FORUM

Togrevolusjon

17. sep. 2003 - 17:03

jernbane

Jernbaneverket har lansert ein ny informasjonskampanje:"Ved å flytte 30 prosent av godstrafikken og 10 prosent av persontrafikken over på jernbanen, kan 40 menneskeliv spares i trafikken hvert år. Samtidig kan 1500 færre mennesker bli skadd."

Denne prisverdige ambisjonen står diverre i skarp kontrast til både Jernbaneverket, NSB og Stortinget sine faktiske framtidsplanar. I dag står norsk jarnbane for berre 7 % av gods- og 4 % av persontrafikken. Det ville altså krevje ein mangdobling av togtrafikken dersom jarnbanen skulle auke marknadsdelen sin med 30 % i gods- og 10 % i persontrafikken. Det klarer ein sjølvsagt ikkje med nokre nye kryssingsspor, einskilde dobbelsporavsnitt på det sentrale Austlandet eller andre kosmetiske investeringar som Stortinget har vedteke i Nasjonal Transportplan.

Så seint som i juni i år publiserte Jernbaneverket faktisk eit strategidokument der det mest omfattande utbyggingsalternativet auka jarnbanen sin del av persontrafikken med berre 0,4 (!) prosentpoeng. Jernbaneverket utviklar altså no ambisjonar utan konkrete planar for korleis ein skal kunne realisere desse.

Sjølvsagt er Jernbaneverket sine ambisjonar ikkje urealistiske. T.d. står jarnbanen for 20 % av persontrafikken i Sveits, og for 32 % i Japan. Men då må ein også byggje eit nytt banenett, utnytte jarnbanen sitt potensial fullt ut og realisere frakt- og reisetider på 50-70 % under dagens nivå. Norsk Bane AS har tidlegare vist kva dette vil kunne ha å seie for næring, miljø og økonomi. Velkomen etter!

Jørg Westermann

Dagleg leiar i Norsk Bane AS

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.