ARKIVNYHETER

Statsbudsjettet 2009: Anleggsstart for 14 større nye vegprosjekt

Jarle Skoglund
7. okt. 2008 - 10:15


I tillegg vil det neste år bli sett i gang anleggsarbeid på ei rekkje mindre prosjekt, både på stamvegnettet og på såkalla ”øvrige riksvegar”.

- Desse nye vegprosjekta gir auka trafikktryggleik og betre framkome for folk og næringsliv, og er difor viktig for utviklinga i distrikta. Regjeringa satsar mykje på kollektivtransport i storbyområda, og saman med oppstart av nye vegprosjekt gir dette eit betre transporttilbod for heile landet, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Regjeringa går inn for å setje i gang desse nye større vegprosjekta i 2009, alle med eit kostnadsoverslag over 100 millionar kroner:





Stamvegnettet:

  • E6 Øyer – Tretten, Øyer kommune i Oppland
  • E39 Vigeland – Osestad, Lindesnes kommune i Vest-Agder
  • E39 Vågsbotn – Hylkje, Bergen kommune i Hordaland
  • E39 Torvund – Teigen, Høyanger kommune i Sogn og Fjordane
  • Rv 70 Brunneset – Øygarden, Tingvoll kommune i Møre og Romsdal (vedteke delvis bompengefinansiert)
  • E6 Majavatn, Grane kommune i Nordland

For såkalla ”øvrig riksvegnett”, det vil seie riksvegar utanom stamvegnettet, er det for neste år lagt opp til anleggsstart på desse nye, større vegprosjekta:





  • Rv 47 T-forbindelsen, Haugesund, Karmøy og Tysvær kommunar i Rogaland (med føresetnad om tilslutning til delvis bompengefinansiering)
  • Rv 510 Solasplitten, Sola kommune i Rogaland (med føresetnad om tilslutning til revidert opplegg for Nord-Jærenpakken)
  • Rv 609 Dalsfjordsambandet, Askvoll og Fjaler kommunar i Sogn og Fjordane
  • Rv 616 Bremangersambandet (Langesjø – Kolset), Bremanger kommune i Sogn og Fjordane
  • Rv 60 Hellesylt – Strekanetunnelen, Stranda kommune i Møre og Romsdal
  • ¿ Rv 717 Sund – Bradden, Rissa kommune i Sør-Trøndelag
  • ¿ Rv 78 Toventunnelen med tilknytingar, Vefsn og Leirfjord kommunar i Nordland (med føresetnad om tilslutning til delvis bompengefinansiering)
  • Rv 858 Ryaforbindelsen, Tromsø kommune i Troms (med føresetnad om tilslutning til delvis bompengefinansiering).




Med budsjettforslaget for 2009 vil ein ha starta alle større investeringsprosjekt som var planlagt starta i handlingsprogrammet til Statens vegvesen for 2006-2009, med unntak av prosjekt der det manglar planavklaring, med bakgrunn mellom anna i motsegn frå lokale styresmakter.

Les mer om:
Del
Kommentarer:
Du kan kommentere under fullt navn eller med kallenavn. Bruk BankID for automatisk oppretting av brukerkonto.