FORUM

Tog, veg, lønsemd og miljø

14. sep. 2004 - 10:03

Ein av påstandane frå Naturvernforbundet er at "Jernbanen kan for forholdsvis små midler bidra til å avlaste vegnettet og redusere etterspørselen etter mer forurensende transportformer som bil og fly" Samferdsel, TØI nr 6, 2004.

Det må skje eit bibelsk under om jernbana skal få gode økonomi og miljøresultat i den norske transportsituasjonen. Jernbana utfører 1 % av tonn og tonn/km som knyter seg til norsk varetransport internt i landet og til/frå utlandet og er ikkje særleg viktigare i persontransport. Årlege kostnader for toget på statsbudsjettet er over 9 mrd. kr og inntekter på berre vel 3 mrd. kr i snitt for åra 1990-2004. Dersom godstransporten går i balanse, kostar persontransporten 8 mrd. kr eller 340 øre pr person/km. Gjennom eit landsomfattande ekspressbussnett kan ein tilsvarande kollektiv persontransport produserast for 55 øre pr. person/km og 1 mrd. kr totalt.

Lat oss bruke eit konkret døme som eg hentar frå Ekspressbussmodellen 1992 som hadde store oppslag i norsk presse i perioden 1992-94: Dersom vi brukar 5 mrd. kr på utbetring av E134 /Haukelivegen med arm mot Bergen, vert dette ein godt køyrbar stamveg på 39 mil mellom Oslo/Larvik og Bergen/Haugesund og litt lenger til Stavanger. På denne vegen som er betalt av bilar og lastebilar med masse ledig kapasitet, vil ekspressbusstrafikken få kortare køyretid enn på Bergensbana og Sørlandsbana og om lag 70 halvfulle bussar ville tøme begge banene. Alle kostnader ved bussdrifta, medrekna rett betaling for vegbruk vil vere dekt med billettpris på vel 200 kr. Kostnadsdekning på banene vil krevje ein billettpris på 1500 kr pr reisande, men dei reisande betalar i snitt berre 500 kr. Berre energibruken ved brøyte og vedlikehaldskostnader til Bergen- og Sørlandsbana vil overstige energikostnadene ved køyring av 70 bussar à 250.000 km kvart år. Så kjem energikostnadene til bygging av ein eksklusiv køyreveg for litt rutetrafikk og framdrift av tunge tog. I vårt økonomiske system vert el-krafta i hovudsak produsert i kolkraftverk. Når toga går på vasskraft vert det mindre vasskraft til produksjon av aluminium som vert eksportert til Tyskland som reduserer produksjonen av elkraft der. Det er på tide at Naturvernforbundet legg fram nytta reknereglar for miljø og økonomi for tog kontra tilsvarande transport på veg og sjø.

Idar Mo, Sogndal

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.