ARKIVNYHETER

Veglys sparar liv

Statens vegvesenStatens vegvesen
13. mai 2011 - 13:24

Revidert nasjonalbudsjett vart lagt fram fredag, men samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa fortalte allereie onsdag at Rogaland får pengar til veglys. 20 millionar kroner gir veglys på strekninga frå Råse bru ved Moi til Ualand.

- Kleppa var på befaring frå Kristiansand til Stavanger. Seksjonsleiar Eddie Westad og eg møtte henne ved fylkesgrensa. Då fekk vi den gledelege nyheiten om midlane til veglys, seier Astrid Eide.



- Svært lønsamt

Plan- og forvaltningsseksjonen i Stavanger har i lang tid arbeidd for å få meir midlar, og ikkje minst forståing for kor viktig lys på E39 er for trafikktryggleiken.

- Det er eit betydeleg antal ulukker på strekninga, men vi har rekna ut at veglys mellom fylkesgrensa og Krossmoen sparar eit liv eller ein hardt skadd i året, seier Eddie Westad.

- Veglys er samfunnsøkonomisk svært lønsamt. Det er faktisk det prosjektet i regionen som gir størst reduksjon i antal drepte og skadde pr. krone, seier Westad.

Det pågår for tida arbeid med å setje opp veglys på ei ca 9 km lang strekning frå Vest-Agder grense til Moi. Når også dei nye 20 km med lys er på plass gjenstår det 41 km med lys på E39 fram til Skurve ved Ålgård.



Billegare gjennom Finnfast

Det er også klart at revidert nasjonalbudsjett legg til rette for reduksjon av takstane i Finnfast. Takstane blir justert ned med 25 % og trer i kraft frå 1. juli i år.

Det blir ingen endringar i forskotsbeløp eller rabattsystem. Reduksjonen betyr at taksten for liten bil blir 150 kroner utan rabatt eller 105/90 kroner med 30/40 % rabatt.



Meir til planlegging

Samferdsledepartementet føreslår også 40 millionar kroner i tilleggsbevilling for å setje Statens vegvesen i betre stand til å gjennomføre prosjekta i Nasjonal transportplan 2010-2019, i tillegg til å førebu NTP 2014-2023. Dette er midlar på nasjonalt basis.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.