Vassbakk & Stol fikk siste del på T-forbindelsen

  • arkivnyheter




- Den lokale entreprenøren leverte det lågaste tilbodet i slutten av november i fjor, og etter kontrollrekning er det altså klart at dei får kontrakten, seier Rune Sandven, prosjektleiar for T-forbindelsen.





- Kontrakten er ikkje underskriven enno, men dei kjem til å gå i gang med bygginga av vegen i løpet av januar månad, seier Sandven.





Vegstrekninga skal etter planen stå ferdig i desember 2012. Heile prosjektet T-forbindelsen opnar våren 2013.





Kontraktssummen er på 204.5 mkr. ekskl moms.





I kontrakten inngår bygging av ca. 7 kilometer veg frå Tuastad til Raglamyr. På denne strekninga skal det også byggast to landtunnelar. Dette er Husafjelltunnelen (687 m) og Spannavarden (260 m).