SAMFERDSEL

Vi må leve med flaum

2. nov. 2000 - 13:39

Reguleringsmagasin verkar mot flaum, men av kostnads- og miljøomsyn er det lite aktuelt å etablere nye. Regn og snøsmelting er dei viktigaste årsakene til flaum i Noreg. Også menneske påverkar gjennom utbygging av elvenære område og ved fjerning av skog og annan vegetasjon. Utslepp av klimagassar er ein indirekte måte å påverke flaumforholda. Reguleringsmagasin er det mest effektive tiltaket for å redusere flaumskader, men er lite aktuelt ut frå kostnads- og miljøomsyn.

Store flaumar fører til skade på bygningar, vegar og jordbruksområde. For naturmiljøet er situasjonen annleis. Eit vassdrag er eit system som alltid er i endring, og flaumar utgjer ein naturleg del av dette systemet. Dersom dei fysiske, vasskjemiske og biologiske forholda endrar seg på grunn av flaum, vil vassdraget og livet der tilpasse seg dei nye forholda. Det skjer ei endring, men miljøet tek ikkje skade av det. Først når menneskeskapte verdiar vert øydelagde, vil det vere riktig å snakke om skade.

Hydra og Vesleofsen

Gjennom kraftregulering, etablering av by- og tettstadsområde, endring i skogtilstand og bygging av flaumverk kan ein påverke flaumforhold i eit vassdrag. I Hydra-programmet har ein studert korleis desse tiltaka har påverka flaumforholda i Glommavassdraget.

Nedtapping av ei rekkje reguleringsmagasin forut for flaumen – Vesleofsen – i 1995 synte seg å ha ein klar flaumdempande effekt. Den største dempinga vart oppnådd i Glomma-greina. Ved Elverum og Nor, i Solør, vart vasstanden redusert med ein meter og ved Øyeren med 2,3 meter. I Lågen-greina vart vasstanden redusert med 0,4 meter ved Otta og i Mjøsa.

I Glommavassdraget har ein studert korleis etablering av 25 tettstader har påverka avrenninga til vassdraget. Modellar syner at avrenninga i gjennomsnitt har auka med 22 prosent, samanlikna med situasjonen før utbygging. Denne auken i avrenning har likevel ikkje hatt innverknad på flaumforholda i hovudvassdraget. Dette skuldast at dei tettbygde områda i Glommavassdraget utgjer ein svært liten del av det totale nedbørfeltet – berre 0,5 prosent. For små og mindre vassdrag, der tettstadene utgjer ein større del av nedbørfeltet, kan auka avrenning frå tette flater ha stor innverknad på flaumforholda.

Endrar ikkje skogtilstanden

I Glommavassdraget har det ikkje vore mogleg å påvise noko endring i flaumforholda som kan førast tilbake til endring i skogtilstand frå 1920 til 1990. Resultata er ikkje noko prov på at endringar i skogtilstand ikkje kan føre til hydrologiske verknader. Dette er tvert imot velkjend frå ei rekkje undersøkingar i mange land. Konklusjonen frå Glommavassdraget er at endringane i skogtilstanden ikkje er store nok til å påverke flaumforholda.

Flaumverk er diker som vert bygde langs vassdrag for å hindre vatnet i å fløyme inn over landområde. I Glomma har ein funne at flaumverk har liten innverknad på storleiken av flaumen. Derimot fører flaumverk til at vatnet får større fart, slik at flaumen utviklar seg raskare nedover i vassdraget.

På grunn av flaumverka på strekninga Elverum – Kongsvinger kom flaumtoppen i 1995 cirka ti timar tidlegare ved Kirkenærområdet og cirka 20 timar tidlegare ved Kongsvinger enn tilfellet ville ha vore utan flaumverk. Den raskare utviklinga av flaumen vil vere ei utfordring både for flaumvarslinga og for beredskapsapparatet, då ein får kortare tid til å planleggje kva tiltak ein skal setje i verk for å sikre seg mot flaumskadar.

Potensial for flaumdemping

Opp gjennom tidene har det vore sterk fokus på tekniske flaumsikringstiltak som flaumverk, kanalisering og senkingstiltak. Etter kvart har samfunnsøkonomi og miljøkonsekvensar av flaumsikringstiltak kome meir i fokus. Internasjonalt, men også i Noreg, er det i dag ei dreiing mot ikkje-tekniske tiltak som arealplanlegging, beredskap og alternativ handtering av overflatevatn.

Flaumsonekart er kart som syner kva område som vert overfløymde ved ulike flaumstorleikar.

I Hydra er det utarbeidd flaumsonekart for ei rekkje av dei største elveslettene langs Glomma. I tillegg er det i NVE eit kontinuerleg arbeid med å kartleggje dei mest flaumutsette strekningane i landet. Karta vil vere eit nyttig hjelpemiddel for å unngå utbygging i flaumutsette område.

Av tekniske tiltak vil reguleringsmagasin vere viktige med tanke på å dempe flaum også i framtida. Ei vurdering av flaumdempingseffekten av tilleggsreguleringar i Glommavassdraget (12 prosjekt) viser at det er eit vesentleg potensial for flaumdemping, særleg i Glomma-greina.

Med realisering av tilleggsreguleringane kan ein sjå bort frå store skader i Glomma for flaumar av storleik inntil 1995-flaumen. I Otta, Lågen og Mjøsa derimot er flaumdempings-effekten av tilleggsreguleringane ikkje så store. Her må ein enno rekne med skader i samband med store sommar- og haustflaumar, sjølv om flaumane er mindre enn i 1995.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.