Eg syns det er veldig bra og heilt på sin plass, seier Håvard B. Øvregård i Noregs Mållag om at Oljedepartementet nyttar nynorsk.
Les pressemeldinga og havenergilova her

– På sin plass

– Eg syns det er veldig bra og heilt på sin plass. Eg vil gi stort skryt, men det er heilt på sin plass. Dette lover godt for oppfølginga av stortingsmelding 35, som slår fast at ein alltid skal tenkje på om ein kan nytte nynorsk, seier Håvard B. Øvregård i Noregs Mållag til Teknisk Ukeblad.

– Dette var hyggeleg. Lova er eit nybrottsarbeid på energiproduksjon, så det passa godt med nybrottsarbeid på språket også, seier Gunnar Kvassheim (V), leiar i Stortingets energi- og miljøkomite.

I ei pressemelding frå mållaget utdjupar statsråden kvifor han nyttar nynorsk:

– Det er vel slik at realiteten er at det er helst små dokument som er på nynorsk, medan dei store har vore på bokmål. Difor er det bra at eit så omfangsrikt og viktig lovframlegg kjem på nynorsk, seier Riis-Johansen.

– Ein av verstingane

Mållaget meiner Olje- og energidepartementet har vore eitt av dei dårlegaste departementa på å nytte nynorsk i sine dokument.

– Vi har ikkje noko verstingliste på departementa. Men Olje- og energidepartementet har vore mellom dei som har vore mindre gode. Det seier jo litt at dette er den første lova deira på nynorsk. Også Finansdepartementet og Helsedepartementet har ein jobb å gjere, seier Øvregård.

– Syner språkleg medvit

Mållaget er nøgd med at departementet sjølv har teke tak i saka.

– Her har ein eit departement som har teke tak i dette og syner medvit om språk og nynorsk. Eit føredøme for andre, som kanskje treng noko meir hjelp for å bli mint på dette.

– No kan ein seie at nynorsk er i vinden – i alle fall havvinden?

– Det er ikkje berre i havvinden at nynorsken er. Vi ser det meir i næringslivet og reklamebransjen, og no også i departementa, seier Øvregård.

– Er departementa flinke nok til å nytte nynorsk?

– Det er særs variabelt. Utfordringa er at politikarane har sett klare mål i stortingsmeldinga, men det er ein jobb å gjere før måla vert gjennomført frå statlege organ sitt hald. Dette er ei hovudutfordringa i mållaget sitt arbeid, seier Øvregård.


Del på Facebook:

 
Bestill abonnement Ett års abonnement av Teknisk Ukeblad kun 1590 kr! Bestill nå eller SMS kodeord TU til 2007

Slik overvåkes vi

Den mest avanserte programvaren kan varsle når akkurat du dukker opp på et bestemt sted. Les mer

Mot nytt rekordår for varmepumper

Foto: Leif Haaland Luft-til-luft-pumper er aller hottest. Les mer

TEST: Objektiv til iPhone 4 og 4S

Foto: Håkon Jacobsen Denne lille dingsen gjør din iPhone til et mye bedre kamera. Les mer


Forlenger levetiden på undervannsbrønner

Foto: Marit Hommedal Statoil har byttet ut kontrollsystemene på undervannsbrønnene i feltene Vigdis og Tordis. Det sikrer drift fram til 2030. Les mer

Tredoblet effekt og lavere forbruk

Foto: Ford Jo da, énlitersmotorene fra Ford har gjort framskritt på 35 år. Les mer

Superjumbo skal undersøkes for sprekker

Foto: Qantas Alle A380-fly skal sjekkes etter vingesprekk hos Qantas. Les mer

Ny passiv osloskole

Foto: Veidekke Entreprenør Bjørnsletta skole skal bygges etter passivhusstandard. Les mer




Søk i skattelistene

Skriv fornavn og etternavn:

Fikk du med deg

Bygget studentbolig på 8,8 m2

Foto: Jan Nordén Her er Sveriges minste studentbolig.
Les mer

Her tjente ingeniørene mest

Foto: Dag Yngve Dahle NITOs lønnsstatistikk er her.
Les mer

Slik kan Costa Concordia berges

Foto: Illustrasjon: Lina Merit Jacobsen Bergingen kan bli en svært kostbar og tidkrevende jobb.
Donald-metoden kan brukes

Her er kameraet barna ikke ødelegger

Foto: Stein Jarle Olsen Nikons nye kamera er vanntett og tåler fall.
Les mer

Denne norske dingsen får Airbus til å sikle

Foto: Dolphitech Norskutviklet ultralydkamera kan bli standardutstyr om bord på fly og på flyplasser rundt om i verden.
Les mer

Underholdning

Annonsebilag til Teknisk Ukeblad

Teknisk Ukeblad - Redaktørseil© 1995-2012 Teknisk Ukeblad Media AS
Ansv. redaktør: Tormod Haugstad
Annonsere: Informasjon og priser
Telefon/faks: 23 19 93 00/23 19 93 01
E-post redaksjonen: Nett - papir/blad
Besøksadresse: Sørkedalsveien 10 C, Majorstuen, Oslo, Norge
Postadresse: PB 5844 Majorstuen, N-0308 Oslo
Faktura-adresse: Teknisk Ukeblad Media, v/Kvestor Pro AS,
Brugata 2b, N-2500 Tynset
© 1995-2012 Teknisk Ukeblad Media AS - www.tu.no
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.